torsdag 29. desember 2011

Steike!

minkokebok.net



Me har eit problem i Fryd Heimen! Eit steikeproblem... Me er storforbrukerar av steikepanner, me får aldri tak i "den rette" steikepanna - den som tåler alt, den som har belegg som slepp når du skal steika pannekaker eller egg, den som kviler godt i handa og som er ein draum å halda rein. Pannekaker er det aller ALLER beste som Lille Fryden kan få servert, og det er klart at då MÅ me ha ei steikepanne som kan levera.





Tefal Privelege Pro




Inne på klikk.no så vert steikepanna over her kåra til suverent beste, Tefal Privelege Pro. Nokon som har denne? Nokon som har andre gode tips? Kan ikkje tenka meg eit betre fora å stilla dette spørsmålet enn til ein gjeng med matlagingsglade bloggerar...








Så please, pretty-please-with-sugar-on-top - kva steikepanne vil dåke anbefala? Det lyt vel nemnast at me har induksjonstopp, så det kan jo bli varmt om øyrene for steikepanna vår.

No ser eg fram til ein storm av gode tips!

Takketakk

onsdag 28. desember 2011

Antageligvis den finaste puta i verda...






... har no fått plass i bloggestolen til ho mor. Eg er så ekstremt heldig at eg vann ei utfordring hos herlige  Helene og Henriette, med bloggen Snikkerbuo, der ein av premiane var denne ekstremt super lekre puta i frå Day Birger & Mikkelsen, delt ut av Ølen Møbel AS. Am I lucky or what?? Uvisst om det faktisk går an å smila så bredt som eg gjorde når eg fant ut at EG var vinnaren.















Som dåke ser så har eg andre ting enn blogging å kosa meg med i jula også, i tillegg til spising, familiekos, speling, filmsjåing, soving og interiørblad. Nokon andre som har lese Marian Keyes? Dette er den første boka eg les av ho, og eg kjenner at eg gleder meg!







Om dåke lurer på kva som skjer om du gløymer sviblar i ein pose på eit kaldt og mørkt rom i ei vekes tid så ser du resultatet her, litt sånn alternative fasongar. Men like nydelige! Eg har hatt kvite sviblar i heile adventstida, men må seia at desse som eg kjøpte på Rema er vel så fine, i ein nydelig blåfarge og duften er det heller ingenting å seia på.







Jepp, då har eg litt meir kosing å ta meg av eg. Herr Fryd lagar no deilig julelunsj, så no blir litt spising att. Har du spist nok i jula, eller?

mandag 26. desember 2011

Bord, dekk deg!





I år har me hatt ny rekord rundt bordet - familien veks og det er så kjekt! I haust kjøpte me oss nytt spisebord med to klaffer i, og i dag fekk me brukt begge to. Eg har ikkje foreviga dagens middagsbord, men på julafta fekk eg knipsa litt.







Me starta å samla på Ivoire frå Villeroy & Boch til bryllaupet for 11 år sidan, og eg synest det er like lekkert enno.







Eg har alltid hatt problem med å dekka fine bord, synest det er skikkelig vanskelig, men i år synest eg at det vart enkelt og fint med grønne kvaster og lerke kongler, samt levande lys såklart.







No har me kosa oss saman med familien i tre dagar til ende, nett som i eventyra. Og no skal me kosa oss for oss sjølv fram mot nyttår. Me har fri, og det skal me nyta. Til nyttår kjem mormor, morfar, onkel Ole og tante Kjersti på besøk, og det gleder me oss veldig til.







No har me spist pinnakjøtt, ribbe og medisterkaker (heimelaga av Mister Medister og usedvanlig gode!) og kalkun så no er me like stappa som kalkunen var før i dag. Så då slår me til og poppar litt popcorn, finn fram nokre kaloribomber av snop og kurer oss ned i sofaen for å sjå film alle fire.

Oh joy!

Eg håper at dåkas juledagar har vore like fine som våre, og at dagane framover vert friske og fine. Eg veit i alle fall at eg skal på med turbukse og tursko og bevega kroppen min i morgon! Eg føler meg som ei dårlig stappa pølse! Takk og lov for tunika og strømpebukser...


fredag 23. desember 2011

Lubben & lekker!





No er det ikkje berre Frøken Fryd som er lubben og lekker her i huset. 
Sjå på denne snasne berta dåke... 
Herr Fryd hadde ho med heim på onsdag, og me er veldig fornøyde!







Me har rødt og sølv som grunnfargar på juletreet vårt.
Og har som regel snopa oss ny pynt i romjula,
 då har me eit heilt år å gleda oss på.







Årets edelgran er så fin at ho ser nesten falsk ut, 
ho kjennes nesten falsk ut også.
Men den er ekte altså, 
kjenner det på duften, mmmm!







Dei fine vottane som eg fånyttes har prøvd å fokusera på i dette bildet,
ja, eg treng fotokurs og eg HAR meldt meg på hos Hildemor.
Men det var dei vottane, ja... Dei har eg fått av ei kjær
venninne som bur i Canada. Og det er så kjekt
kvart år når eg plukkar dei opp i frå eska,
då tenker eg på Denise. Det samme
med dei små fuglane me har på
treet, som me har fått av
Herr Fryd si mormor,
eller engelen som 
spelar fløyte
som mi
mor
har
gitt 
oss.







No er pinnakjøttet i vatn, det er begynnt å komma
pakkar under treet. All maten er handla inn, ALL
maten er handla inn. Du vidaste all vera kor
me handlar no før jul... Spis me alt opp?
Det er så vanskelig å berekna, kor
mange posar med poteter
går det med? Kor 
mange kolrabi?
Chips?
Brus?

Uansett kva du har lyst på, så har me det no.
Det trur eg garantert... Og forresten, 
gjett kva eg har fått i dag? Eg har
fått nye sko. Og det var fordi
eg har fortjent det. For i 
år har eg vore både
snill og blid og
flink og
grei
og...

No vil eg ønska dåke alle ei usedvanlig
nydelig, harmonisk, gledelig, fin,
magisk og minnerik jul!
No er det tid for kos,
familietid og
spising.



torsdag 22. desember 2011

Julefri...





Eg har tatt juleferie - og at eg nyter livet er ingen overdrivelse... I går laga eg Rocky Road for første gong, fann oppskrifta inne hos Fru Fjellhammer, og du vidaste all verda - for ein perfekt konfekt!










Eg har tatt litt oppi eit glas så nokon fine folk skal få :) Ellers har eg kosa meg med å pakka inn gåver. I år som i fjor, og året før, er det gråpapir med stæsj som gjeld. Me har hengt opp nye gardiner - nei - ikkje julegardiner - men fine, kviiiite gardiner, og vips så var stova litt ny. Dei var ekstremt longe da, og eg er jo ei klura på symaskin, så eg håper nokon vil hjelpa å legga dei opp. At eg faktisk fekk sysmaskinsertifikatet i 6 klasse er eit mysterium for meg!










Olivia oliventre har fått stjerne- og englepynt på seg og har gitt vekk plassen sin til juletreet som no er komt i hus og på fot. Det er ikkje pynta enno, for det vil Lille Fryden vera med på, og det må han jo få lov til. Tenkte å hiva meg på utfordringa til Helene og Henriette på Snikkerbuo med å visa fram juletreet når det har fått pynta seg. Det må i så fall bli dokumentert i morgon, for då har eg også fri, gitt... Hm, heldig ho der Frøken Fryd altså!








Har vore innom på Fairplay i Østervåg og snopa meg ein Vondeling engel i år, av strutsefjær og streng med perler på. Desse englande sørger for inntekt for heile 17 personar, og det kan ein gjerne vera med å støtta. Erlend lurte på om dei hadde gløymt å laga ansikt på den da, hehe, men heller dette enn eit skummelt fjes ;)

No skal eg trø på  meg støvlar og gå i skogen og finna greiner som eg kan ta med heim og pynta bittelitt med i gongen, aller helst ville eg hatt eit lite tre, eit bitte-bitte lite grantre som eg kan låna nokre veker og så setta på plass att. Men då er det berre til å få the juicy behind med seg på tur i skogen, kom igjen no Eli, 1-2-3 - do it!

Korleis ligg du an, er du i rute?

Julaklem frå Eli

tirsdag 20. desember 2011

Om att - og om att-att...

Tine K via Line Klein




Mørkt når eg går - mørkt når eg kjem heim... Nokon som kjenner seg att? Ja, mange vil eg tru. Slikt vert det ikkje mykje blogge bilder av - i alle fall ikkje når utstyret er eit enkelt lommekamera som Frøken Fryd knapt kan handtera. Då låner me bilder. Og så blir me inspirerte likevel. Det biletet kunne jo like godt vore tatt her i Fryd Heimen, eller ikkje...

Berre for å vera litt ekkel så kan eg no informera om at julehandelen er i boks. Jepp! No har alle fått. Og veit dåke kven som har juleferie no? Jepp (igjen), det er MEG det! Heldig?? Oh yes! Og no er eg så lykkelig og glad at eg skal dela ein skjønn liten julehistorie med dåke.



google.com




Dette er ein historie om Store Fryden når han gjekk i barnehagen. Det var rett før jul, og i barnehagen så snakka dei om Jesus som vart født og lagt i ei krybbe. (Eventuelt "Han Jethoth" (th er lespelyd) som Lille Fryden seier.)

Vel, Store Fryden hadde høyrd denne historia ein del gongar før, og når den for n'te gong vart presentert, som seg hør og bør i juleforberedelsane, så utbryter Store Fryd'en: "Herremann, blir 'an fødde nå igjen?!?"  Han syntes tydeligvis synd i han Jesus som dreiv og blei fødd om att og om att og om att-att... Hihi, så enkelt kan det altså være i uskuldige små borns auger.

Denne historia har me humra godt til mange ganger - og den vert nok tatt opp i konfirmasjonstalen ja...

Har du ei skjønn, lita julehistorie du vil dela? Treng ikkje vera i frå barnemunn.

Klem Eli (som har juleferie - wooohoooo - rubbing it in - wooohooo!!!)

søndag 18. desember 2011

Frøken Fred






No er Frøken Fred rolig og avslappa, det er mykje som er kryssa av på "to do" lista, og med berre to arbeidsdagar i kommande veke så skal nok Familien Fryd komma i havn til laurdag. Denne helga har me vore på Stord, det kom snø, juleklemmar vart hanka inn og no har Frøken Fryd fått fred i julehjertet sitt.






Alle julegåver som skal utomhus er levert ut, pinnekjøtet er på plass, julekorta er sendt, i morgon vert heimen vaska til jul, dei næraste som me ikkje skal feira jul med har fått juleklemmen. Me har kosa oss med gode venner som er heldige og finn gamle vinballonger i kjellaren, som har vri hassel i hagen, og som er veldig flinke å pynta til jul. Sånne gode venner som det er ein berikelse å ha. Sånne gode venner som har ein spesiell plass i hjertet ditt, som gir energi og glede. Sånne gode venner som gjer deg god og trygg, og som gir deg smil på munnen og varme i hjertet når du tenker på dei. Forslag er presentert, planar er lagt og me har mykje å gleda oss til framover.

Me har fått deilig forsmak på julemiddag og kvalitetstid med familien.
Og no, ja NO er det tid for handballkamp og heia Norge!

Kva har du gjort i helga? 


fredag 16. desember 2011

Made My Day





Herlige Helene og Henriette med bloggen Snikkerbuo Made My Day på torsdag.
Sjå kva eg har vunne hos dei! Eg trur eg dåner, tenk å vera så heldig!
Ei aldeles nydelig Day Birger et Mikkelsen 
(derav ordspelet i overskrifta... bra, eller? Burde jobba i VG eg ser eg...)
puta som eg elsker alt før eg har fysisk mottatt den.

Det er intiørbutikken Ølen Møbel as som deler ut puta, 
eg har handla hos dei før og er superfornøyd med servicen og utvalget der. 
Anita hos Ølen Møbel har falkeblikk når det gjeld interiør og kva me vil ha.
Berre sjå på den nydelige bloggen hennas,  My Home
blir du ikkje inspirert etter ha vore der så veit ikkje eg altså... 

No har eg ellers fått pinnakjøtet i hus, 
røykt sådan, så no har skuldrane komt litt meir nerpå.
Manglar fortsatt nokre gåver, men stresset gneg meg ikkje så
hardt no altså. No gleder eg meg til kun to arbeidsdagar
i neste veke og så er det juleferie for Frøken Fryd.
Det blir kos og nyt på høgt plan, eg veit at eg
skal sjå Love Actually som finaste 
Frk Virrum tipsa om i går.
Gleder meg alt...

onsdag 14. desember 2011

Med piggane ute!





Sjølv om eg er mjuk utanpå så er eg ganske hard inni,
så hard at eg lett kan knekka,
det heiter skjelett...
Og skjelettet mitt var i stor fare i forrige veke!

Det var nokon som hadde polert både veg og fortau
i frå der eg bur og heile veien til jobb...
Galne folk!
Eller så var det dei der kuldegradene dåke veit.

I alle fall så innsåg Frøken Fryd fort at her er det berre
ein ting som gjeld, og det er å gå med piggane ute!
Så broddane kom på dei... Eg og dei over 80.
Og det funka som berre søren!

Eg er tung og god, og broddane åt seg gjennom
isen utan problem, godt feste, var nesten litt cocky
der eg slentra avgårde på glattisen.
Datt ikkje litt eingong.

Men OJ så dei bråka...
Det høyrdes ut som det var ein brøytebil
som kom, og ikkje berre Frøken Fryd med piggane ute.
Spesielt bra akustikk vart det når eg gjekk ved
sidan av høge gjerder; "crunch - crunch - crunch".







Ikkje anna å venta at eg fekk respekt!
Folk og fe flykta.
Her kjem Frøken Fryd!
Ho brukar nasen som spyd.

Har du merka det når du har høge heler på?
Det vert litt sånn "power walk"!
Høyres ut som ein er litt sint, eller i alle fall
ganske bestemt. Av og til er det greit å
benytta seg av dette på jobb, i alle fall
når ein jobbar med stort sett testosteron
rundt seg. Då kan ein trenga power walk rett som det er.

Funker fint med brodder også, crunch crunch crunch.
You should try it some time...

Hviit Jul





"Ho! Ho! Ho!" 
Seier nissen, og sjå alle godsakene han har i sekken sin.
Skal ikkje sjå vekk i frå at eg til og med set meg 
på fanget til nissen i år.
Skulle berre mangla, ja...

Om det skulle vera så rautande gale
at nissen ikkje har med seg noko av dette
så veit eg i alle fall kvar eg kan få tak i det.
Så det skal nok verta ei råd ;)
Alt kan nemelig klikkast heim i frå
Hviit.no så sånn er det med den saken.

Det er rett og slett mulig å laga ønskeliste inne hos Hviit no,
og kvar veke er det ei lukkeleg sjel som er heldig å få eit av ønska
sine oppfylt. Du har sikkert fått det med deg... Dette er første gong
eg prøver, og siste - sidan det er fjerde runde.
Men skam den som ikkje prøver, 
eller nåke slikt.

Her kan du prøva lykka også.

Lykke til!

tirsdag 13. desember 2011

Snart...





... senker natten seg
i stall og stue
og eg er mett i magen min
og har julestemning i hue'!







Sjølvaste Lucia dagen,
dagen då alle blonde berter 
med lokker i håret
roter fram lyskransen
og tar seg ein tur.

Eg er brunette
så eg slepp, eg berre
spiser mykje lussekatter.
Men kunne hatt godt av ein tur!
Har hatt med lussekatter på jobb i dag,
(dvs... dette er eit planlagt innlegg så dette har faktisk ikkje sjedd enno)
slik at eg skal sleppa å spisa alle sjølv.
No fekk eg riktignok god hjelp av 
små Fryd'ane til å konsumera lussekattar alt
mandag kveld til kveldsmat,
og fekk all skryt eg fortjente for min formidable 
lussekatt innsats.

 Mmmmm!

Jammen er det mykje kos i denne herlige førjulstida.
No nyter eg "Stjernesludd" med Kurt Nilsen og Kringkastingsorkesteret.
Nyt den du også - den er heilt nydelig. 
Kurt med den varme balsam stemma! 



 


mandag 12. desember 2011

Heia Norge!





Må jo få gratulera handballjentene våre som er så heise flinke! Og så må eg få takka mammo mi som er så snill at ho gir vekk Norges glas til meg. Ho har fått nokon av dei hos farmor, så dette er skikkelig generasjonsglas.







Eg såg oppskrift på Biscotti inne hos Lavendelpiken for nokre dagar sidan, og det tenkte eg at dette må eg prøva. No såg Lavendelpiken sine Biscotti'ar mykje betre ut enn mine, så difor måtte eg pynta dei med Norgesglas då ja... Men sånn reint smaksmessig så må eg sei at dei leverte! Biscotti er visst gode å dyppa i kaffi - det skal eg prøva.

I kveld blir det Lussekatt baking. Eg er i slaget no altså!

Ciao


søndag 11. desember 2011

Når ein pepperkakebaker baker





I dag er sort nummer to komt i boks - og dette, godt folk, dette var skikkelig teamwork! Her har alle mann alle bretta opp armane og gravd fram sine kunstneriske evner







Som dåke ser så vart "Bent" stemt ut av Familien Fryd også...







Snikfotografering - dette må ikkje nemnast for nokon... Men dokumentasjon er viktige greier!





I dag har eg baka biscotti også, det har eg aldri gjort før - og eg trur dei vart bra. Så då var det totalt tre sortar gitt. Kor mange sortar bakar / kjøper du til jul?

Klem frå baker-mester-eli-pus

lørdag 10. desember 2011

Sakte men sikkert...





... vert me juleklare her i Fryd Heimen. I dag sender me avgårde julekorta for i år, og det mine gode venner, det er ny rekord for oss! Julegåver derimot, det har me mange att å handla inn...







Meir og meir juleting kjem fram, men nissane er ikkje komt på jobb hos oss enno. Dei får kun lov å bu på kjøkkenet. Men då kan dei jo kosa seg og sjå på denne flotte julekeramikken som eg har kjøpt hos by it - er den vel ikkje nydelig?










Julebusken som me har pynta med sløyfer og keramikk er det Herr Fryd som har dyrka fram. Han er så bevisst, han visste nok at det kom til å bli populært å ha nåletre buskar innomhus han...

Men no lyte eg starta dagen her, ta på meg fjeset og få gjort unna litt småting før me skal avgårde i selskap i dag. Det blir koselig. Gleder meg.

Ha ein fin-fin laurdag, denne tredje helga i advent!

Klem Eli

♡♡♡

onsdag 7. desember 2011

Walther & de...





Flittig fyr han der Walther... Han har bygd heile tre hus i mosen på lysfatet vårt, og jammen driv han ikkje og lagar mandlar også - eller i alle fall hiver dei i sjokoladen.







Eg likar Walther eg, om han er blitt litt kommers så er ikkje det så nøye for meg, det er nokre år sidan han flytta inn hos oss og me er ikkje lei han enno. Så Walther han blir, både i hus- og sjokoladeform!


I går monterte Frøken Fryd tidenes skeivaste pepperkakehus. For første gong i historien vart huset montert på egen hånd (altså utan ekspertise hjelp frå Herr Fryd) og med knekk (smelta sukker). Det var ei utfordring, eg skal ikkje nekta for det.... Men huset står enno og eg lar meg ikkje knekka av kommentarar som: "var delene skeive, eller...?" Smågutane stod heldigvis klare med melisglasur, nonstop og zombie-seigisar for å dekka over mammo sine "shortcomings" som byggingeniør - og me eg er veldig fornøyde med reslutatet!






Pepperkakehuset er under invasjon av zombie-seigisar - men dei tullingane har jo ikkje fått med seg at det hverken er dører eller vindauger på huset - og skorsteinen er tett - haha! Suckers!!















Som dåke ser så kryper jula fram i Fryd Huset, Frøken Fryd julifiserer litt etter litt og koser seg verre. Kurt'n og Kringkastingsorkesteret hyler og skriker i bakgrunnen og Frøken Fryd nynner skjærande falskt til, krøller tærne og smiler fjollete, for Frøken Fryd er ei skikkelig julejenta nemelig!









I kveld skal det bakast pepperkaker og Ikea har vore greie og laga deig til oss, no er det vel ikkje berre Frøken Fryd som er plaga med at pepperkakedeigen har ein tendens til å bli dyr - men det er kun fordi ting på Ikea lever sitt eget liv og smyg seg oppi den gule låneposen når Frøken Fryd ikkje følger med. At eg aldri lærer altså... Jammen godt eg ikkje hadde vogn!







Måtte ta bilde av pusen i dag, og som ein kvar pus - som bur i interiørbloggar hus - så matchar han putene. Ellers hadde han sjølvsagt aldri fått sova i sofaen ;)
 









Pusen heiter Rooney, og han har jammen levd opp til namnet sitt! Me måtte rett og slett kastrera han, han berre sprang etter damene, men no går alt så mykje betre. Heldigvis er han veldig mykje finare enn namnebroren sin i UK...

Vel - med dette innlegget så tenkte eg å drista meg til å vera med i utfordringa til NIB, sånn i siste liten liksom.

Vil du sjå fleire innlegg med temaet "jul i vårt hus" så kan du klikka deg inn her og nyta synet.

Klem Eli