onsdag 29. juni 2011

Gangen vår

Me har lenge snakka om å pussa opp gangen vår. Så longt har me fjerna døra mellom vindfanget og resten av gangen samt at me skifta ut den gamle inngangsdøra. No har eg kjøpt ny lampe og nokre nye korger frå Ikea slik at me alle har ei korg kvar til huer, sjal, vottar osv osv.

apartmenttherapy.com    

Planen er kvite veggar med svarte kontrastar, Ribba rammer frå Ikea med ymse innhald ;) Har snopa meg nokre flotte print frå FlyShop hos Fru Fly blant anna. 

Me har smal gang, så den er litt vanskelig å møblere, hadde den vore berre bitte-litt breiare så ville eg svært gjerne hatt ein sånn lekker benk som hos At home with Nina, den er jo super til oppbevaring også.

athomewithnina.blogspot.com

Nåke så lekkert altså... Heile huset til Nina er delikat og innbydande - blir så inspirert! Anbefaler å besøka bloggen hennas, du finn den her. Den har vore ukas blogg hos Boligpluss.no og der finn du og flotte bilder, sjå berre her.

So far so good, neste steg er ut å finna fargeprøvar på kvitt, det blir i morgon :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!