tirsdag 28. juni 2011

Sommarregn...


Kalenderen viser 28. juni i dag, det er varmt og godt ute, heile 20 grader, føles faktisk varmare ute enn inne... og det regnar. Det regnar så mykje at yr.no i går kom med flomvarsel for Rogaland... Jepp - FLOMVARSEL! Eg har vore ute og redda under tak balkongkassane og krukkene så sommarblomane våre ikkje regnar i hel stakkar. 


Og for å sikra litt kos inne har eg tent te-lys og har på litt kose musikk :) Men ikkje høgare enn at eg kan høyra bulderet frå torden været, det må jo bety at me har nokre god-vær skyer i nærheten også.


Dei regnvåte blomane kjøpte eg på Europris før 17. mai, aner ikkje kva dei heiter, men synest dei er kjempe søte og det ser ut for at dei blømer villig heile sommaren og treng kun vatn. Det runde serveringsbrettet kjøpte eg på Living før jul, speilfatet som står inni kjøpte eg på Kremmerhuset for ei tid tilbake. Lysestakane har eg kjøpt litt her og litt der opp gjennom åra ;)



No skal eg krølla meg saman i god-stolen og klappa meg sjølv på skuldra og vera SVÆRT nøgd med at eg faktisk har laga mitt aller første innlegg her hos Frøken Fryd :) Og så skal eg kryssa fingrane for at me får mange gode, varme og rolige sommardagar som dei me hadde for nokre veker sidan ein speilblank sommarkveld på naustet...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!