onsdag 30. november 2011

Tusen takk!





I dag må eg få lov å takka så mykje!
Men eg veit ikkje kven eg skal takka?
Eg har fått ei gåve i posten.
Utan avsendar.
Heldigvis tikka den ikkje!







Avsendaren kjenner utvilsomt til smaken min da - traff midt i smørauga.







No har eg dessverre ikkje sett så mykje på CSI, for då hadde eg sikkert vore full i tips og triks om korleis eg kan finna ut kven avsendaren er.







Dersom det er nokon som plutselig kjem på at: "Oj, det var jo meg jo!"
Sleng gjerne inn ein kommentar under her.
Eg vil jo gjerne retta takka mot den som fortjener det.
For eg vart jo veldig - veldig glad!







Ellers så vil eg gjerne få takka Martha for at ho åpna huset og inviterte til bloggtreff!
Eg har nemelig vore på bloggtreff i dag. SÅ kjekt!
For ein super gjeng altså...
Nett som om me har kjent kvarandre lenge -
og så har eg møtt dei fleste berre to gongar, inkludert i dag.
Føler eg har fått nye venner i dag - and I LIKE it!

Og for dei som lurer litt på det nye spiserbordet vårt.
No har Herr Fryd montert det altså - yadda!
Me har no heile TO spisebord i stova.
Nåken som har lyst å kjøpa eit Bombay spisebord?
Det blei litt i overkant med to fant me ut.
Berre til å gje beskjed ja...

Klem Eli

Det gleder meg





å melda at det er nummer 15 som vinn ein Eva Solo Showcase i dag, random.org hjalp til i dag også :)







Og for dei som undrar over kven nummer 15 kan vera så er det Susanne! Ho har bloggen Susanne - Mamma til lille Celin, og no er eg spent på kva ho vil visa fram i sin Eva Solo Showcase.







Gratulerer så mykje, Susanne! Fint om du kan gje meg adressa di slik at Eva Solo Schowcasen kjem trygt fram til deg.

Klem Eli

mandag 28. november 2011

EndELIg






No er adventstaken på plass, med stæsj!
Eg prøvde hardnakka å være litt sånn nonchalant og ikkje stressa med å visa fram adventstaken, mhm... Klarte meg nesten til tirsdag.

Om nokon tru at det ligg to sigarsneipar i mosen så er det feil altså.
Det er faktisk kanelstenger - og dei duftar meget smukt i motsetning til sigarsneipar!







I tillegg til "sigarsneipane" så mysta eg litt stjerne anis og nellikspiker i mosen - dufte dufte!
Det føltes ganske forløysande å få på plass adventstaken - eg vart som dåke såg værfast på Stord.
Ikkje at eg vart behandla ufint av andre enn DusteBerit, berre slik at det er sagt. Når eg er heime hos mamma og pappa så er det jo service av ypperste klasse - sjølv om eg er voksen. (Ikkje så voksen at eg ikkje måtte ha det gøy med overskrifta... Nåken som tog' an??)







Mørke og fæle og kornete vart bileta - det drit eg i (mhm... ganske tøff og nonchalant).
Men no er staken dokumentert. Adventstaken (for all del).







I dag har me forresten fått nytt spisebord. Det ligg på magen på stovegolvet med alle beina spredd. No ser det ut som at me har kjøpt eit billig bord, med tanke på dei spredte beina, men det er det altså ikkje. Ingen tøsebord her i huset takk!

Kanskje me får det på plass i morgon. Kanskje på onsdag, torsdag eller fredag... Me får sjå. Det ser fint ut i alle fall. Og eg er blitt informert om at det var ganske tungt, sånn ca. 117 kg (nett som Frøken Fryd omtrent då). Herr Fryd bar det sjølvsagt med letthet opp i stova. No er det i alle fall UT med Bombay bordet. Kanskje Berit kan få det?







Ellers så fekk eg ei overrasking i posten i dag. Ei gledelig overrasking! Den skal sjølvsagt dokumenterast, men sidan eg er voldsomt takknemmelig og voldsomt skikkelig så skal eg venta til onsdag - slik at eg får tatt bilde i dagslys.

Men no må gamle damer gå og legga seg, det er langt over leggetid for dei som ikkje vil ha trøtte tryner.

God natt min skatt med fløyelshatt!

søndag 27. november 2011

Verdas beste!





Frøken Fryd har venninnehelg på Stord.
Frøken Fryd har kun vore Frøken Fryd denne helga.
Frøken Fryd koooser seg!







Frøken Fryd tok bussen frå Siddisland til Sommarøya torsdag etter jobb.
Frøken Fryd var på forening/klubb med fantastisk kjekke venninner torsdag kveld.
Frøken Fryd var på Frugård med fantastisk kjekke venninner fredag kveld.







Frøken Fryd var på Frugård igjen laurdag til lunsj i lag med verdas kjekkaste brødre.
Frøken Fryd fryda seg over at ho har verdas to kjekkaste Kjersti'ar til svigerinner, og at ei av Kjersti'ane også var med til lunsj på Frugård på laurdag.
Frøken Fryd lyt også helsa til verdas kjekkaste svigerinne Evy!
Frøken Fryd er veldig VELDIG heldig!







Frøken Fryd har gjort ting ho ikkje kan i verdas vakraste heim i dag.

Frøken Fryd tipsar om bloggen Landeveg om nokon vil sjå fleire bilete frå verdas vakraste heim.
Frøken Fryd lyt også takka verdas kjekkaste venninner for ei fabelaktig helg - dåke er best

Frøken Fryd kan muligens visa kva ho har gjort som ho ikkje kan litt seinare i veka, og visar i mellomtida til biletet over...

Frøken Fryd er litt skeptisk til Berit som bustar seg skikkelig til no, og om Berit faktisk er så full i onsdap og blest at Frøken Fryd ikkje kjem seg over Boknafjorden i morgon...

Om nokon lurer på om Frøken Fryd har hatt ei av verdas beste helger så medfører det riktighet. No skal Frøken Fryd få seg litt skjønnhetssøvn.

Me snakkast, verdas beste lesarar. 


♡♡♡

Oppdatering:
BitreBuste(duste!)Berit la kjeppar i jula for heimreise til Stavanger. Så Frøken Fryd er værfast på Sommarøya og tar bussen til Siddisland i morgon tidlig i staden for. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko... Bror min kom med nybaka gulrotmuffins som han og KjekkeKjersti hadde baka, så då fekk me nyta det til kaffi. Og så var det god gammaldags kveldsmat med kokt egg og te i saman med mamma og pappa. Eg har til og med vore på garasjeloftet i saman med mamma og funne nokre flotte, gamle Norges glas. Elsk!

lørdag 26. november 2011

Husk gje bort'en





Juhu alle der ute som kunne tenka seg ein showcase i frå Eva Solo. 
No har du sjansen til å vinna ein altså :) 
Det kreves ikkje mykje av deg heller, you can do it!

For å vera med i gje borten vil eg at du tar turen innom til Eva Solo si heimeside, 
som også er nettbutikk, og har deg ei lita kosestund og nyt alle dei flotte produkta deira. 
Eg er sikker på du finn noko du har lyst på, og kanskje er det nett i dag du handlar inn di første julegåve frå Eva Solo sin nettbutikk? Og så må du legga att ein kommentar på dette innlegget. Det er ikkje verre enn det altså. Dersom du ikkje har egen blogg så må du legga att mailadresse 
eller eit anna kjenneteikn til meg.

Trykk deg inn her og legg att kommentar om du vil vera med i trekninga.
Den foregår her inne hos Frøken Fryd onsdag 30. november.
Lykke til!!

onsdag 23. november 2011

Spelar det nokon rolle?







For nokre dagar sidan så las eg eit innlegg som fine Lina med bloggen Huset i Skogen laga. Og då merka eg at eg vart voldsomt engasjert. Innlegget heiter cupcakes & feminisme. No trur du kanskje at eg skal skriva eit brennande innlegg om kvinnekamp & de, men det var ikkje heilt det eg tenkte på. Eg tenkte på roller, roller som me har i kvardagen, både kvinner og menn. For er du den samme heile tida, uansett kvar du er og kven du er med?


Jacob og mamma


Eg er mamma, det er ei stor og viktig rolle - den tar stor plass i livet mitt - og eg elskar den. Då er eg ansvarsfull, omsorgsfull, kjærlig, støttande, streng, oppdragande, engstelig, usikker, masete og rett som det er - verdas teitaste!


Frøken Fryd (i uskuldsrein, kvit topp) i søskenflokken og søskenbarnflokken.


Eg er kone, søster, søskenbarn og venn. Då er eg festlig (trur eg sjølv), avslappa, useriøs, drikkfeldig *kremt*, rolig, Eli og ein av gjengen.


Herlig ID-kort bilde av Frøken Fryd, dette har eg altså rundt halsen kvar dag...

Eg er ansatt og kollega, då er eg seriøs, pliktoppfyllande, effektiv, flink, imøtekommande, oppdatert og ordentlig. Men eg kan også vera stressa, krevande, målbevisst, usikker, utilstrekkelig og masete - men det er kun mot mine næraste kollegaer.

Og så tenker eg, kor mange roller har me egentlig - kor forskjellige er dei, og korleis går det når desse møter kvarandre i døra? Det er jo eit utrulig fasinerande "spel" dette, for det er jo ikkje til å komma i frå at me er ikkje den samme på jobb som når me er på fest med venner, eller når me henter i barnehagen, eller når me er hos legen - sjølv om alle desse rollene til saman utgjer Eli / Frøken Fryd / 830654 / mor til Jacob & Erlend / kona til Johnny.

Wikipedia seier at sosiale roller er dei posisjonane som menneska har i forskjellige grupper i samfunnet, og dei reglane som tradisjonelt gjeld og forventas for adferden og oppgåvene til personane i desse posisjonane.

Roller er trygge, for me veit som regel kva som kreves av oss i dei forskjellige rollene som me har. Men det kan også vera krevande. Veldig krevande. Og når ein er sliten - då strevar i alle fall eg med å være i karakter av og til.





I to omgangar på få år har eg vore så sliten at eg har blitt sjukemeldt i lengre periodar. Og då er eg sjukemeldt frå "jobbe Eli" og "venne Eli". Då klarar eg ikkje å vera "på", har ikkje nok energi til å gå i rolle. Dessverre så går det hardt utover "mamma Eli" og "kone Eli" også, for som det ofte er så er det dei næraste som må svi mest, sjølv om det ikkje er bevisst.

Det som er vanskelig, er at dette ikkje viser reint fysisk. Om du treff ein kollega på butikken når du er sjukemeldt frå "jobbe Eli" så går du ikkje nett og sleper ein fot etter deg, har kniv i ryggen og kryss i augo, eller er flat som ei pannekake (sjølv om det føles slik). Du kan smila og vera blid og oppmerksom dei få minutta samtalen tar, rett og slett virka heilt normal (sjølv om du inni deg er riv-ruskande gal). Og så står du att der etterpå og frykter at; "no tenker ho/han sikkert at eg berre er lat, ikkje gidd jobba, utnytter systemet, er ein snik, slask og slabbedask". Det er då rollene møter seg sjølv i døra, for ein er så avhengig av dei at ein slepp ikkje maska. Dette har sjølvsagt i stor grad med tillit å gjera også, det med å la dei forskjellige rollene gli over i ein annan og møta kvarandre. Visa seg sårbar i ein rolle der ein vil framstå som proffesjonell og sterk, eller blid og imøtekommande.

Eg merker at når eg treff nye folk så jobbar dei sosiale antennene ekstra hardt. Då ligg eg lavt i terrenget, føler meg fram, kjenner etter kva for ein rolle som passar inn, lytter, plasserer, analyserer - og så - litt etter litt så slepp dei forskjellige Eli'ane fram og ut, alt etter som eg blir trygg på dei rundt meg. Eg smyg meg helst inn i eit rom som er fullt for eksempel. Medan andre berre "tar" eit rom, fyller det med energi, feier inn og sprudler. Eg har veldig lyst å vera slik, men det blir heilt feil for Eli.

Kva gjer du, og har du mange roller?

Klem Eli
(mor, kone, dotter, søster, venn, svigerdotter, barnebarn, svigerinne, kollega, nabo, bekjent, tante, søskenbarn, niese, kjærest, ansatt, mora til, Frøken Fryd, Frøken Fres, Frøken Fryktelig -> schizofren???, osv osv)




mandag 21. november 2011

Prints with Wings







Søndag tok me turen til Sola stranda - mål for dagen var å få knipsa nokre brukande bilder til årets julekort.









Det er så gode fargar på Sola stranda - går nesten ikkje an å ta dårlige bilder... Og med sånne fine gutar så er det jo klart at det må jo berre bli bra.







Litt slåssing må til - er me gutar så er me gutar...









Og no dåke, no er faktisk årets julekort i boks, kollasjen er laga og herligheten er bestilt. I år som i fjor bestiller me frå Prints with Wings - kjempe fornøyde med dei me fekk i fjor.

Korleis er julekort seansen hos dåke? I år var det altså så kjapt og greit gjort. Husker første gong me skulle ta julekort av Jacob sjølv, då var han nesten to år og skulle avbildast i fine strikkaklede som farmor hadde laga til han. Herr Fryd fekk trimma seg for å seia det sånn... sprang etter han rundt i heile hagen. Og slik har det egentlig fortsatt...







Det blir jo ein del ablegøyer i sånne seansar - her ser dåke tydelig kor løyen Frøken Fryd faktisk kan vera... Dette er sju år sidan, det blei ikkje valgt som julekort dette da, men det er no eit herlig bilde! Deilige dobbelhakene. (DET seier eg ikkje nett når eg ser mine i speilet da...)

Men altså, julekort tagning... magisk eller mareritt?




I går passerte Frøken Fryd 20 000 visningar - det er ganske tøft altså!
Og så er det så utrulig kjekt å sjå at det kjem nye fjes innom som føljerar.
Eg blir så stolt og glad - det varmer!
Og alle dei fine og gode orda dåke legg att,
dei rører meg.
Priveligert, det er det eg er!
Love you!

søndag 20. november 2011

by it







Kjære alle saman!

ENDELIG... 

Endelig har me anledning til å snopa oss desse fantastisk flotte steingods figurane som Tonje frå Forever Love bloggen har designa. Eg har lenge beundra desse nydelige kreasjonane og latt meg inspirera.











Ta turen innom by it bloggen og sjå alt det fine Tonje Kyte lagar i steingods i saman med Ine Tumyr.
Dei har utsalg hos Nordisk Rom og Hjertholm på Galleriet i Bergen.

Dei er så sarte og elegante og nydelige, eg falt umiddelbart for dei første gong eg såg dei inne hos Tonje. Eg trur eg må legga inn litt innsats for å handla meg nokre slike.

Eg har lånt alle bileta inne hos by it bloggen, der er det nemelig lotteri no, du kan vera heldig å vinna noko fint om du linkar i frå eigen blogg. Og det har eg gjort - med den største glede og fornøyelse!

God søndag til alle!

lørdag 19. november 2011

Dagen derpå







Frøken Fryd var på teambuilding i går med dei kjekke kollegane sine.
Frøken Fryd sine kolleger er veldig flinke å drikka - det er Frøken Fryd også.
Frøken Fryd drakk mykje vin (og litt øl, og ein GT og ein eller annan slags røsk-meg-i-fletta-shot)
Frøken Fryd til og med svinga dansefoten i går, DÅ er Frøken Fryd i slaget.


Frøken Fryd kjenner at ho ikkje er 20 år lenger.
Frøken Fryd er sliiiten i dag.







Frøken Fryd skal tilbake til sofaen no med sjokoladeis og TV underholdning.
Frøken Fryd har lova høgt og tydelig at etterpå skal ho rydda.
Frøken Fryd veit at når ho skriv det i bloggen så MÅ ho gjera det.
Frøken Fryd har lurt seg sjølv.






Frøken Fryd deler ut ein god klem til alle andre som er litt reduserte i dag.
Frøken Fryd er spandabel i dag, og tenker at alle må få!
Frøken Fryd deler ut klem til alle.
Mmmmmm - det var ein god klem!
No har Frøken Fryd lurt dåke også, for ho har funne ut at kvar gong ho gir ein klem så får ho ein tilbake.


fredag 18. november 2011

Give me 5







I dag har eg snopa til meg sjølv, igjen, men med skikkelig god samvittighet - faktisk!
For dette er ein støtte til Plan sitt arbeid for barns overlevelse.





Dette går pengane til


I Afrika, sør for Sahara dør 1 av 8 born før sin 5 årsdag, mange av sjukdommar som enkelt kunne vore behandla. Kvart år tar til dømes diare aleine livet av 1,9 millionar born. Då er det viktig å veta om at det fins enkle tiltak som kan hjelpa born å overleva. Vaksiner, myggnetting og reint vatn reddar dagleg borns liv. Er du med på å støtte GIVE ME 5 så bidrar du til at fleire born får vaksiner, medisinar, reint vatn og anna verdifull oppfølging i dei landa Plan jobbar. Slik kan fleire få oppleva sin eigen 5 årsdag.

Eg har kjøpt ei eske med to vennskapsbånd, eit skal eg ha sjølv, og eit skal eg dela med ein god venn :)
Vennskapsbånda er handlaga og er ein del av eit mikrofinansprosjekt som vert støtta av Plan. Her får jentene kunnskap i korleis dei skal forvalta sine eigne pengar, starta små bedrifter og planlegga sin eigen økonomi.

Armbanda er laga av knytta tråd, og er eit symbol på vennskap. Tradisjonen seier at om ein har det på til det fell av så går eit ønske i oppfylling. Men DET vil eg ikkje dela med dåke, ønsket altså ;)

Eg har lånt dagens bilder i frå Plan.

GIVE ME 5!


torsdag 17. november 2011

Tine K







Går det an å ikkje bli inspirert av denne dama?







Alt ho tar i blir til gull, etter min smak.







Julepynt og julestemning MÅ ikkje vera raud for å vera "julete". Nokre tende lys og lerkegreiner er stemningsfullt nok i seg sjølv. Sjå så delikat...







*Sukk*







*Dobbelt sukk*



Samtlige bilete henta hos Boligpluss




Heldigvis er det gratis å drømma

onsdag 16. november 2011

Stamped Under the Moon







Eg har gjort det!
Eg har bestilt meg det vakraste smykket på jord!
Eg har vore inne hos Stamped Under the Moon...

Lenge har eg ønska meg eit slikt smykke.
Kjøpte eit mother, sister, friend smykke til mamma til bursdagen hennas i sommar,
og sidan har eg ønska meg eit til meg sjølv med namnet på gutane mine








Dette skal vera mi gåve til meg sjølv i år.
Fordi eg fortjener det. Jepp!

Har du gjort stas på deg sjølv i dag?

tirsdag 15. november 2011

Lucky number eight







That's me!
Eg vart så glad 
at eg blei nett som 
ein unge, ein svært begeistra
unge! Eg satte i eit hvin og klappa 
fort i nevane medan eg hoppa opp og ned
ytterst på stolsetet. Herr Fryd vart svært overraska
over mi hemningslause begeistring, og vart sjølvsagt svært
nyskjerrig på kva som kunne skapa så stor glede hos
Frøken Fryd. Og sjå kva eg vant! Ei nydelig natur
stjerne som draumetausa Elin har laga av drivved
ho har funne på tur med sonen sin. Når eg
såg denne gje vekk'en så blei eg svært
ivrig, og heiv meg på. Og
jammen vart eg ikkje
lucky number
eight!

Tusen takk, Elin!

søndag 13. november 2011

Lysfat







Fabelaktige Maia har ei herlig utfordring på gong, ei som verkeleg er i mi gate. Eg er litt sånn nattens dronning, evnt. telys dronning. Eg elsker å tenna lys - så når Maia smeller til og ber oss om å visa lysfata våre så blei eg ståande å spinna - litt sånn som onkel Donald gjer, du ser overkroppen - men beina vert vekke i ei støvsky...







Det var kanskje å overdriva bittelitt, som tidligare nemnt er eg ikkje nett bygd for fart og spenning. Men at eg vart ivrig - DET kan eg setta svart på kvitt utan å skjemmast.







Det som er ein smule ironisk er at eg er gått tom for te-lys... Jada, te-lys dronninga er foreløpig utav bussiness, det er nesten så eg vurderer å stikka innom ein søndagsåpen butikk - for det er litt krise i mi verd dette.







I går kveld derimot, då hadde eg te-lys, så dåke får litt lys i lysfatet også da.







Føler meg litt som DJ Dan her, som kommenterer litt sånn stakkato innimellom bileta, men han er jo über kul, så den står eg i.







Vær med du også då, vær ei lysfontene. Show me the money! Gje gass! Kom an! DO IT!

Hehe, håper alle har hatt ein flott farsdag!

Klem klem