torsdag 29. september 2011

Woah Nellie!!








Eg har fått nellikar Asters (takk Heidi) - eg har fått dei av Tutto! Dei har no stått i nesten to veker og viser ingen tegn til å gi seg på tap. Sjå Tutto, ser du kor fine dei er fortsatt!?







Først hadde eg dei i ein stor vase, men for å få litt forandring så måtte eg dela dei opp, etter farge såklart, *kremt*, i tre små vasar, og no pryder dei Fryd heimen litt sånn rundt forbi. Den nystrøkne løparen kan eg takka svigermor for. Når eg kom heim i frå Bergen på søndag så hadde ho strøke ALLE kleda i strykekorga. Jepp, alle! Det er sånt me har lov å bli heftig begeistra for! Tusen takk, Åshild











Sola skin ute, eg håper veldig på at me får den der "Indian Summer" som me er blitt lova. Skal nemelig på Blåtur med jobben på fredag, og alt er så mykje kjekkare med fint vær.






Eg må forresten berre få fortella dåke om ein artig episode forrige torsdag, for då var eg heime hos mammo og pappa'en min på Stord på overnattingsbesøk Mamma hadde laga ein av mine favorittmiddagar, men sidan eg ikkje var framme med Kystbussen før kl. 19:30 så måtte den varmast opp litt. Eg ausa opp det eg ville ha *mmm* får vatn i munnen berre eg tenker på den middagen by the way... Jo, altså, eg ausa opp middagen på tallerken og skulle setta den i mikro'en. Men då kicka mamma genet inn, og mammo tok over. "Du må dela opp potetene og gulrøttene dine, Eli, då blir det fortare varmt vettu!" seier mamma og deler opp poteter og gulrøtter til si 37 år gamle unge dotter. Hihihihiiii - eg måtte le. Det er berre så herlig! Skjønne, skjønne mammo mi! Og ho hadde vore eins ærend på butikken for å kjøpa Pepsi Max, for det veit ho at eg likar så godt, og pappa hadde vore på polet for å kjøpa rødvin som me kunne kosa oss med på kvelden. Sånn vil eg vera for mine ungar også, nettopp sånn! Kanskje til og med dela opp grønnsakene for dei når dei kjem på besøk, i alle fall heilt til dei blir 40











Og då er det nesten plutselig helg då, godt folk! Og det nærmar seg trekning på min aller første gje bort. Det vert spennande! Dåke har fortsatt mulighet til å være med, fristen er 1. oktober og trekning vert ein eller annan gong 2. oktober. Berre klikk dåke inn via knappen øverst til høgre.

Klem Eli

onsdag 28. september 2011

Medan eg ventar...






... på vår Nespresso Citiz n' Milk så har eg no fått på plass koppane på stativet som eg kjøpte for ca. ein månad sidan. Det er faktisk ganske ekstremt for meg å vera, at ting ikkje vert smelt opp med ein gong. Har eg først ein ide så må det liksom ordnast umiddelbart, mulig at eg er begynt å bli litt voksen








Koppane er i frå Tine K og Kremmerhuset, og så trur eg at eg vil kjøpa dei beige med kvite polkadotter (Naomi Beige) på som GreenGate har, trur det hadde vore fint i lag? Kva trur du? Har jo heile seks ledige knaggar på stativet må veta! Det vert nok to til kvite frå Kremmerhuset da, uansett. Men sidan eg er så innmari fornuftig så blir det på neste lønn



Bilde lånt hos mollegaarden.dk



Kjøpte dei kvite koppane på Kremmerhuset no i helga, når eg var på messe i Bergen, og heldigvis tok eg dei som handbaggasje! Han som køyrde koffertane frå flyet hadde det nemelig gyselig travelt, det var berre så det hagla med koffertar, dei låg på rekke og rad etter han på flystripa. Seriøst! Folk vinka på han og prøvde å få oppmerksomhet, men han trudde vel berre at folk som kjem frå Bergensflyet er ekstra koselige og høflige, for han berre peiste på vidare, type to-hjul-i-svingane-med-gummi-skrike-lyd-à-la-amerkinsk-action-film. Trur faktisk han "la" seg i svingen også, og tviholdt på rattet med kvite knokar, slik gamle damer held veska på bussen. Men denne strategien funker tydeligvis dårlig når du har tre vogner med kofferthaugar på bak. Såg ut som om Hans og Grethe hadde vore der, med koffertsmular

Vel, eg har fri i dag, altså har eg det ikkje travelt i det heile tatt. Så no skal eg stulla og stella litt i heimen her. Ha ein fantastisk onsdag alle sammen

Klem Eli

mandag 26. september 2011

Enkla ting










Heldige meg har vunne ei sånn flott mobilveske inne hos Kajsa på Enkla Ting! Er eg vel ikkje heldig? Eg blei så super-duper-kjempe glad! Satt her i stolen og klappa henrykt i hendene som om eg var tre år og fekk laurdagssnopet mitt - i EKSTRA stor pose! Det kiler litt i magen og eg har eit skikkelig fjolleflir om munnen. Eg måtte scrolla opp att i innlegget og dobbelsjekke og trippelsjekke at det faktisk var meg og ikkje berre ein sånn ønskedrøm.

 







Det passa også super godt sidan eg har gått og beundra mobilveska til fin-fine Anita i helga, og i all hemmelighet ønska meg det sjølv - og wooops - no får eg snart i posten. Weeeeeeee!


 






Henrykt klem frå Eli the winner!!

søndag 25. september 2011

Byen er Bergen!



Fine Anita i god-prat med Tine K og fine Ingebjørg tar seg ein liten sofa kvil



FOR ei magisk helg eg har hatt, med finaste jentene!
 Eg har altså vore i Bergen i helga på Interiør- og Boligmessa, med tre
skjønne - skjønne jenter. Åh, som me har ledd, smilt, fnist, sett, observert, gleda oss,
fryda oss, engasjert oss og nytt livet kvar time av helga!










Alt var kjekt, og det var kjekt heile tida - I kid you not! 
Til og med før me hadde komt på hjul med Kystbussen frå Stord begynte latteren, 
då var ei av oss så uheldig å ta setet til ein litt surmaga, eldre Stavanger-herre-mann... Oj oj, det 
likte han ikkje gitt. Heldigvis var det ei meget sjarmerande jenta som gjorde det, så det 
løyste seg i likaste laget, hehe.









Når eg ser på bileta frå helga så ser eg lett kva for ein
stand som fenga mest - det er den einaste stand'en eg har tatt bilde av.
Det er vel ingen som er veldig overraska, av dei som kjenner meg og bloggen min,
at det var AC Home sin stand som representerte Tine K. Anita som har vore heime hos Tine K,
i forbindelse med innkjøp til sin tidligare interiørbutikk, fekk ein long og god prat med
den fabelaktige designeren. Og me andre jentene stod stor augde og såg på,
litt med stjerner i augene og eg var stå star struck at eg ikkje eingong
fekk sagt: "Hi, my name is Eli and I'm a BIG fan!!"









Me har budd på Hotell Norge som ligg super sentralt til, både med 
tanke på Interiør- og Boligmessa i Grieghallen og shopping, shopping, shopping!
Me har gått maaaange kilometer denne helga, frå butikk til butikk, med store smil og
etterkvart også store handleposar. Me har spist godt og hatt det super sosialt.




Fine Turid på AC Home sin stand.





Me har vore med på bloggfrukost, der Emmeline var konferansier. Det var 
nydelig dekka med herlig innbydande smørbrød, deilige juicar, blide bloggarar, flott 
pynta bord i ekte blogge-ånd. Til og med ein liten gje bort frå Kremmerhuset fekk me alle
saman. Det var loddtrekning med gåver frå Blafre og Løv Te og det som var mest
stas for meg var at Fru Fly var der, Emmeline var der, Kjerstis Lykke,
Forever Love, Bodil Bo, Den Gode Feen.
Det var rett og slett stort!











Og som om det ikkje var nok så inviterte Bodil Bo oss med
på bloggemiddag laurdag kveld på Zupperina. Oh joy! Det har vore så kjekt,
og dette kjem eg til å leva på lenge, leeeenge! Og veit dåke, dei store bloggerane;
Bodil Bo, Den Gode Feen og Fru Fly var heilt vanlige mennesker. Ingen kjendis fakter der
nei. Smilande og blide, imøtekommande og vennlige. Og morsomme!! Laurdag kveld
var kvelden for latter på latter. Høygravide Bodil Bo er ei sprudlande og varm og 
utrulig morsom dame! Maten var nydelig, servicen var vel... tja...
kan me kalla den merkelig? Men prisane var absolutt
overkommelige. Og selskapet var jo fabelaktig!












Me har også møtt mange andre bloggerar, og som alltid så er det jo herlig å 
sjå dei "live". Fin-fine Helene og Henriette frå bloggen Snikkerbuo var me så heldige
å sitta saman med både på bloggfrukosten og på bloggmiddagen. For nokre herlige, engasjerte og blide
jenter! Også Tove frå Rosemary and thyme hadde me gleda av å bli kjent med. Ho har tatt fleire flotte bilete frå messa som dåke kan sjå her. Vart imponert over Tove som byrja
blogga for to år sidan etter tips frå sin far på over 80 år! Stein tøft!







Bildene i frå middagen vil eg ikkje visa, sjølv om det hadde vore kjekt
at dåke fekk sjå kor herlig me hadde det. Eg har ikkje spurt "dei store bloggerane" 
om eg får lov. Så det tør eg ikkje. Det var jo litt "privat" setting i motsetning til  blogg frukosten,
der var jo også pressa til stades. Me fortsatte til Dickens og fortsatte moroa før me svinga 
innom "Deilige Luca" (som Deli de Luca vart omdøypt til)og snopa med oss 
Oreo Kake og Pepsi Maxheim til rommet for å 
fordøya kvelden og alle inntrykka.






Då vil eg berre takka så mykje for turen, kjære-kjære Anita, Ingebjørg og Turid!
Tusen takk for at dåke spurte om eg ville vera med, no har eg ein stor porsjon med gode
opplevingar å møta hausten og vinteren med. Og det gav absolutt meirsmak!



Klem Eli


torsdag 22. september 2011

Nemi nemlig!





Pleier du å gjera sånn på jobben? Det gjer eg, men kun på "fredda'n" ;) Nemi får sagt det ho. Eg har denne på døra inn til kontoret mitt by the way, kan jo alltids håpe at nåken tar hintet... Jepp, just another day at the office.

No tar eg kofferten med meg og reiser til Bergen, kryssar fingrane for at huset fortsatt står når eg kjem heim att - veit aldri når gutta boys skal råda. Når mor er borte danser far og barn på bordet, eller nåke sånt?

God helg, klem Eli :)





onsdag 21. september 2011

Sååå Frøken Fryd...







... eller? Fy søren, dette var vanskelig! Eg prøver meg då altså på Sukkertøy for Øyet si utfordring der du med eitt bilde skal definera bloggen din... Ja, eg har tenkt på dette nokre dagar no - og dette kom eg opp med *kremt*:

Sååå Frøken Fryd:
  •  Lesehest
  • Aboslutt ELSKER tinek
  • Interiørblad er eit must
  • Gamle ting med litt historie
  • Eit lite dryss orientalsk 
  • Telys 
  • Skull armbanda mine 
  • E for Eli ;)

Ja... om ikkje det var vanskelig nok å få samla alle "typisk Eli" tinga så skal det jo avbildast også. Eg lover dåke, eg har svetta (!!) her heime i huskjolen min (kjøpte meg ein kose-kose kjole i velur med hette på) der eg rasa opp og ned trapper, fant fram det eine og det andre som eg sjølv synst er typisk meg... La meg på magen for å få rett vinkel, opp att for å retta på nåke, kom fram til at dette blei heilt feil, prøvde i eit anna rom, ein annan vinkel, vannrett kasse, horisental kasse, med blits, utan blits og til slutt utan guts - for dette fekk eg ikkje til. Så til slutt så blei det faktisk berre: "Well, f***k it...!!" sånn blir det - nok med det.

No er eg spent på å sjå dei andre bidraga som sikkert alle er nydelig samansatt med proffe bilder og fine ting, og så seier eg; "sjølvsagt... SÅNN skulle eg jo gjort det".

Sånn heilt til slutt må eg berre bresa litt av at eg skal til Bergen i helga på Interiør- og Boligmessa i lag med tre veldig flotte damer :) Me skal bu på hotell og me skal berre kosa oss kvar dag, heile dagen og bli inspirerte og glade og henrykte og jublande og mette og kanskje litt svimle og litt trøtte i beina og rike på opplevelsar og inntrykk... muligens litt fattigare i lommeboka? Hmmm... DET er eg visst allerede, så det får me no nett sjå på ;)

Klem Eli

Oppdatering... Øhm - sånn i etterkant når eg leser dette innlegget så ser det jo ut som om eg har spurnge rundt som ein galning i kosekjole og vore sint og stressa, men eg koser meg jo - berre sånn at det er sagt altså...  Blir berre bitte-bitte-bitte litt frustrert når ting ikkje blir heilt sånn som eg har sett det for meg oppi hovudet mitt ;)

honeypie LIVING etc



Foto: lånt med tillatelse fra Hannah




Kjære alle saman! Eg har så lyst å tipsa dåke om ein aldeles nydelig blogg som heiter HoneypieLivingEtc. Bildet ovanfor her er lånt (med tillatelse sjølvsagt) av Hannah som har denne bloggen. Ho er fotograf og tar så nydelige og stemningsfulle bilder at eg blir sittande med litt gåsehud og kjenner inspirasjonen risle i nakken. Ikkje nok med det - ho skriv varmt og morsomt og inspirerande også. Full pakke med andre ord!

Eg elsker ALT på bildet ovanfor... Stylingen, lyset, stemninga, møblane, detaljane og måten det ser litt tilfeldig ut og du har berre lyst å krypa oppi, lena deg tilbake og nyta livet

No kjem eg i frå bloggtreff i Opalveien og er aldeles oppspelt! Eg har møtt så mange kjekke damer og det var jo ingenting å vera nervøs for dette!?!? Må jo berre ta hatten av for skjønne Anette som åpna heimen sin for ein heil gjeng med interiørbloggerar!! Om nokon var i tvil så kan eg melda at i Rogaland - HER er det mange kjekke interiørbloggerar!! Ingen var skumle, alle var søte, blide, imøtekommande, inspirerande, gavmilde, rause, lattermilde, inkluderande og herlige. Eg gleder meg alt til neste gong eg skal treffa denne flotte gjengen att

Eg har ikkje tatt eit einaste bilde, har mange lagra på netthinna altså - men dei kan eg dessverre ikkje visa dåke... No skal eg prøva å sova, har heldivis fri i morgon, for det er vanskelig å sovna når ein har mottatt så mange inntrykk, og blitt så heftig begeistra og glad og inspirert. Og det av eit nerdetreff. Hehe, det vart nemelig nevnt i kveld - at me var på nerdetreff ;) Ok, so I'm a geek, whatever! (og det sa eg med knekk i hofta og handleddet...)

Kjempe-inspirert-happy-klem (og dei er veldig gode dei klemmane!!!), Eli

PS! Dette er svært passande mitt innlegg nr. 100 (weeeee!!)






mandag 19. september 2011

Steikje fine gardiner!







Me har fått opp nye gardiner :) Weeee! Me har i tre år hatt mørkebrune lift gardiner i lin (du kan skimta dei her), me fekk dei sydd på mål og dei har vore tidenes skuffelse! Dei falma alt første året og har løsna i festa i øst og vest og i dag røyk driten!! Me har kjøpt fine, kvite lin gardiner på Living, ei lift og og to gardin lengder. Me er kjempe fornøyde!







Me såg med ein gong at me lyte kjøpa ei lengde til å ha heilt til venstre, ved lampen, for å få symmetri. Men utålmodig som eg er klarte eg ikkje å venta med å visa dåke kor lyst og fint det vart. Det var STOR forskjell, og no skal eg trekka føre gardinene - the show is over dear neighbours ;)

I morgon, godt folk, då skal eg på bloggtreff hos Anette i Opalveien! Eg grugleder meg :) Der kjem Heidi frå Takhøyde, May-Helen frå Kronprinsessene,  Manuela frå Mrs Hardy og Cathrine med bloggen Cathrine's Hjerterom... Snakk om gullrekke dåke :) Det kjem vel eit innlegg om det på onsdag, tenker eg :)



Samme bilde som over, men utan blits... Søren meg ikkje enkelt dette å ta bilder altså :(




No bakar eg gulrotkake som eg skal ha med meg på bloggtreffet, så er det spinning, og så skal eg henta ei veldig-veldig skjønn venninne frå Canada som er på jobbreise her i Stavanger. Gleder meg veldig, det er ikkje så ofte me møtes, så her skal kvart sekund utnyttast :) Herr Fryd tok meg forresten med på biltur i går, me køyrde til Sandnes slik at eg slepp å rota rundt utan å finna fram til Opalveien, snille snille Herr Fryd :)

Ha det bra så lenge, finingar :)

Klem-klem!

søndag 18. september 2011

Endelig!







Endelig kan Frøken Fryd også lekra seg til med eit Beck Søndergaard sjal i 45% silke og 55% ull!!! Og det er akkurat så fint og deilig som eg hadde forestilt meg det :)







Eg har jo synst at dei med stjerner på er über-lecker da... men for meg så måtte det rett og slett blir kamelar, sånn er det med den saken.







Dama bak disken på Kull ville til å finna fram ein pose, men nei du... Eg er nett som ungane, ville ha på sjalet med ein gong! Så då behandla dei meg som ein unge også ;) og danderte sjalet fint rundt halsen min før dei sendte meg ut, hehe :) Og eg hinke-hoppa ut frå Kull, med det breiaste smilet og om eg ikkje hadde stjerner rundt halsen så hadde eg det i augene.

"Eg har Beck Søndergaard sjal - næ-næ,nænænæææ!"



Helsing frå Eli (sånn ca. 3 år...)

lørdag 17. september 2011

Can you hear the morning singing?






Ja, folkens... Korleis er denne laurdags morgonen? Kan du høyra den synga?? Eg vil uansett anbefala at dåke startar dagen med denne herlige songen :) Den er så glad, engasjert og ekte for ikkje å snakka om at den viser ein fabelaktig natur! Ein kollega av meg viste den til meg i forrige veka, og eg tenkte umiddelbart at DENNE må eg dela, eg vart sittande med eit fjollete flir og trampa takta inne på kontoret. Og så gjekk det i gløymeboka, shame on me, heilt til eg såg den inne hos Veronixmarie i dag. 

So, here you go, good people :) 

"Can you hear the morning singing?
Yeah yeah yeah yeah!"






Ha ein fabelaktig laurdag :)

Klem klem!

Det er freeeeeeeedag!






Fredag er den kjekkaste dagen på jobb! Då får me vafler i lunsjen, det er vinlotteri for dei som vil det. Stemninga er god. Folk smiler og er blide, har forventningar til fri og helg. Kanskje pyntar me oss litt ekstra? Eg har i allefall ikkje sloggi på ein fredag... ne-he-hei... då køyrer eg bestetruse altså, 
det var b e s t e t r u s e  ja, ikkje bestemortruse!

Det er deilig å komma heim frå jobb, huset er ryddig og nyvaska, ingen fotballturneringar i helga, ingen som skal på fotballskule, ingen som skal på fotballtrening, ingen som skal sjå fotballkamp, hint-hint Herr Fryd... DER tok eg feil gitt! (me skal bytta nokre fotballsko - men det tell ikkje)... Det er gullrekka på tv, til og med Senkveld er tilbake. Kvardagar er digg - for då kan me gleda oss til fredag og helg!







Kva er den perfekte fredagskveld for deg? Liker du fest og baluba, eller slappar du av i sofaen? Eg er blitt skikkelig heimekjær sofagris... Tenner på telys, og kosefaktoren er høg. Nyyyter å vera heime med familien utan planar, fredag er taco-dag (kan ikkje kødda med statistikken), være-lenge-oppe-dag og sove-lenge-laurdag-dag. Men merker at alderen har begynt å kødda med evna mi til å ligga lenge å sova, når klokka har passert 9 så er eg utsoven og klar.








I morgon skal Herr Fryd og storebror til frisøren og fjonga seg, når dei er nystyla skal me finna nye gardiner til stova, og fliser til gongen. No når det er blitt mørkare kveldar kjenner eg litt på behovet for å kunne dra for gardinene, stenga ute naboane :) Heldigvis er det kun ved spisestua at me har innsyn. Eg skal også innom Kull og bruka ein tilgodelapp... Mulighetane er STORE for at eit nytt Beck Søndergaard sjal blir med meg heim - eg har aldeles meg i dei med kamelar!
 

Nyt fredagskvelden, godt folk!


Klem Eli

fredag 16. september 2011

Hjelp - me vil ha kaffimaskin...







Kjæreallesammen *smisk-smisk*

Herr Fryd og eg har lenge mumla om å gå til anskaffelse av kaffimaskin... Eg synest at denne X7 Illy frå Friele shop ser veldig lekker ut :) Men så las eg inne hos Frk Virrum at den gjerne ikkje leverer heilt sånn maks...?

Eg var innom forbrukerportalen og såg på ein test, der fant eg Nespresso Citiz&Milk, ikkje så halvgalen å sjå til den heller forsåvidt - men - leverer den?



Foto: google.com og bolina.no




Eg veit akkurat kor på kjøkkenet den nye kaffimaskina skal stå, eg har til og med snopa meg koppar for lenge sidan, Tine K såklart...


Foto: tinek og Frøken Fryd





 Eg har vore på Kremmerhuset og kjøpt koppestativ...




Foto: Lobelia





Så eg er klar eg altså! Det var berre den der gode - men likevel fine og elegante og stilreine og lekre og smekre og prestentable kaffimaskina da. Tips? Anyone? Please? Pretty-please-with-sugar-on-top??

Eg lovar at du får komma innom på ein kopp med g♡♡♡♡♡d kaffi, med nåke attåt, om du tipser meg altså. Så... kva kaffimaskin har du, om du har... Korleis foretrekker du kaffien din? Drikk du kaffi i det heile tatt??


SmiskeklemfråEli (ganske fersk "kaffi"drikkar, som foreløpig må halda seg til Kaffe Moccha)



onsdag 14. september 2011

Om verdighet

google.com




Kvitt deg med søplet ditt med verdighet... Litt flåsete sagt og vist kanskje (biletet ovanfor), men forstår du kva eg meiner?

Kva er verdighet? Definisjonen på adjektivet "verdig" er:


adj. verdig ( a2) ['ʋæɾdɪ]
1 som er god nok (for)
en verdig arvtaker
2 rolig og sømmelig; høytidelig
verdig opptreden



google.com



Når eg høyrer ordet "verdighet" så får eg eit indre bilde av rak rygg, heva hake, direkte blikk. Eg forbinner ordet verdighet med respekt, ære og ydmykhet. Mitt favoritt sitat er: "Ingen kan få deg til å føle deg underlegen uten din tillatelse" (Eleanor Roosevelt). Når eg googla "verdighet" og "dignity" i dag så fant eg eit anna flott sitat, det kjem frå Michael J. Fox: "One's dignity may be assaultet, vandalized and cruelly mocked, but cannot be taken away unless it is surrendered".



google.com



Eg synest at dei to sitata er ganske like, egentlig. Det handlar om oss sjølv, korleis me oppfører oss i forhold til omverda, kva me vel å la gå inn på oss, indre styrke, respekt for oss sjølv. Om me ikkje har respekt for oss sjølv, korleis skal me forventa at andre respekterar oss? Verdighet er limet i personligheten våras, det definerar det meste... Korleis me reagerer på ting, kva me seier, kva me gjer, kva me engasjerer oss i, kva me står opp for.



google.com



Eg vart inspirert til å skriva dette innlegget når eg såg kva kveldens Dokument 2 skal handla om; "Oppdrag Verdighet". 


Kva tankar gjer du deg om verdighet?


Klem Eli

Stilleben





Hei hei, godt folk! Eg hiv meg på ei ny utfordring i dag :) Det er fin-fine Lidyll som har ei utfordring om å visa våre stilleben. Du veit, dei små utstillingane me gjer i heimen av våre favoritt ting. Lidyll har skrive meir om temaet, følg linkane over så kan du lesa meir om dette.











Egentlig så hadde eg heller lyst å ta bilder av mine stilleben som eg har på spisebordet eller på salongbordet... Men dei har eg jo vist nokre gongar før, så det er vel litt oppbrukt. Det er berre det at dei er så mykje lettare å ta bilde av! Her får eg så mykje motlys, og eg deler absolutt frustrasjon med Takhøyde når det gjeld å ta bilder, det er kjempe vanskelig! Fram til søndag har eg rett og slett brukt mobilen eg. Men, søndag så fant me att ladaren til vårt lille lommekamera, så no kan eg i alle fall bruka det.






Men, eg synest at bildene vart kalde og harde.Eg vart "advart" før eg begynte med blogginga at eg sikkert kom til å bli opptatt av fotografering. Eg såg ikkje heilt den, men det er heilt sant! No ser eg ting i bilder, og blir SÅ irritert når eg ikkje klarar å fanga det eg ser, beint fram snurt blir eg... Så no trur eg at eit godt kamera ligg ganske høgt oppe på ønskelista mi til jul. (Hint hint Herr Fryd, eg vil ikkje lenger ha Iphone 5, eg vil ha kamera).

Sleng dåke med på utfordringa dåke også :) Eg gleder meg til å sjå på dei andre bidraga!

Klem Eli

mandag 12. september 2011

Frukost med Emmeline

Foto: lånt fra Tine K Home bloggen



Har du spist frukost med Emmeline før? Det har ikkje eg, men snart skal eg :) Eg har nemelig bestemt meg for at eg skal på Bolig- og interiørmessa i Bergen frå 23. - 25. september, og eg har meldt meg på bloggfrukost med Emmeline. Eg er så glad!! Fekk spørsmålet om å bli med i går, sjekka med Herr Fryd og han slo til. No får han ei heile helg utan kjerring :) Weeee!



Foto: lånt frå Interiør- og Boligmessen sin blogg



Eg skal reisa i lag med tre skjønne damer, me skal bu på hotell, me skal kosa oss, me skal leva livet, me skal oppleva, me skal sjå, me skal kjenna på, me skal høyra på, me skal føla, me skal smaka... OH JOY!! Eg veit ikkje heilt kva eg gleder meg mest til... trur egentlig alt. Ein "høydare" blir nok bloggfrukosten med Emmeline, men AC Home sin stand der Tine K også skal være med trekker veldig kjenner eg. Lene Bjerre vert godt representert ved interiørbutikken Drømmehuset... Den Gode Feen kjem, Fru Fly kjem, Halvor Bakke. Det skal vera sofaprat... Her kan dåke sjå litt av krydderet på messa :) Eg blir berre SÅ ivrig no når eg tenker på det, berre eg ikkje blir sånn fjortis og hyler og hopper opp og ned og klappar i hendene når eg ser dei ;)



Foto: lånt frå Interiør- og Boligmessen sin blogg



Ja, ja... er det andre som skal, eller?

I dag er eg veldig stolt av meg sjølv! Eg har vore på spinning (eg var onsdag i forrige veke også)... No skal eg spinna kvar mandag og onsdag, så sant det lar seg gjennomføre. Bye bye til sideflesk og rompeflesk og anna flesk. No blir eg så lekker og smekker. Jiiiizes altså... Jah - det var dagens skryt! Mandag er visst treningsdagen over alla treningsdagar for Familien Fryd, berre sjå på timeplanen:

Storebror fotball: 16:00 - 17:30
Frøken Fryd spinning: 16:45 - 17:40
Lillebror fotball: 17:30 - 18:30
Herr Fryd volleyball: 20:00 - 22:00

Eg lovar dåke at mandag blir dagen for lettvint og kjapp middag... Gode tips mottas med STOR takk :) No skal eg ta meg ein deilig deilig bloggrunde etter å ha vore på jobb, stemt, vore på trening, laga middag, hjelpt storebror med lekser, hjelpt lillebror med lekser, lagt lillebror og lest om den vesle vampyren... Middagen står fortsatt på bordet, korga med klesvask er så full at det har rent ned på golvet. Badet treng ein vask, kjøkkenet flyter - og eg gir blaffen. For no skal eg ha kvalitets tid - so there!

Klem Eli :)