søndag 30. oktober 2011

Kose helg







Denne helga har eg og Fryd-ungane vore på Stord, og gjett om me har kosa oss! 
Me har budd hos Mamma og Pappa Fryd og fått svært godt stell, som vanlig.
Frøken Fryd har vore med venninnene sine og gjort Frøken Fryd ting, Fryd-ungane har lekt med gode venner og så har me sjølvsagt kosa oss mykje i barndomsheimen til Frøken Fryd. 
Me har hatt besøk av Onkel Ole og Tante Kjersti og Frøken Fryd har også vore på besøk hos "store søstra" si, som egentlig ikkje er store søstra, men tante, og fått gode klemmar og koslige samtalar med både ho og søskenbarna sine. 
Frøken Fryd har til og med vore på byen med dei usedvanlig skjønne venninnene sine, på stamplassen i frå gamle dagar, Frugård. Good times! 
Me mangla fine-fine EM, men det tar me att. 
Me sakna smilet og den gode, blide energien din EM















Dette super koselige inngongspartiet som dåke ser bilete av her, 
er heime hos Frøken Fryd sin kjære venn, Tutto. 
Eg er så heldig at eg fekk lov å ta bileter så eg får dela den gode stemninga med dåke.











Tutto er ei fantastisk jenta, og ho er så heldig at ho er like fin inni som ho er utanpå! 
Tenk det da  
Og som dåke ser så er ho god på dei små detaljane. 
Mosekula har ho laga sjølv. 
Bjørkehjertet også. 
Frøken Fryd er så heldig at ho har fått med seg eit kjempe flott, stort Bjørkehjerte, 
eit lite Bjørkehjerte 
og ein krans som Tutto har laga spesielt til Frøken Fryd.
Tutto har eit stort hjerte



















No har Frøken Fryd og Fryd-ungane fått deilig kjøttkaker til middag hos Fryd Mammo og Fryd Papsen, og no er det ikkje så lenge før me set oss i bilen og køyrer heim til Fryd Heimen i Stavanger. 
Men først skal me nok spisa litt kake tenker eg. 
Mmmm.


Har du hatt ei fin helg?


Klem Eli 

torsdag 27. oktober 2011

Frøken Fres



Hekkans  ☠ $£ bussjåfør (Google.com)




I dag skal dåke få helsa på Frøken Fres.
Frøken Fres har kjørt bil og blitt på bussjåførar.
Ikkje berre ein bussjåfør men to bussjåførar på samme strekning - i samme kø!
I dag har Frøken Fres vore ufin i munnen sin, ho sa " bussjåfør!!!" enno ho hadde sitt 8 år gamle barn og Herr Fryd i bilen.

Huff og huff.



Fork you (Google.com)



Det kan til og med henda at det flagra nokre fingrar, og det kan henda at det vart tuta... Håhå, jaja!! Frøken Fres blei varm i hovudet sitt!

I Stavanger likar dei veldig godt veiarbeid, faktisk likar dei veiarbeid så godt at dei driv med det heile tida. Og i dag vart Frøken Fres eit intetanande offer for aggresive bussjåførar som følger dei trafikkreglane som heiter: "den som har størst og grønnast bil eventuelt buss har alltid. A L L T I D! forkjørsrett, uansett. U A N S E T T!"

Dei trafikkreglane hadde ikkje Frøken Fres i teoriboka si, og naiv som ho er så trudde ho at det var første bil til mølla, eventuelt første bil inn i det smale partiet, som gjaldt. Men Frøken Fres tok jo fryktelig feil...! I det første tilfellet så kan det jo tenkast at det var litt uavgjort, og for å vera "the bigger person" liksom så sukka Frøken Fres teatralsk, såg bussjåføren djupt inn i augo, rista på hovudet og satte bilen i revers. Det måtte bilen som låg bak Frøken Fres også gjera, og bilen som låg bak bilen som låg bak Frøken Fres, og bilen som låg bak bilen som låg bak bilen som låg bak Frøken Fres. You get the picture... Ok...



Google.com



Den store, grønne bussen kom forbi, og det gjorde køen bak den også. Det var fri bane, og Frøken Fres heiv bilen utav revers og gassa friskt på og kom ca. halvveis gjennom innsnevringa på veien, og så kom der enno ein buss, og trur dåke ikkje han freidig heiv seg inn i innsnevringa?

Stoppa bussen?
Nei!
Stoppa Frøken Fres?
Nehei!!


Så der sto me då, til slutt, front mot front... Frøken Fres vifta med fingrane mot bussjåføren for å visa at han måtte rygga. Han var heilt sjokkert! Rygga?? HAN???

Rygga bussen?
Nei!
Rygga Frøken Fres?
HELL N!

Frøken Fres tutar, og viftar med enno fleire fingrar. Bussjåføren er framleis like sjokkert... Han med den store, fine, grønne bussen. Rygga?? Han???

Då kom redningsmannen:



Google.com




Han var kanskje bitte-litt eldre, han hadde kanskje skjorte på, og kanskje gul hjelm, og kanskje var håret grått. Men det var ein working man. Og han redda situasjonen. Han hadde lese samme teoribok som Frøken Fres. Bussen måtte rygga.

Oh sweet victory!
Moahahahahahahahaha


 

onsdag 26. oktober 2011

Kaffi Kos







Etter at vår kjære, kjære Nespresso Citiz n'Milk kom i hus har det blitt mykje kaffi kos i Fryd Heimen, myyyykje kaffi kos! Herr Fryd er veldig barsk og mandig og drikk svart kaffi, Frøken Fryd synest at kaffi med litt melkeskum og sjokolade sirup og gjerne eit bitte lite dryss med kanel er heilt topp.

Men det har ikkje alltid vore sånn...
Eg har i mange år vore ein aldeles grusom gjest, ein "ikkje-kaffi-drikkar", det er verste sort det!
Bestemødre og fedre og tanter og onkler har slitt seg i håret i fortvilelse over dagens ungdom (yeah right...ungdom liksom...) som ikkje drikk kaffi. 
Kva i alle dagar kan me servera då? Te? Eg er ikkje så glad i te heller eg... 
Å kjære verden, hårtustane fauk og augebryna vart til pannelugg? Ikkje te heller? 
Men kva kan me servera deg då?
Likar godt vatn eg altså, kaldt vatn i frå kranen? Ja??
Takk og lov for at eg har blitt vaksen, og kan ta i mot ein kopp kaffi - vertskap i det longstrakte land kan no pusta letta ut og bruka energien sin til longt meir konstruktive ting. Frøken Fryd drikk kaffi... Hallelujah!








Etter å ha vist desse bileta er det vel ikkje mykje tvil om kva Frøken Fryd skal til med no... Ein god kopp med kaffi og eit aldeles ulest Bo Bedre som eg fekk på Damenes Aften på Bohus. What's not to like?

Drikk du kaffi?

Klem Eli

søndag 23. oktober 2011

SunDAY







YES! Då har me fått Day putene i sofaen, og Frøken Fryd er meget fornøyd! Som tidligare nevnt så er det Anita frå Ølen Møbel som har ordna det slik at Frøken Fryd fekk oppfylt sin aller største putedrøm!







Denne helga har Fryd Heimen hatt koselig besøk av Onkel Ole og Tante Kjersti. Kjempe kjekt! Onkel Ole etterlyser bilete av seg sjølv her i Frøken Fryd bloggen, og det er klart at det skal me ordna.










Så alle saman, her er min kjære lillebror, Olemann! 











Eg kan ellers melda at eg har baka knekkebrød på nytt i dag, MED bakepapir, (jada - eg veit eg er ei pysa...) og det gjekk veldig bra! Så bra faktisk, at eg trur eg bruker bakepair neste gong også...  Dei blei veldig gode, og det er jo uhyre enkelt og fort å laga dei - sånn ca. 20 minutt frå du begynner og til du tar dei ut av ovnen. Og når dei er litt lune MED brunost på - ja då er det godt altså.

Ønsker dåke alle ein framifrå søndag ettermiddag og kveld! 
Klar for ny veka? 

Nokon som har noko dei gleder seg EKSTRA mykje til, denne veka? Fortell då vel!

Klem Eli


torsdag 20. oktober 2011

Bakepapir er for pyser!







I dag har Frøken Fryd bakt knekkebrød med stor suksess, og bakepapir er for pyser fant ho ut.
Det er heilt klart mykje tøffare å hakka knekkebrød biter frå langpanna enn når dei smidig vert vippa opp og lagt heile og fine på fat. Jåleri spør du Frøken Fryd (muligens kraftig inspirert av Sharon Stone frå Basic Instinct?).







Anledninga for knekkebrødbakeriet var besøk av Tutto. Me var nemelig på Damenes Aften på Bohus i går. Der var det 449 damer og ein mann... Han er sikkert kjempe glad i kåna si, eller nåke sånt, sidan han til og med måte være med ho på Damenes Aften - såg ikkje ut som han skjems ein plass i alle fall. Men altså, når me har Tutto på besøk så er det klart at me må diska opp litt ekstra og laga knekkebrød biter til frukost. Me koste oss og hakka laus knekkebrød biter og slarva og skvaldra og drakk kaffi med melk. Og etterpå det var det bytur, med shopping og deilig lunsj på Food Story. Jammen er det kjekt å ha Tutto på besøk - ho er velkommen att anytime!

Er det nokon som lurer på oppskrifta på knekkebrød så er den som følger:

6 dl frø (linfrø, gresskarkjerner, solsikkefrø, sesamfrø)
3 egg

Bland i saman, smør massen utover, om du er ei skikkelig pysa så kan du bruka bakepapir. Steikast i ovnen på 185 grader om du brukar varmluft og 200 grader om du ikkje bruker varmluft. Står inne i ca. 18 minutt. Easy peasy og heftig godt - i alle fall om dei vert servert lunkne og med brunost...

Lykke til da!

NB! Oppdatering:
Ikkje nok med at eg har hatt herlig-herlig besøk, i dag tok to super skjønne venninner meg ut på byen, me skulle egentlig drikka kaffi (og det gjorde me også til slutt) - men det gjekk med litt vin også gitt. Har ledd mykje og hatt det kjempe fint. Takk, takk og tusen takk til Veronica og Grete :)

mandag 17. oktober 2011

Hah!



Foto: Google.com





Frøken Fryd har dradd med seg sin juicy behind på spinning i dag også, og der var ho der perfekte dåke veit - ho som svetta hjerter... Og eg kan med glede, og ein rimelig stor andel skadefryd, melda at det var ikkje eit svettehjerte i sikte i dag. Puh! Note to self; "stop practicing to sweat hearts, must concentrate on blogging instead".



Foto: Google.com etter tips frå fine-fine SvigerinneEvy :)


Så då mine damer, og muligens herrer, kan dåke pusta letta ut!

Ha ein fabelaktig mandagskveld - og ei magisk (faktisk!!) ny veka.

Klem klem

Du er ein knupp!







Ja, det er deg eg snakker om!
Du som les bloggen min.
Du som gidd å klikka deg inn og lesa skribleriene mine.
Du som skriv koselige og oppmuntrande, positive og varme, energigivande og gledande kommentarar.

Eg set så uendelig stor pris på deg!







Å komma heim i frå jobb og sjå at det ventar glede i mailboksen.
Klikka seg inn på bloggen, og med smil om munnen lesa dei fine kommentarane.
Å sjå på tellaren at, joda, det var nokon som tok seg tid i dag også.

Det betyr mykje for meg, og det gjer meg så glad. Så eg ville egentlig berre seia takk! Så TAKK!!
Bloggeland er eit fantastisk land - fylt av positivitet og feel good, velvilje og kjærlighet, og ikkje minst humor... (jada, eg veit at eg gjentar meg sjølv her - men ein god ting kan ikkje gjentas for ofte... eller?).

Lykkelig, glad og stolt klem i frå Eli  




Trykk her for å komme til KeepCalmGallery


søndag 16. oktober 2011

Frøken Fryd goes EPLA







Då har eg hoppa i det og oppretta Epla butikk :)
Du finn link til den oppe i høgre hjørne på bloggen.
Foreløpig ligg det ute nokre armbånd og to smykker.
Dette er sjølvsagt ting som Frøken Fryd har laga sjølv.



















Eg kjem nok til å tipsa her inne på bloggen når eg legg ut nye ting.
No har eg satt bolledeig, me får besøk av nokon som kjem innom på vei til Tenerife...
Sjølv om eg er bittelitt missunnelig på dei som skal til varmare strøk så er det heldigvis ein super flott haustdag her i Stavanger - og då er det jo så fint og godt å vera her også :)

God søndag til deg!

Klem Eli

fredag 14. oktober 2011

Kameler og problemer



Foto: George Steinmetz



God fredagskveld, godt folk!
Eg såg dette bildet i dag, og syntes at det var utrulig tøft!!
Så det måtte berre delast rett og slett :)
Men så er det ei historie bak dette bildet... Sjå nøye på det...

Bildet er tatt frå rett over kamelane i ørkenen i solnedgangen. Og det er visst blitt årets bilete.
Når du ser ordntlig godt etter på bildet så ser du at kamelane berre er som små forhøyningar i sanden, dei svarte figurane du ser er rett og slett skuggen.

I teksten som fulgte bildet så kom det nokre sanne ord, og det er at av og til ser problema våre ut for å være så store som skuggane sine, mens dei i realiteten er ganske små. Det er eit spørsmål om perspektiv.




Korleis har du det i kveld? Eg håper du har det riktig riktig godt!



Klem Eli

onsdag 12. oktober 2011

Black beauty







Då er ho komt i hus, Black Beauty, Nespresso Citiz n' Milk...
Oh Joy!
No kan også mor i heimen drikka kaffi, den er goood goood goooood!









Her i Fryd Heimen er det mini-haustferie i dag. Frøken Fryd har fri om onsdagen, storebror har hatt fri alle dagane, han går jo i 7. klasse må veta, og lillebror har fri frå SFO i dag. Me har hatt boller til frukost (!!) og no fortset me festen med popcorn, brus og film.







Her ser dåke også det fine koppestativet vårt, det står og viftar med dei ledige knaggane og er SÅ glade for at Frøken Fryd får lønn på fredag slik at ho kan kjøpa dei planlagde koppane, då vert lukka fullkomen ja. For koppane får bein å gå på no, det er sikkert, med heile to kaffi drikkande vaksne i heimen ;)







I kveld skal eg på jentekveld - så dette er ein fin-fin dag må eg seia :) Men no må eg fortsetta med kosing her eg. Livet er herlig, dåke!

Klem Eli

tirsdag 11. oktober 2011

High Five og takk!



Foto: Hviit.no


Høyrer du Borat inni hovudet ditt no?
Stilig pute, eller? Me skal få sånne no. To stykker.
Jepp! Kjære Herr Fryd, eg har nok diverre gløymt å innformera deg om dette. 
Men me skal altså få to slike über-fantastisk-fine-kule-lekre-heftige Day Home puter med hånd på. 
Når eg tenker på at me skal ha sånne lekker-biskner i sofaen så er det nesten slik at eg ikkje får pusta, heilt sant! Blir litt kortpusta - glassaktig blikk - bratt i nakken og eit fenomenalt breitt smil om munnen!
Og kven er det som sørger for at eg er så heftig og begeistra? Joda, det er Anita det!
My Home Anita. Ølen Møbler Anita. Ho som det burde vore bilete av ved 
sidan av "ekstra-service" på Wikipedia! Ho som har redda dagen. 
Eg likar Anita. Eg DIGGAR Anita!
High Five! 


Så tilbake til 
kjre, kjre Herr Fryd.
Eg veit at me har mange-mange-mange 
puter i sofaen. Og eg veit at når to nye kjem inn, må to gamle ut. 
Og eg veit kva for nokre som skal få flytta ned i kjellerstova. Har tenkt på alt eg ser du.
Og du veit, Herr Fryd, at dei putene som er nede i kjellerstova, dei er gamle altså, 
det var virkelig på tide å oppgradera bittelitt i pute-parken der.
No når det er begynt å komma sånne små interiør
spirer (les fjortis jenter) i kjellestova vår
så må jo standarden hevast.
Ingen tvil om det, nei.
Så det så...



Foto: Blackballon.se




TAKK
Eg må berre få
takka for alle dei fabelaktige
tilbakemeldingane eg har fått på dei
to forrige innlegga mine! For ein gjeng med
goingar dåke er! Eg er heilt overvelda! Eg blir så
enormt glad! Og det er så kjekt å sjå at det heng seg på
fleire her inne. Eg blir veldig inspirert av det, og stolt, det må 
eg innrømma altså. Dette har jo raskt utvikla seg til å bli "My
Happy Place". Rett og slett! Når eg loggar meg på så smiler
eg, kjenner forventingane stig. Når eg les alle dei herlige
innlegga som blir posta her i bloggeland, nokon er
 jo reine kunstverka, andre er sterkt personlige,
nokon er kjempe morsomme, og samtlige
er inspirerande. For ein super super
plass det er å vera, i blogge-
land! Så mykje positivitet
og velvilje og godhet.
Herlig!! Så igjen -
TAKK

mandag 10. oktober 2011

Ufordragelig!







Eg har vore på spinning i dag, 
faktisk så har eg no klart å gjera det til ein vane å gå mandag og onsdag,
feel free to applaud me... (les: do it!!!). 


I dag satt eg bak ei sånn irriterande perfekt berte.
Longe, slanke bein, solariumsbrun, blond og fager og ho hadde 
sjølvsagt treningsklede som matcha.
Ho haldt takten til musikken på alle songane, 
til og med på dei hardaste partia, og det var ikkje pusting og pesing og stønning som ho 
ikkje-fullt-så-strømlinje-forma-og-gjennomført-i-treningstøyet-svette-Frøken-Fryd
som satt bak, ja, meg altså! Det er faktisk ikkje alle som er bygd for fart og spenning!
Og trur dåke søren meg ikkje at når ho svetta, så var det også perfekt?
På korsryggen hennas danna det seg eit svette - WTF!?!
I kid you not!! Svetten var forma som eit
 Er det mulig? For eit hååån!

Eg hadde på meg Redda Joppe Død Eller Levande t-skjorta mi, 
og Joppe - han drukna...

lørdag 8. oktober 2011

Buddah Bling







Jada - då har eg vore innom på Perlehuset att, farlig å gå inn der altså! 
I dag har eg handla inn litt lavasteinar til ein bestilling eg har.
Er SÅ mykje som fristar.






Med deilig haustsol i ryggen har eg produsert nokre
skullarmband av lavasteinar med
Buddah Bling.















Men eg fant nokre andre godbitar også, 
nemelig skull med glimt i auga, sjå her så lekre!











Eg har laga meg ein konto inne på Epla.no og vurderer egentlig 
å starta å selga armband og smykker som eg produserer der.
Det vert forferdelig dyrt om eg skal bruka alt som
eg lagar sjølv, kjekk hobby men veldig dyr.
Eg har funne ei side på nettet som 
heiter Fusion Beads
og der har eg
bestilt
litt.







Buddah og skull perler
som eg tenker laga armband av.






Men det hadde jo vore greit å sjekka stemningen først,
er dette ein god ide? Er dette noko som folk har lyst å kjøpa?
Eller er det berre eg som synest at dette er stein tøft? Las inne hos
Frk. Virrum at hodeskaller er på vei ut. Er det sant? Det er jo
så mykje tøffe ting med hodeskaller på? Eg har blandt
anna sett eit Beck Søndergaard sjal med hodeskallar
på, det hadde egentlig gått ut av prodkusjon
men på grunn av stor etterspørsel så
skulle dei visst laga fleire, og
Kull venter inn nokre
no om ikkje så
lenge...


Takknemlig for tilbakemeldingar på dette!
God helg godt folk! Her skin sola og det håper
eg at den fortsett med, då er det ekstra kjekt med
hausten altså :) No skal eg setta meg ut og få
518 frekner og ein deilig dose D-vitamin!


♡ Klem Eli