onsdag 3. august 2011

Personlig kunst



 

All kunst er vel egentlig personlig, men den kunsten eg set mest pris på i huset vårt er den som er laga til oss av dei me er glad i :) Når den personlige kunsten får henga i lett blanding med kjøpe kunsten, då synst eg det er heime koselig. Dette flotte biletet har mitt skjønne søskenbarn laga til meg, eg blei så glad, og endelig har det komt opp på veggen også, det har vore i ramma lenge.





 
 



Biletet over her er skapt av eldstemann Fryd, på bursdagen til Frøken Fryd faktisk, då var han berre ein liten knott på fire år. Elsker dei små avtrykka av nevane hans, som ikkje er spesielt små lengre. Det er så koselig, og har så fine fargar. Eldstemann har det på rommet sitt, men kanskje, om eg er heldig, får eg låna det til å integrera blandt bildene ellers i heimen?











 





Dei to bileta over her er det minstemann Fryd som har skapt - han har faktisk sagt at han skal bli kunstnar. Han elsker å teikna, mala og skapa. Ein gong når me var hos kunstnaren Annu Allikas (innlegg om ho kjem seinare ein gong) så var han heilt i himmelen, me skulle henta nokre figurar som me hadde bestilt hjå Annu og Erlend var kjempe inspirert etterpå. Det var vel første gong eg faktisk høyrde han sei at han ville bli kunstnar :) Ingen brannmenn eller politiar her i gården nei... Eldstemann skal bli fotballproff og spela for Manchester United ;)

Kva  har du på veggane dine?

No har eg mala ferdig to veggar i gongen, og blitt ferdig med første tre grunnstrøk på eit DIY prosjekt eg har. Gleder meg til å visa det! Men no skal eg ut i sol og varme, jippi!! Ha ein varm og god onsdag :)



Sommarklem frå Eli

2 kommentarer:

  1. Det er kjekt med kunst på veggene som har en spesiell betydning ja! Fineste bildet jeg har fått, laget datteren min i barnehagen. Hadde malt rosa på lerret og med blanke steiner, "for det liker jo du mamma". * smelt! * Ellers har vi en del av mannens foto på veggen, forstørret og i rammer. Motivene er fra Miami, som vi elsker :) Ha en glitrende torsdag! Klemmer

    SvarSlett
  2. Kjempestilig!
    Jeg er også glad i personlig pynt! Både kjøpt og hjemmelaget. Elsker å ramme inn tegninger frøkna vår har laget, men nå begynner hun å protestere litt på det... Sju år, og meget bestemt:)

    Finfint fornavn du har *knis*
    klem fra Eli

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!