torsdag 31. mai 2012

Motivasjon!

Hadde kettlebell vore noko for meg måtte eg sjølvsagt hatt ei slik kule...
Bilde lånt her.
Note to self - MÅ øve på dette frekke blikket!!


Utrulige bragder kan utførast ved hjelp av motivasjon. Ein av desse bragdene er at Frøken Fryd troppa opp på ein kettlebell time. Det skjer aldri igjen! Motivasjonen var sjølvsagt å bli tight og snasen, helst i går. I dagevis etter timen såg Frøken Fryd ut som om ho var 80+, det var ei stor utfordring å gå ned trapper, setta seg på do eller ned på ein stol. Motivasjonen med å faktisk GÅ ned trappa heller enn å kasta meg utfor slik eg følte for etter første trappretrinn, er jo at sjølv om du alltids kjem ned så er det rett og slett ikkje heldig.

Men over til timen... Altså, me måtte ta spensthopp! Når eg hadde slete meg gjennom denne timen med kettlebell, svinga og løfta og vridd på desse hekkans kulene og trudde me var ferdige så fekk me beskjed om å ta 50 spensthopp. WHAT!?! I do NOT do spensthopp!! Eg vurderte å spør trenaren om han var klar over kor mykje kropp eg måtte setta i bevegelse for å utføra eit slikt hopp. Men beit det i meg, heldigvis altså. Ser for meg eit øyenbryn longt oppunder luggen og kanskje eit motspørsmål à la: "kanskje du skulle tenkt på det før du slutta å trene og begynte å SPISE!?!".  Så det lot eg være, ja... Å herregud så tungt det var! Og så lukta det jern av hendene mine etterpå. Fysjom.

Og ikkje nok med det, men fisedama i frå spinning var der også! No er eg blitt så erfaren at eg alltid
stiller meg i motsatt diagonal som denne høytrykksberta, men ein snek av lavkarbo-fis kom i min retning også ja... Jeeez, ho ser jo veldig tight ut - men burde heilt klart vore justert kraftig bak, snakk om slark... Kanskje eg kan montera ei slik søt lita mobil vifte, Hello Kitty for eksempel, på styret på spinningsykkelen i tilfelle eg tross alt kjem bak ho på mandag? Så kan ho få den godlukta si rett i retur. Vær-så-god-og-takk-skal-du-faen-meg-ha! Frøken Fryd; alltid beredt!!





For spinning er fortsatt kjekt. Det er kjempe kjekt! Og eg har ingen problem med
å motivera meg til å stilla på dei treningane. No treng eg berre forslag til andre
oppstrammingstimar, slikt som får dvaske grevinne-armar, micheleng magar,
og ryggkoteletter til å fordampa. Og slepp ut den nye, "taite" og smekre Frøken Fryd.
For eg veit at ho er der inne ein stad, antageligvis...

Bring it on, folks! Bring it on!



onsdag 30. mai 2012

Pavlova




Pavlova kaka er snadder god! Og den er lett å laga, faktisk...
Men den kan ikkje ferdigstillast før rett før gjestene kjem da, eller før den skal på bordet.
Marengsbunnen pleier eg å laga kvelden før. Og då gjer eg som følger:

Piskar stivt 5 eggekviter, 1/4 ts salt og 2 dl sukker med foodprosessor, tok meg ca. 10 minutt. For å få ein fin sirkel fasong på marengsen har eg teikna av eit lokk på matpapir og så bruker eg ein slikkepott til å fordela utover marengsen. Det kan være greit å ha litt kantar opp på sidene som fyllet kan kvila mot. Den steikast på 125 grader i ca. 1,5 timer.





Når kaka skal på bordet så gjer eg det så enkelt at eg smører utover vaniljekrem (Piano) og topper den med 3 dl stivpiska kremfløyte. Oppå dette pynter eg med det dei har på butikken. Ser friskt og fint ut, og som dåke ser så har eg overhodet ikkje hatt nokon plan over korleis frukt og bær skal ligga oppå - det er slengt på ganske så tilfeldig. Og det smakar guddommenlig...

Bon appétit!


mandag 28. mai 2012

Gryte brød...




Hei hei, godt folk!
Har dåke hatt ein god pinse?
Det har me! Heilt aldeles nydelig,
toppers, perfekt, solfylt, sosialt og avslappande.
Me har vore på sommarfest, me har lagt til grillings 
på terrassen, me har feira tre års dag og hatt besøk av farmor.
Me har vore og handla blomar og Herr Fryd har laga nytt bedd
i hagen. Frøken Fryd misliker sterkt hagearbeid. Ho klarer
seg veldig godt med krukker på terrassen, heldigvis er 
Herr Fryd litt meir interessert.
 
 
 



Men i går kveld så oppdaga Frøken Fryd at
det ikkje fanst brød til frukost 2. pinsedag. Den
opplagte første løysinga for Frøken Fryd var sjølvsagt
å senda Herr Fryd ned på Shell for å kjøpa eit nysteikt brød.
Heilt til svigermor Åshild gav Frøkna idèen om at det faktisk går an
å baka brød sjøv også... Og då huska Frøken Fryd at å laga gryte brød
det er ikkje berre lett, det er kjempe lett og veldig, veldig godt!
Så då blei det å rota i hop ingrediensar til eit gryte brød på
silkerusen etter ei stor og iskald Hansa fatøl. Har no 
vel aldri vore sååå kjekt å baka brød ;-)

Her finn du oppskrift og framgangsmåte.

Kos deg, du treng egentlig ikkje anna enn brødet.
Litt tid kan komma godt med sidan det skal heva i minst 12 timar da :-)
Smaker fortreffelig til frukost, eller med kun kvitløkssmør, som tilbehør til ei god
suppe eller ein frisk og god salat. Er nok nydelig med aioli til også...

Mmmmm!



torsdag 24. mai 2012

Observert!





Inspirert av finaste Frk Virrum skal eg fortella dåke om nokre fiiiine observasjonar eg gjorde 
meg i går. Den første var i bilen på veg til jobb. Då kjørte eg bak ein "jobbebil", sånn typisk pizzabil om du forstår. Den var godt brukt, har kjørt mange kilometer og hadde ei laus lydpotte, den bråka i alle fall godt... Inni denne bilen satt det ein "jobbegutt", med hue... Kvifor hue i denne varmen??? Bad hair day?

Uansett, det vart rødt lys, og over fotgjengerfeltet kom det ei lekker dama. Ho hadde blyantskjørt på seg, fin, kvit bluse. Høge hæler, solbriller og langt, mørkt, glatt hår. Skikkelig snasen ja! Og det var ein rein fryd å sjå kor "jobbeguten" kosa seg og nøyt synet. Eg såg fliret hans i sidespeilet, han fulgte ho med blikket heilt til nakken nesten knakk med det breiaste smilet. Og det blei grønt lys... og han såg og han såg... Men blyantskjørtdama såg ikkje tilbake... Så då måtte han berre kjøra vidare. Men han fekk ein strålande start på dagen - ser fortsatt for meg det fornøyde gliset i speilet. Hihi. 



Bilde lånt hos Lise her



Seinare på dagen var eg med ein kollega på besøk hos ein kunde. Dei hadde takterrasse, så starten av møtet foregjekk ute i den herlige sola. Heilt ok ja! Og så kom det to måkar... Han hadde lyst, ho hadde ikkje! Og der starta levenet. Ho blei trakka på og hylte verre, han hylte også med heilt sikkert knusande gode argument for kvifor han burde sleppa til:

"Kom igjen da, ikkje vær så kjip..."

"Nei, vondt i nebbet!"

"Kom igjen da, du har så fine fjør i dag!"

"Ååå?"

"Kjempe fine! Men du, me har jo publikum også. Herlig frekt!"

"Ok da, kven kan motstå litt publikum, med dei fine fjøra!"

Og så var det hei-vil-du-gå med flaksing og hyling. Og det var ikkje fort gjort. Og det foregjekk ikkje diskret og i alle fall ikke i stillhet... Møtet vart avslutta inne...



tirsdag 22. mai 2012

Varmt og godt!




No er det så varmt og deilig her i Stavanger at eg burde 
hatt ein slik sofa, nær ein slik sjø, med ei slik utsikt!


Eller, for å vera litt meir smålåten,
så kunne eg alltids tatt til takke med denne uteplassen her også.
Furutrær kan brukast utanom julesesongen òg ser dåke...







Og når eg er lei av å dyppa tærne i sjøen,
og liksom skal vaska heile Frøken Fryd så
kan eg jo alltids klara meg med dette badekaret...
Det er like rundt som Frøken Fryd, 
passar jo drit bra!







Utsikta er akseptabel,
og så kan Don Juan, eventuelt Don Johnny, komma
med ein Bacardi Breezer og eit mjukt handkle.
Og så kan han fortella meg kor nydelig fin eg er,
og så set me på denne songen:






Og så valsar me inn i solnedgongen.
Meir har eg overhodet ikkje tenkt å dela med dåke.

Alle bileta har eg funne på Pinterest og det er
kjære, kjære YouTube som deler Eva Cassidy med oss.
(og takk-takketi-takk til Kjersti som gjorde meg oppmerksom på denne perla av ein song,
fin tur i går og ein knakande kjekke champagne lunsj)




søndag 20. mai 2012

Kjekk dag!




I går var eg på champagne lunsj for å feira ei
grådig kjekke jenta!
Eg kjente ingen frå før, bortsett frå denne kjekke jenta då.
Så eg var litt sånn halv-forberedt på at når me hadde spist og 
skravla litt så skulle Frøken Fryd gå heim.
Slik blei det ikkje...
Slik blei det heller ikkje forrige gong Frøken Fryd gjekk på champagne lunsj
med damer som ho ikkje kjente så godt i frå før. Då vart det ein 
helaftens, nett som i går.

Me gjekk på nachspiel kl. 21 (kan ein egentlig kalla det for nachspiel???) 
etter seks timar med boblande humør på Små Øyeblikk,
og så henta kjære Herr Fryd
den sprudlande kåno si sånn ca. kl. 00:00.
No står kjære Herr Fryd på kjøkkenet og lagar vafler.
Og ute vert himmelen meir og meir blå.
Temperaturen er fin-fin
og Frøken Fryd må sjå til å komma seg ut av kose kjolen
og ut og sanka frekner. Sånn er det med den saken!

Ha ein deilig søndag.
Og Henriette, nyt utsikta :-)


 

fredag 18. mai 2012

Jada, neida, så....





Det er fredag kveld.
Eg er herlig trøtt.
Eg har sjokoladeis med sjokolade bitar
i fryseboksen (Hennig Olsen sjølvsagt), eg
har tortilla chips med cheeeeeeeeeeeeeeeeeze,
eg har snope skål, eg har Helnøtt, eg har Fruktnøtt.
Pepsi Max goes without saying...
Jada, eg har heilgardert meg.








Og så skin sola inn vindauga.
Dei nyvaska vindauga mine.
Klokka er i skrivande stund 21:56 og 
sola er på veg ned, ei gul-oransje kule, flott
spel i slør skyene på himmelen. 
Eg har på The Voice.
Herr Fryd er ute på sjalabais.
Gutane er i kjellerstova.
Og eg trivest godt i eget selskap.






Lurer du på kvifor eg har pynta lysfatet
med ein tannkost?
Det lurer eg også på...
Gidd eg ta nytt bilde?
Overhodet ikkje!






17. mai sløyfene er rydda vekk.
No er det berre dei fine blomane att.
I morgon skal eg på Champagne lunsj...
Jepp, på Champagne lunsj - på Randaberg - tenk det altså.
Blir bra det! Blir veldig bra!
Så får me sjå korleis søndagen blir.
Sist gong Frøken Fryd for på Champagne lunsj så
tok ho den heilt ut (yeah - booombe) og kom ikkje att 
før longt på natt. Det er mange timar med
bobler det...

Har du kjekke planar for helga?





torsdag 17. mai 2012

Bunadsboobs!




Hipp hipp hipp!
Hurra hurra hurraaaaa!

Ein flott nasjonaldag er over.
Været har vore utfordrande, Frøken Fryd
hadde ullvotter med så det ikkje skulle vera så 
kaldt å halda paraplyen. Begge små Fryd'ane hadde
stilongs og ulltrøye under fin dressen. Dusjen
kunne me spart til me kom ut, hår føninga
også. Barnetoget starta klokka 10:00
og sidan små Fryd'ane sin skule
var nr. 50 av 51 så starta
dei å gå ca. 11:00.

No trur kanskje mange at me har hatt ein dritt dag?
Men det har me altså ikkje! Me har kosa oss, for heim
etter barnetoget, Herr Fryd laga varm sjokolade med
krem til. Me spiste pølse i brød, kake og is.
Storebror Fryd er no i gong med sin is
nummer 8. Har me sagt at han får
spisa så mange han vil så lyt
me stå for det... Me har
vore hos tante Kjersti
og fått deilig karamell
pudding og mykje anna godt,
helst på Kaptein Sabeltann og no
har me komt heim att. Fin stasen er 
hengt fint på plass. Me har fenalår på gong
snart, meir kake, meir is, meir brus, me har chips!

Hipp Hurra for 17. mai!
Håpar dåke har hatt ein flott dag!
Og sånn litt i siste liten; Gratulerer med dagen!


 

onsdag 16. mai 2012

Mrs. Gadget!




Frøken Fryd er vore på nettet.
Frøken Fryd har shoppa.
Frøken Fryd er verdt det!






Frøken Fryd, alias Mrs. Gadget, har fått iPad altså.
Frøken Fryd, alias Mrs. Gadget, sin iPad har fått lekker skinnfrakk.
Kjøpt hos Hviit, og den dufter! Den dufter skinn og er mjuk og fin, 
slik at den må kosast litt med, strykast på medan ein seier: 
"Åååå, så fin du er!" med mjuk, mjuk og ganske lys stemme!
(kan med fordel utførast når det ikkje er veldig mange andre rundt deg)

Mrs. Gadget sitt handledd har fått ny pynt.
Armband frå Vakre Rom.
Fint det og!
Servicen frå Vakre Rom var også veldig fin!
Der skal eg handla igjen!
Men ikkje no.
No er det nok for ei stund, Mrs. Gadget!

 Bileta er tekne med iPhone til Instagram.
 



tirsdag 15. mai 2012

Bloggeblom!





Eg skal ikkje skuldast for å vera første bloggar til mølla når det gjeld 
Corokia'en, sjølvaste bloggeblomen.
Men no er den her. I Fryd Heimen. Og den er fin. Kjempe fin!







Den ser ut til å trivast godt også.
I følge Mester Grønn dama så skal den vera lett å halda i live.
Vel, det vil no visa seg. Den kunne stå både lyst og mørkt.
Igjen, det vil no visa seg... No har eg i alle fall
vaska vindauga til 17. mai, så no får
den lys ;-)






Er eg smart i dag så gjer eg klar 17. mai kleda.
Sånn på normalen så er eg litt sånn i-siste-liten...
Men eg veit at dagen før dagen skal eg laga Dronning Maud pudding
og Herr Fryd skal laga Kvefjord kake, og så lyt jo fin duken
strykast og bordet dekkast - og sko pussast og hår vaskast.

Er du ein tidsoptimist?

Klem Eli



mandag 14. mai 2012

Canon e' kanon!




Eg elsker mitt Canon EOS 500D!
Eg investerte i eit digitalt speilrefleks kamera i februar og har ikkje angra det spøtt,
skulle gjort det for mange år sidan einaste...







Då eg starta å blogge tok eg bilder med mobil telefonen, og syntes forsåvidt at det var heilt greie bilder. Men det var vanskelig å fanga motivet slik som eg såg det for meg inni hovudet mitt.

(Forsåvidt like greit det da, for det er ikkje alle bileta inni hovudet mitt som tåler dagens lys...)
 
Kompakt kameraet som me hadde vart deretter tatt i bruk, men heller ikkje det klarte å tilfredsstilla mine vaksande krav. Ulike redigeringsprogram har eg kosa meg med. Først Picnic som eg fant via Picasa, men så la jo Picnic ned heile greiene. Og no er eg over på PhotoScape - eit redigeringsprogram som du kan lasta ned heilt gratis.

I bloggeland er me så heldige at ildsjeler legg ut tutorials på korleis me kan bruka dei ulike programma, Fabelaktige Maia er ein av dei. Ho har også ei utfordring på gang no som enkelt og greit heiter "vis meg ditt kamera". Og vinnar gåvene er heilt enorme...






I takt med interessa for blogging vaks interessa for fotografering, og når mitt kjære Canon var i hus så blei det enno kjekkare å fotografera. Eg er så heldig at Canon Norge faktisk sendte meg ei bok om Canon speilreflekskamera og har invitert meg på fotokurs tilrettelagt for bloggerar (det var i Oslo så eg fekk ikkje det med meg). Det synest eg var flott altså!  Heia Canon Norge - dåke er kanon!

Vil dåke sjå kva andre bloggerar fangar motiva sine med så finn dåke innlegga her.
Bli med du også då vel :-)




søndag 13. mai 2012

Vårteikn på kjøkkenet





Eit sikkert vårteikn i Fryd Heimen er når dufterankane på kjøkkenet blømer. 
Ein i kvart vindauga, dei har holdt ut sidan me flytta inn her,
så då er dei vel fire år gamle då. Skal sei at tida flyg...

Det såg eg forresten på laurdag også, då var me og kjøpte 
17. mai dress til Storebror Fryd. Herlighet altså, han såg jo ut som 
ein liten mann der han stod i prøverommet i dress.
Kjente det i hjertet altså, seriøst!
 







For at Lillebror Fryd skal halda seg liten og søt
såg eg meg rett og slett nøydd til å merka han.
Så no reknar eg med at litleguten min 
blir ein liten kosemakk i mange år enno ;-)
Puh!




lørdag 12. mai 2012

Libby Love





Sjå her kva eg har fått! Er eg vel ikkje heldig? 
Henta den på posten i dag og har gått rundt med den slik som ungar gjer med nye sko...

På posten så flekte eg opp emballasjen, gjekk bananas i all plastikken, 
sikker på at det hagla rundt meg med slike små plast dingsar - 
eg var så ivrig etter å komma til!






Veska er strategisk plassert på bordet slik at 
ikkje alt rotet viser. Herr Fryd var veldig skeptisk
når eg henta fram kameraet, klar til å dokumentera herligheten.
"Skal du virkelig ta bilde av alt rotet der?"
Ser du noko rot?
Ikkje eg heller...
Men eg lovar, hadde eg tatt bilde i ein annan vinkel,
eller kanskje zooma litt ut så hadde dåke fått Karasjokk - for i
denne heimen her ser det berre ikkje ut no.
Så no må Frøken Fryd bretta opp armane,
(haha - not necessary - har 3/4 arm på blusen)
og rydda - rydda -rydda!

Og etterpå så skal eg inn og sjekka mi nye dille,
nemelig Instagram, takk Virrum!
Vil du følgja meg så er brukernamnet mitt
elinernes

God helg, alle saman!



fredag 11. mai 2012

Sofa kos




Sjølv om det er lysare kveldar så MÅ eg tenna te-lys.
Det er så koselig :-)
Eg elsker å tenna alle lysglasa på fatet her, det er så fint spel i fasett glaset.







Så har me lyslyktene da...
Og duftelyset...
Og krone lysa...
Jada, det blir nok sot på innsida av vindauga 
på denne årstida også.







Og eg er ikkje den einaste som koser meg i sofaen ;-)
No er det fredda'n, så Zorro pusen får konkurranse om sofaen
når gullrekka kjem... Eg elsker the Voice, ELSKER det!

Eg må innrømma at Monica Blomeid på Magne sitt lag,
samt Suzana Costa Johansen på Hanne sitt lag er mine favorittar.
Ser på du the Voice? Kven er din favoritt??

God helg då, kjære blogge venn :-)




torsdag 10. mai 2012

Blomster glede




Litt meir blomar,
dei er jo så fine - dei fortjener oppmerksomheten!







Kva er dine favoritt blomar?
Eg såg nokre lekre anemoner inne hos Lisette
forrige veke, slike MÅ eg berre ha
altså, heilt nydelige!
Blåfargen var så intens og fin,
får dei ikkje ut av hovudet, hehe.






Til helga, då skal eg prøva å få tak
i blå anemoner.
Til helga...

Klem klem :-)



mandag 7. mai 2012

Ølen snop




I bakgrunnen her kan dåke skimta siste tilskudd til sofaen.
Ei fine puta i frå Day Home.
Sjølvsagt kjøpt på Ølen Møbel.
Det beste av alt, den er frå forrige sesong, altså halv pris.
I like! Samme som lampen eg kjøpte, halv pris den også.
Og nei, den er ikkje komt opp enno. Men ein dag... ein dag skal den komma på plass :-)







Og fordi eg er så kjekk og grei så fekk eg lov av meg sjølv å kjøpa råååsa ranuklar på laurdag.






Blir så glad av å sjå på dei!

Ny dag og ny veka, folkens.
Måtte det bli ei ekstra god ei for dåke alle :-)








søndag 6. mai 2012

Velkommen!




"Velkommen på laget", stod det på kortet som eg fekk med blomane
eg fekk av mine nye kolleger på onsdag.







Peoner fekk eg ♥ fantastisk!
Har hatt ei herlig veka i ny jobb! 
Fredag når eg køyrde heim frå jobb så var eg så lykkelig at eg følte at eg sprudla! 
Eg storkoser meg, og føler meg så heldig for å ha fått denne muligheten.
Og faktisk, så gleder eg meg til at det skal bli mandag og eg skal på jobb igjen, tenk det...

Ein deilig søndag ønskas dåke alle!



lørdag 5. mai 2012

Sommarfugl




Er ikkje denne sommarfuglen berre nydelig?
Eg har kjøpt den hos By It.

To augestikkerar var også med, og no flagrar dei rundt i vindauga våre og er fine.








fredag 4. mai 2012

Solnedgang




No er den her.
Tida for dei magiske solnedgangane.
Tida for når Frøken Fryd annankvart minutt om kvelden seier til Herr Fryd; "sjå no da, sjå NO!"
Og Herr Fryd prøver å vera entusiastisk og seier: "oj..."






Og no seier eg det til dåke også, eventuelt skriv det da, men sjå da, SJÅ da...
Det er så fint {sukk} - og dette er samme kvelden, med berre få minutters mellomrom.
Så då forstår dåke det sant?!?! At ein er nødt for å å gjera andre oppmerksomme på dette...






Fytti katta me er heldige som har slik utsikt, og paparazzi linse...
Håper du også har nydelig solnedgang i kveld :-)