lørdag 21. april 2012

Om heltar og slikt...

Foto: Prinsessa sin stolte morfar




Det var ein gong ei lita prinsesse.
Ho var svært vakker.
Ho hadde langt, bølgete hår,
flotte smykker og stjerner i augene sine.

Den vesle prinsessa budde i eit lite slott i ein liten dal.
Ho hadde mykje sprett i den vesle kroppen sin,
og ho var meget bestemt, for det må små prinsesser vera.
Det kjekkaste ho visste var når nokon ville lesa for ho.

Ein dag kom det ein ny onkel på besøk i slottet.
Han var stor og sterk, men han hadde ikkje så mykje hår.
Den vesle prinsessa syntes ikkje det gjorde så mykje, 
for denne onkelen var veldig snill og veldig flink til å lese eventyr.

Den vesle prinsessa hadde mange kjekke bøker,
og onkelen hadde eit godt eventyr fang.
Alt glitteret som kribla i armane og beina til den vesle prinsessa, 
og gjorde slik at ho måtte hoppa og dansa og spretta rundt,
holdt seg heilt i ro når onkelen leste.

Den vesle prinsessa var veldig heldig,
for ho hadde ei tante som var veldig god og snill.
Når tanta smilte så stod sola opp,
og når tanta lo så sang fuglane.
Ho passa veldig godt i saman med den hårlause onkelen, 
for han var veldig flink å få folk til å le,
så det var mykje fuglekvitter i den vesle dalen.

Når den tøysete onkelen var ein liten prins
så hadde han mykje hår, og alt håret stod rett til værs.
Den kjekkaste songen han visste om var ein song som heitte
"Bæ, bæ lille fis...".
Den ville han høyra kvar kveld før han skulle sova.
Då lo han godt, og håret svaia nett som korn på ein åker i vinden.

Ein dag må nok onkelen synga songen om 
"bæ, bæ lille fis" til prinsessa.
Den vesle prinsessa kan fire magiske ord,
og med desse magiske orda og ein klem så blir det song.

Lurer du på kva dei magiske orda er?
Det skal eg fortella deg;

"Vær.Så.Snill.Onkel!" 





5 kommentarer:

  1. Herlig tekst og bilde! For en heldig liten prinsesse som har en slik god onkel og tante. Så er hun nok en liten hjerteknuser hun også:-)

    Ha en fin lørdag, Eli!

    Klem fra Hjørdis

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Hjørdis :) Eg har ikkje hatt fornøyelsen av å treffa denne vesle skatten enno, men har jo blitt fortalt historiane, og dei er fornøyelige.

      Klem Eli

      Slett
  2. Ååå, sukk. Nydelig skrevet og herlig bilde. Ser jo så godt beundringen hennes <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Kissa :) Ja, han er stor helt! Ho er på besøk hos dei no, og beundra onkelen sin i singlet i går kveld. Og plutselig var vekk, etter ei stund kom ho tilbake - i singlet... Heilt herlig altså :)

      Slett
  3. Koselig historie, du er så flink å skrive!
    Ønsker deg en flott søndag♥

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!