onsdag 13. juli 2011

Sommerfugler


Eg ELSKER sommarfuglar. Dei er så skjøre, elegante, delikate og fine - forbinner dei med sommar og sol og glade dagar. Dette flotte printet har eg funne på Etsy.com, det er Eva Juliet frå Quebec i Canada som er kunstnaren bak dette, ho har fleire fine som du kan finna her. Eg har ikkje fått hengt det opp enno, men det er komt i ramme og eg veit sånn omtrent kvar eg skal ha det ;) problemet er berre at det er på veggen over trappa - så det krever at Herr Fryd går inn i Spiderman rolla for å henga det opp... 

Hagedronhagen.dk


Dei fleste av dåke har gjerne sett eit av desse sommerfuglbildene over også... Eg har eit slikt som skal få komma i ramme snart, skal berre... ;) Du finn mange flotte print frå denne herlige danske sida "Hagedornhagen" her, dei sender til Norge og det tok slett ikkje lang tid.

Om du har lyst på eit gratis sommerfugl print så kan du finna ei gratis nedlasting her som du berre printer ut om du har fargeprinter. Den er ganske skjønn, og i følge printet så er den i frå 1883...




Likar du sommarfuglar? Eg har høyrt ein stad at det er noko som heiter "sommerfugltre" som skal trekka til seg sommerfuglar, det måtte jo vera midt i blinken for vår hage. Nokon som veit kva dette treet eigentlig heiter?

No er det så flott vær her hos oss at eg rett og slett må ut med beina høgt, nåke godt og kaldt i glaset og retta nasen mot sola - eg skal slurpa i meg D vitaminer. Og medan eg gjer det skal eg planlegga nye flotte ting som me kan gjera i hagen. Eg har nokre inspirasjonsbilder som eg vil dela med deg, som eg har fått låna av skjønne Jenny som har bloggen Signerat 71. Sjå kor lekkert ho har det!!

Lånt med tillatelse fra Signerat 71

Lånt med tillatelse frå Signerat 71

Må berre dela eit til inspirasjonsbilde som eg fant på nettet, husker berre ikkje kor. Eg har lagra det på navnet beloved by Linda.


Beloved by Linda

Lurer du på korleis hagen vår ser ut foreløig så kan du sjå det her. Men no, NO, skal eg ut i sola og la inspirasjonen fløyma over meg. Håper sola skin der du er også! Tuddelu så lenge :)

Klem Eli

1 kommentar:

  1. Jeg er også veldig glad i sommerfugler og det er et tema som går igjen på 5-åringen min sitt rom :) Har vært på jakt etter et fint veggord om sommerfugl til veggen hennes og fant et på Etsy.com som jeg straks skal bestille :) Ha en strålende og forhåpentligvis solfylt julitorsdag! Klem

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!