mandag 30. april 2012

Litt meir Ølen Møbel...





... for eg får rett og slett ikkje nok. Smiler og gliser enno, fortsatt høg på shopping-endorfinar (klart at det er eit ord og ein mulig tilstand faktisk... og klart at ein vert lykkelig av å kjøpa fine ting. Overfladisk - who!?? me?!?!).

Og dessutan har eg litt meir på lager av bilder, og det er jo for gale å ikkje dela herligheten, so here you go! Nytas!!










Skjønne Helene (Frøken og Fru)






To flotte damer, Anita (My Home) som var dagens vertinne og Lisette (Lisette's Perler)


Oppgjørets time... ;-)

May Helen (KROnPRINSESSENE) og Linda (Den Gode Feen) i prat, Linnea (TreToEn) målbevisst mot kassen...

Einaste hanen på bloggtreff, han var longt i frå så skeptisk som han ser ut her.  Heilt herlig!

Tid for påfyll, der var mykje godt... mmm...


Eg lova at eg skulle komma med link til dei som var med på bloggtreffet, for det må dåke jo få! Det var jo samla veldig mange kreative og kjekke damer, nedanfor finn du link til bloggane. Men eg saknar ein... Og ikkje huskar eg namnet på denne skjønne dama heller, ho fortalde meg at dei dreiv og bygde nytt funkishus, så ho var og samla inn mykje inspirasjon. Om nokon veit kven eg meiner så hadde det vore kjempe kjekt om dåke legg til link til bloggen hennar i kommentarfeltet slik at eg får oppdatert det, og sjølvsagt om eg har gløymt ut nokon andre :-) Ho var den einaste som var tøff nok til å komma i hatt, forresten.

Oppdatering: Takk til Venke Synnøve som tipsa meg om Moderne Stil som er lagt til lista med linkar, er det andre eg har gløymt så beklager eg det, og set pris på om dåke gjer meg oppmerksom på det :-)

Eg har ikkje fått opp lampen enno. Hadde tenkt å spørra Herr Fryd veldig fint søndag kveld, men så kom det eit litt uheldig fotball resultat... Brann vart slått på heimebane av Vålerenga, og då veit eg betre enn å komma med slike forespørslar.

Har tatt flotte bilete av solnedgangen i dag, dei skal dåke få sjå! Det var eit syn frå terrassen altså! Og så har eg stått på nyslått gras og hengt opp klede på snora - åh - det er berre velvære det!

My Home
Siljes Blogg
Tonemelonedesign
Forever Love
Bodil Bo
Frøken og Fru
Ynde
No 55
Hverdagsliv med det lille ekstra
I skråningen
Landliv i Ryfylke
Feien og Fjong
Den Gode Feen
Lisettes Perler
TreToEn
KROnPRINSESSENE
Cathrines Hjerterom
Mrs Hardy
Marthas Lille Boble
Vakre Dager
Livet i det blå huset
Fargebarn
Pippilottas Hus
Camillaeli
The Folding Chair
Min Glede
Hus på Rophus
Moderne Stil

søndag 29. april 2012

Magisk dag!




Spente bloggeberter på veg inn til bloggtreff hos Ølen Møbel : -)
Alle hadde lada korta sine, me var mette og gode i magen og klare til dyst...
Men først;



Tonje, Tone, Henriette, Maia, Helene, Vibeke, Eline, Hilde, Martha & Tone



 ... først møttes me til lunsj på Fønix i Etne - og denne herligheten var det Anita på Ølen Møbel som spanderte. Det smakte utmerket godt, tapas, litt for ein kvar smak. Kjempe godt brød, med grønn og raud pesto til - mmm!




Camilla, Kjersti & Hilde


Etterpå var me på visning! Ein fantastisk sveitservilla som er til salgs i Etne. Tenk, der kom det toget av interiørbloggerdamer plutselig inn på tunet... Eg hadde fått høg puls...



Masse ryggar (Linda, Hans & Tonje), og verdas herligaste Bodil Bo - ingen over, ingen ved sidan!

Birgit, Tone, Vibeke, Anita & Martha





Og så bar det avgårde til fantastiske Ølen Møbel, tru det eller ei men eg fekk faktisk kvilepuls når eg kom inn der. Eg hadde trudd eg skulle ta flatt av, men det var så god stemning der, alt harmonerer, lyst, lekkert og rett. Alt er berre så rett... veit ikkje korleis eg ellers skal ordlegga meg. God energi. Gjer dåke klar for eit bilderas...







Fint?! Jepp! Knallfint, faktisk :-) Fine-Cathrine i farta.

Svart eller grå, grå eller svart? Alltid like smilande og skjønne Annfrid :-)

Nydelige Mary Ann!

Cathrine, May Helen, Anita & Tonje



Så mange fine folk! Og så mange nye bloggerar å møta :-) Så kjekke og spennande folk å få lov å bli kjent med, litt etter litt. Det er så stas, altså! Men eg må nesten laga dette bloggtreffet i fleire innlegg, for det vert for mykje. Eg er redd dåke skal få overdose ;-) Då tar eg med linkar til alle som var der.

Kva som vart med meg heim skal eg visa seinare. Det blei lampe, ei pute og to, og eg kom meg ut, dei slapp å dra meg hylande og skrikande derifrå. Så då får eg sikkert lov til å komma tilbake også tenker eg.

(Så eit bittelitte hjelp... Er det nokon som veit kva eg gjer feil når montasjane eg lagar i Photoscape vert litt uklare når eg bruker "ekstra stor" på bildet i innlegget? Det irriterar meg... Tips mottas med stor takk!!!)






lørdag 28. april 2012

Paradis





I dag er Frøken Fryd i Paradis,
eller hos Ølen Møbel da...
Mulig at eg flytter inn.
Aldri godt å sei.
Anita må
leita
godt
og grundig
etter at ho har 
vinka oss avgårde.
Muligens ligg det ei Frøken Fryd
på lur under eit bord, bak ein sofa eller 
ein eller annan stad. Kan jo ikkje gje ho alle hinta no liksom. 
Skal eg finnast må det leitast. Skikkelig innsats, takk. Men det har
Anita og Silje alt gitt oss! Me heldige ca. 30 bloggerar som får 
lov å komma på besøk på denne fantastiske staden.
Som har visakort som kvin av skrekk, menn
som skjelv i buksene med tanke på
alt som kan shoppast med
heim. Me som med
store smil og 
bankande
hjerte
gleder 
oss ein heile 
haug til denne begivenheten.
Som har snikka, snakka, planlagt, smilt,
skribla, kribla, knist, fnist og i det heile tatt sett 
fram til dette bloggtreffet i Paradis / Ølen Møbel!!!
Me er kjempe heldige som får lov å komma i flokk.
Som kjem til "duk og dekka bord" (takk Silje).
Det skal bli meg ei kakling og leing og
forventningsfull stemning på 
ferja laurdag morgon.
Weh! Gleder
meg!

So long!





fredag 27. april 2012

Rødhette & Ulven på Natvigs Minde




Familien Fryd har som sommar tradisjon å reisa 
på teater tur til Natvigs Minde, ei lita øy rett utanfor 
Olje Museumet i Stavanger sitt havnebasseng.

Dette er ikkje vanlig teater...
Dette er heil-sprøtt humor teater!
Eg ler så eg får tårer i trusa, I kid you not.
Og ungane og foreldra ler på litt forskjellige stader til tider,
men me ler så å seia heile tida. Det er perfekt for trening
av magemusklar, og eg garanterer at du ler på deg
minst ein ekstra dag levetid etter dette.

Her kan du gå inn og lesa litt meir 
og bestilla billettar.
Vegar Hoel og Christian Eriksen er blandt skodespelarane,
og i år er det altså Rødhette & Ulven som er satt opp.
Tidligare har me sett Robin Hood, Pinokkio, Peter Pan og
Jakten på Sjørøverøya.

Ser me deg der?



torsdag 26. april 2012

Favoritten!




Ein ny favoritt er komt i hus.
Altså ei ny puta, overraska?
Eg er ikkje.
Men eg har kjøpt den brukt faktisk,
hos dronninga over alle putedronninger, Lisette :-)







Eg synest at den er nydelig!
Og den passer jo så godt i lag med dei andre Day Home putene mine.
Trur faktisk den føler seg skikkelig heime hos oss.






Den har budd hos oss i ei veka no.
Eg henta den forrige onsdag, og såg straks at dette vart ein ny favoritt!
Nyvaska, nystrøken og nypuffa fekk eg den med meg under armen.
Men først fekk eg ein liten snik kikk på Lisette sin heim.
Nyyy-hy-hyyydelig heim, og så var der ein liten Amadeus der, med 
store blå auger som sjarmerte Frøken Fryd!
Masse lekkert interiør i ekte Lisette stil, men dåke veit jo kor fint der er ;-)







Med dette innlegget er eg med i Maia si ufordring,
"Vis meg di favoritt pute!"




Er du med? 
Over 90 flotte bidrag er det komt inn så langt.
Trykk på denne linken så kan du sjå sjølv.



onsdag 25. april 2012

Duftlilje & lunsj med fine folk!




Jah, eg fortsetter å leika meg
i Photoscape, med montasjer og rammer
og litt snadder. Kjempe kjekt!







Brukar du redigeringsprogram
når du bloggar, om du bloggar då såklart?
Eg er ein veldig utålmodig type, så ting som tar tid
er ikkje blandt mine favoritt sysler. Altså vert det nok ikkje
slik at alle mine innlegg får pynt og rammer og stæsj,
men sånn ein gong i blandt er det jo kjekt å 
gjer det lille ekstra lisom :-)
Kva program er det
du brukar?

I dag skal eg på Ostehuset i Stavanger på lunsj med fine folk,
Ella og Martha - weh! som eg gleder meg :-)
Min siste fri-onsdag før eg går over i 100% stilling.
Skal du noko kjekt i dag?



 

tirsdag 24. april 2012

Ny taklampe




På laurdag skal eg til Ølen Møbel!
Og eg skal ikkje aleina, me reiser ein heil
gjeng med bloggarar frå Rogaland, det skal bli
meg eit leven og ei kakling...

Då skal eg kjøpa denne lampen!
Ein Tine K pendel i mørk grå, er den ikkje 
berre über lekker? Dette bildet har eg fått låna 
av Anna-Malin som har bloggen Helt Enkelt
det er nok min absolutte favoritt i blogg
verden. Ho gir meg så mykje inspirasjon med sine
nydelige foto, styling og milde vesen.

Har du ikkje vore innom denne bloggen enno
så befaler eg deg å ta turen, du kan ikkje gå glipp
av den rett og slett...

Og kjære Herr Fryd, sjå kor fin den lampen er!
Det blir så bra dette her skal du sjå :-)



mandag 23. april 2012

Vår følelse




Blir du vel ikkje glad av å sjå slike bilete?
Herlige fargar!
Sjå det flotte treet... 
Blomar og kronblad på bakken.
Og så Niki Jones putene da...
Blir du med på piknikk, eller?








Her er det golvet som fanga oppmerksomheten min.
Og korgene med blomefangsten sin.
Tenk så godt å gå barbeint på dette golvet,
ein sommardag når sola har varma det opp så det er lunt.






Klar for sommar eg no, 
håper at Vestlandet ikkje hoppar direkte frå vår til 
haust slik som har skjedd dei siste to-tre sesongane.
Heldigvis har me alt bestilt tur til varmare strøk
til neste påske. Så har eg i alle fall det å 
sjå fram til ;-)

Bileta har eg funne her.



søndag 22. april 2012

Søndag




Søndag...
Det er ein nydelig og rolig dag.
For oss vert det fotballturnering på Vaulen med lillebror.
Før syntes eg at søndagen var kjedelig, no nyt eg den.
Er du ein søndagselskar?




lørdag 21. april 2012

Om heltar og slikt...

Foto: Prinsessa sin stolte morfar




Det var ein gong ei lita prinsesse.
Ho var svært vakker.
Ho hadde langt, bølgete hår,
flotte smykker og stjerner i augene sine.

Den vesle prinsessa budde i eit lite slott i ein liten dal.
Ho hadde mykje sprett i den vesle kroppen sin,
og ho var meget bestemt, for det må små prinsesser vera.
Det kjekkaste ho visste var når nokon ville lesa for ho.

Ein dag kom det ein ny onkel på besøk i slottet.
Han var stor og sterk, men han hadde ikkje så mykje hår.
Den vesle prinsessa syntes ikkje det gjorde så mykje, 
for denne onkelen var veldig snill og veldig flink til å lese eventyr.

Den vesle prinsessa hadde mange kjekke bøker,
og onkelen hadde eit godt eventyr fang.
Alt glitteret som kribla i armane og beina til den vesle prinsessa, 
og gjorde slik at ho måtte hoppa og dansa og spretta rundt,
holdt seg heilt i ro når onkelen leste.

Den vesle prinsessa var veldig heldig,
for ho hadde ei tante som var veldig god og snill.
Når tanta smilte så stod sola opp,
og når tanta lo så sang fuglane.
Ho passa veldig godt i saman med den hårlause onkelen, 
for han var veldig flink å få folk til å le,
så det var mykje fuglekvitter i den vesle dalen.

Når den tøysete onkelen var ein liten prins
så hadde han mykje hår, og alt håret stod rett til værs.
Den kjekkaste songen han visste om var ein song som heitte
"Bæ, bæ lille fis...".
Den ville han høyra kvar kveld før han skulle sova.
Då lo han godt, og håret svaia nett som korn på ein åker i vinden.

Ein dag må nok onkelen synga songen om 
"bæ, bæ lille fis" til prinsessa.
Den vesle prinsessa kan fire magiske ord,
og med desse magiske orda og ein klem så blir det song.

Lurer du på kva dei magiske orda er?
Det skal eg fortella deg;

"Vær.Så.Snill.Onkel!" 





fredag 20. april 2012

Eg veit ei bygd der inne...




{ i mellom fjell og fjord }

{ ho gøymer tusen minner }

{ dei kjæraste på jord }





Barndomsbygda...
Og barndomsvenninna...
Som du har kjent "for alltid".
Som veit kva du skal sei, før du har sagt det.
Som forstår kva du tenker berre ved eit blikk.
Og ho forstår. Alt. Alltid!
Som du alltid beheld kontakten med, sjølv om du har flytta longt-longt vekk.
Og kontakten er der, sjølv om det kan gå år mellom kvar gong ein møtes.





Slike venninner heng ikkje på tre nemelig.
Og hadde dei gjort det, så skulle eg planta eit slikt venninnetre pronte!
Men heldigvis, så har eg ei "live". Ei som er aller-aller best.
Som eg har kjent sidan barnehagen.
Me er ikkje alltid enige. Me har ikkje kontakt kvar dag.
Det kan faktisk gå månader mellom kvar gong me pratast på telefonen.
Likvel så er me der kvar gong me snakkast.
Kvar gong me møtes.
Som om det berre har vore ein lunsj mellom kvar gong.
Heilt utrulig.
Og utrulig herlig!





Det er så trygt med slike venninner.
Det er så avslappande.
Så rolig.
Så godt.
Me kan ligga i kvar sin sofa og sova middag.
Treng ikkje skravla heile tida, blir helst nok skravling uansett.
Ein kan vera heilt seg sjølv.
Treng ikkje føla seg fram etter stemning,
du har den i ryggmargen.
Du berre veit.
Eit blikk er nok.

Og så humoren da...
Den råtne humoren...
Den dårlige humoren...
Den humoren som du egentlig berre kan sleppa laus 
på dei du verkelig er trygg på.
O lykke!




Etter fem dagar på besøk så skulle ein tru at me var rimelig lei tryna på kvarandre.
Men eg for min del er forbausa over at fem dagar faktisk kan gå fort.
Fekk til og med sol og varmt, fint vår vær. Men først var det grått
og trist med litt innslag av jesus-lys. Sånt lys som det ser ut som om nokon står 
på ei sky med lyskastar, evnentuelt sola såklart, og lagar disco lys på oss.







Ganske fin den heimbygda.
Den med alle minnene.
Alle minnene som eg og bestisen kan kasta ball med.
Husker du den gongen...
Og så fniser me, nett som fjortisar sjølv om me er nærare førtisar.
Og det er berre me som forstår.
Ubetalelig!
Herlig!


Eg veit dessverre ikkje kven som har tatt dette bildet av heimbygda, men nydelig er det.



BFF's. Skal ikkje kødda med det altså.
Det er viktig. Nemlig!!