tirsdag 31. juli 2012

Eit katteliv...





Desse utrulig nusselige puselankane tilhøyrer katten Zorro.
Han har budd hos oss i mange år no, og han er sjef.
Visste du at ein katt med letthet utnytter nesten all plassen i ein 3 seter?









Jada, berre ein klorer seg godt fast i matmor sine puter med framlabbane,
og strekker baklabbane og halen maks bakover, så har ein dekka eit ganske godt territorium, ja...








Zorro er ein skogskatt, og sånn reint pelsmessig så er han godt utstyrt for ei vinternatt.
Når det gjeld anna utstyr {fnis} så har Zorro "klipt seg", for å seia det sånn...
Me vil helst sleppa slik halvkåt remjing i nabolaget om natta!
På dette bildet ser katten Zorro ganske søt og uskuldig ut,
men berre sjå her...






Yadda! Tannstell har han!
Difor trudde Frøken Fryd at når Lillebror Fryd i dag fiska ein makrell, så kunne katten Zorro få denne.
Herr Fryd bløgga makrellen, og skar den opp i fine stykker.
Zorro skreik slik berre Zorro kan, sprang etter Lillebror Fryd ut i hagen for å få makrell.








Jepp... Zorro har tjukk rumpe! Men han er berre fluffy altså!
Trur dåke at Zorro ville ha makrell?
Nope... me måtte trekka den nokre minutt i kokt vatn først...!
WTF?!?
Bykatter altså...




søndag 29. juli 2012

Nye vinklar...





... eller nye auger...?
 
Når me har besøk så har eg så ekstremt kristisk blikk på heimen vår.
Alt som eg føler er "feil" med stove, kjøkken, bad - ja, rett og slett heimen generelt, skrik mot meg.
Hybelkaniner vert hybelelefantar, den rosa elefanten i rommet om du vil.
Og så "baksnakker" eg heimen min.
Rett og slett snakkart stygt om heimen min, drar fram alle feil som om berre for å visa at;
 "jada, eg ser dei!".

Er eg aleine om dette?






Når gjestene er gått så får eg på ein måte dei rosa brillene på igjen, ølbriller?!?
Men då er heimen fin igjen. Eg ser forbi hybelkaninene, og litt rot.
Eg vil jo gjerne at folk skal få komma på besøk sjølv om heimen ikkje er tipp topp perfekt.
Om me ikkje har støvsugd dei to siste veken, så drit i. Om støvet ligg på bordet, gjerne slik at ein kan skriva "vask meg" i det (mørke tre bord er noko fordømt skiiiit), så er det kjekt å ta i mot.






For slik er det hos oss, me har litt sånn skippertak mentalitet. Ting kan ligga og slenga, lenge.
Eg har nemlig utvikla evnen til å omgås rot. Jada, som småbarnsmor, i full jobb, gift med ein småbarnsfar, i full jobb. Då blir det lett rot då. Eg veit at nokon smårydder og vasker litt kvar dag. Not me... Hald dåke fast, men av og til står middagen på bordet heilt til rett før me skal legga oss! Jada, dette er heilt sant... Og det kan skje opp til fleire gongar i veka faktisk.

Men så får me av og til besøk da. Og eg har ikkje lyst å vera ho som spring hysterisk rundt og rydder medan gjestene er på besøk. Eg vil jo helst snakka med dei, det er vel difor dei kjem på besøk? Ikkje for å sjå kor fort eg kan svinta meg rundt for å få stova presentabel.








Og det er då eg baksnakkar Fryd Heimen. Unnskylder rotet. Trur at ingen andre har det rotete... Typisk hadde eg gjort deg oppmerksom på at eg hadde gløymt å ta fjernkontrollen vekk i frå sofa armlenet.

Men eg øver meg. Øver meg på å slappa av og ta i mot gjester sjølv om det flyter litt.
Før stressa eg i dagar før me fekk besøk. For det var veldig viktig at det var perfekt, rydda og vaska.
Og når gjestene kom så såg eg gjerne ut som eit takras og var berre fysisk til stades, tenkte på alt eg ikkje fekk ordna. Svett og fæl, hadde kanskje ikkje fått sminka meg ein gong, for eg "skulle berre" før gjestent kom. Så eg har komt vidare da... litt i alle fall.

Det hender at det stikk litt når eg les i bloggar at dei har egne gjesterom som sjølvsagt er nyvaska når overnattings gjestene kjem. Dynene er lufta i solskin, det står friske blomar på nattbordet og gjestene får egne badekåper og handkle fint dandert på hjørnet av senga med ein liten sjokolade på toppen.
Åh, eg skulle gjerne... Skulle gjerne tatt i mot gjestene våre på den måten. Men dei er varmt velkomne likevel. Me har ikkje eget gjesterom, gjestesenga står i kjellerstova. Og kjellerstova er Storebor Fryd sitt territorium, på godt og vondt. Der sitt det tenåringsgutar og fis og rapar og spiser og preiker og speler og høyrer på musikk som skjerer i Frøken Fryd sine øyrer. Og det er Storebror Fryd sitt ansvar å rydda og halda i orden. Og det går "sådär"...

Men, jeppjepp, slik er det hos oss, i gjeste situasjonen.
Korleis er det hos dåke?



mandag 23. juli 2012

Gode venner har gode venner!




Morgonen etter at eg  hadde plukka dei lilla finingane så oppdaga eg at det første Herr Fryd gjorde når han kom opp i stova var å åpna terasse døra og lufta ut. Då måtte eg knisa litt for meg sjølv.
Etter me kom heim frå jobb røyk dei ut på terassen, fulle i ekle små kryp og stanken tok dei med seg. No ligg dei i bio'en og skal bli til jord... Så veit eg det, dei kan få stå i grøfte kanten og gjera seg fine, dei skal få stå...







Eg syntes at eg sa noko som var så smart her ein dag... {kremt}.
Og det er at gode venner har gode venner.

I 99 % av tilfella trur eg at det er sant.
Er du ein god venn, får du gode venner, og gode venner - det vil me jo gjerne ha.

Det handlar om å gi og ta.
Eg er ikkje alltid på topp, og då er det godt ha venner som tar i mot meg på veien ned.
Eller gir meg fart opp bakken.
Og andre gongar, ja så er det min tur til å ta i mot.
Å vera den som tilfører eller gir råd.
Eller berre er der.
Begge rollene er viktige i eit vennskap.

Venner er den familien du velger deg, høyrde eg ein stad.
Og det er mykje sant i det.
Ikkje alle er fødd inn i ein perfekt familie, og då er det ei gåve å kunne bygga seg ein familie av gode venner i staden for. Ein familie med spesielt utplukka medlemmer, som alle utfyller kvarandre.







Har du gode venner?!?


PS! Fant denne artikkelen: Why It Is Hard to Make Friends Over 30



søndag 22. juli 2012

Håp!

 
 
 
 
"Dersom ein mann kan visa så mykje hat,
tenk kor mykje kjærleik alle me kan visa saman".
 
 
 
 
 

fredag 20. juli 2012

Skull & peace




Ser man det...
Frøken Fryd har vore kreativ igjen.
Og i litt sommarfargar.





Eit av lavaperler i ein gammalrosa farge med peace charm.
Eit av lavaperler i ein mintfarge, også med peace charm.
Og eit av beinperler med ein skull og ein peace charm.







Ja, så då er epla oppdatert.
Du kan klikka deg inn her om du er interessert :-)

I dag er min siste dag før ferien.
DET er god følelse det...



torsdag 19. juli 2012

Fin å sjå på...




... men herreminhatt for ei lukt...
Det er ikkje alltid at det du ser er det du får.
Ei heller i blomsterverda...

Så det så.

Dagens visdomsord ;-)



onsdag 18. juli 2012

Om leiking



I dag har visst bileta absolutt ingenting med teksten å gjera, men me kan jo leika at dei har det... Eg las nemelig følgande sitat i frå ei meget klok og kreativ flott dama, sjølvaste Astrid Lindgren:


Jeg skulle ønske dagens barn
lekte mer enn de gjør
For den som leker som liten
får en rikdom inni seg
som man kan øse av hele livet
Man bygger opp en varm, hyggelig
verden inni seg
En verden som gir styrke om livet blir vanskelig
Et sted man kan ty til i motgang og sorg





Eg huskar enno Barna i Bakkebygrenda, Madicken, Pippi, Ronja Røverdatter, Emil i Lønneberget... Det var jo så mange herlige eventyr! Og den tv serien om Madicken og Lisabeth - nydelige kjolar, langt krøllete hår, eg var jo heilt bergtatt... Kunne satt meg ned og sett den om igjen og om igjen trur eg :-)

Heldigvis føler eg at mine born, no minstemann da, er flinke og har vore flinke å leika seg. Eldstemann var flink han også, når han var mindre, no er det helst Playstation og pc som gjeld når han ikkje spelar fotball eller heng med kompisane sine. Eg må innrømma at eg snik leika med Barbie dukker til eg var 13 år, hehe, med LÅST dør, skulle søren meg ikkje bli tatt på fersken med slike barnestreker. Og så plutselig så var eg ferdig med det...







Det er artig å observera borna når dei leiker, kor kreative og oppslukte dei er i leiken sin. Og eg finn små lego mannar overalt, inni lyslykter, under duken, bak puter og oppi blomsterpottene. Og mamma mi har lært meg at leiker er ikkje rot, hehe, så då får han vel lov å spre lego'ane litt då - men ikkje hemningslaust. Og han må rydda etter seg, av og til :-)
Er du leiken?




tirsdag 17. juli 2012

Gnagsår og ein herlig oppdagelse!

Bildet lånt hos KK og kan ikkje samanliknast med gnagsåret i teksten, overhodet...



I går opplevde eg eit gnagsår.
Eit levande gnagsår.
I form av ein person...
Ein person som er mykje viktigare enn alle andre.
Ein person som kan gå forbi køen igjen og igjen.
Ein person som gneg og maler og maser.
Ein heilt ekstremt irriterande person.
Me skulle henta bordet vårt på lageret på Living.
Han stod framme ved skranken når eg stilte meg i kø.
Han venta på ein tilhenger.
Han kunne ikkje forstå at dei i skranken ikkje kunne gi han eit nøyaktig tidspunkt på når tilhengeren kom tilbake.
Trudde han kanskje at dei hadde eit timeglass?
Og når all sanden hadde rent ut så kom tilhengeren magisk tilbake?

Dette var kjerna i problemstillingen hans.
Som var så viktig at han gong på gong på gong måtte gå forbi køen,
stilla seg rett foran den i skranken og komma med eit nytt spørsmål.
Igjen og igjen, faktisk...
Fasinerande!
Og ekstremt irriterande.
Eg hadde overhodet ikkje energi til å ta tak i vedkommande.
Det er like greit.
Når eg blir ekstremt irritert så er eg ikkje alltid like saklig.
Kunne kanskje anklaga han for å ikkje kunne spela volleyball... eller nåke.
Så eg holdt kjeft.
Klokt valg Frøken Fryd.

Glad for det no.

Tilhengeren kom til slutt.
Men kva er det som gjer at slike folk ikkje treng følga dei vanlige kø reglane?
Er det fordi folk flest, som meg, rett og slett ikkje orker å bruke energi på å ta opp diskusjonen?
Argh!
Takk og lov for at ein har ein blogg der ein kan skriva av seg litt frustrasjon i blant.
Så kan ein legga det litt bak seg liksom.

Ein ting til...
Gnagsåret hadde ein son.
Han hadde ei usynlig lenke til faren, sjølv om han var ca. 20 år.
Han var innan ein radius av faren på ca. 1 m2. Konstant!
Med eit lite flir om munnen... Fett, halvlongt hår. Hendene i lommene. Lutrygga.
Men plutselig så kom der litt avstand.
Frøken Fryd begynte å laga små pipelydar for seg sjølv, pip-pip-pip-pip....

Kaboooooom!

Venta berre på at den usynlige hundelenka skulle sprenga.
Men det gjekk bra, heldigvis.



Bildet er googla. Googla rett og slett yippee, for det var det eg tenkte då.
YIPPEE!!




Så over til noko kjempe kjekt!
Noko som eg elsker!
Eg har funne ein ny favoritt blogg...
Har du vore inne hos Vigdis som skriv bloggen "Jeg er Jonathan"?
Eg vart heilt bergtatt, og scrolla nedover og nedover og nedover.
Fekk tårer i augene når Maria kom ut.
Smiler av tekstane.
Får energi av bileta.
Herlig.
Herlig - herlig - herlig!

Slik skal det vera :)
Kven seier at mammablogging ikkje er bra?!?
Tøysekoppar.





mandag 16. juli 2012

Sjokkert!

Bildet er lånt hos Sikring av barn i bil



Det aller mest dyrebare i livet mitt er borna mine.
Slik er det med den saken...
Difor vert eg så sjokkert når eg ser foreldre som ikkje sikrar 
borna sine i bil, når bilen er i fart, ute på veien, blandt andre bilar, bilar som køyrer fort!

Herr Fryd og eg var ute og henta nytt salongbord på Living i kveld.
På vei til parkeringa kjem ei ung mor køyrande,
ho har to jenter sittande i framsetet. 
Ja, TO jenter sittande i FRAMSETET.
Vil anta at dei var 4 eller 5 år...
Me fekk hakeslepp!

Så køyrer me heim att etter å ha mottatt bordet.
Då køyrer samme mor med jentene laust bak.
Det vil sei LAUST, baksetene var lagt ned og begge jentene
satt og rulla baki bilen.

Er det mulig?

Det såg ut som om denne mora var ei normalt oppegåande dame.
Kva i alle dagar får ho til å ta slike sjanser?
Er ho ikkje klar over kva som kan skje?
Skulle ho "berre"...?
Hadde det vore mitt barn i den bilen, på
besøk hos ein kompis, så hadde eg blitt rasande!
Kvitglødande rasande.
For dette er dumskap, latskap, idiotskap.
Og om nokon føler seg trufne no, og blir fornærma så får det så være.
SIKRE BARNET DITT I BIL! 
KVAR GONG!
ALLTID!!

Det er lett!
Det er fort gjort!
Og det er livsviktig!

Sånn...
Måtte berre få det ut.
Jeeeez!






søndag 15. juli 2012

Lyspunkt




Sat i godstolen min og såg på denne vesle Pelargonia finingen.
I ein bitte liten vase.
Men for eit lyspunkt...
Og heilt gratis, har plukka den frå ei krukke på terrassen.







På fredag var me avgårde og henta rolpegutane våre.
Dei har vore på miniferie hos mormor og morfar på naustet.
DET er lyspunkt det, å heilt uoppfordra få god klem av tenåringen,
og av lillebror - som sjølvsagt først skulle late som om eg ikkje skulle få klem...
Luraste smilet, spelar uskuldig. "Ka!?!"









Så rike me er som har slike lyspunkt i livet vårt.
Som har så mykje å vera glade for og setta pris på.
Og ikkje minst, som evner å sjå lyspunkta rundt oss.
For dei er i fleng. Kvar dag!
Den søte gamle mannen som har pynta seg for å gå på butikken...
Ho du handla hos som var ei solstråle.
Ein koselig mail i innboksen.
Eit hysterisk morsomt bilete på Instagram.






Ei gladmelding som gjer at du får tårer av lykke.
At Herr Fryd har kjøpt ein minihøgtaler som eg kan ta med på jobb,
for eg skal vera aleine på jobb denne siste veka før ferien.
At eg har zoom på kameraet slik at dåke ikkje ser den haugen av sokkar som ligg på golvet foran
bordet med lyspunktet på. Dei skal sorterast og parast. Så neste lyspunkt... Å finna rett partner til den sokken som ligg nærast. Hoho :-)

Eg håper at du har mange lyspunkt i livet ditt! Og ikkje minst, at du ser dei :-) Av med solbrillene!



tirsdag 10. juli 2012

Blod & di

Bildet lånt her



I dag har eg rett og slett blitt inspirert av meg sjølv...
Høyrde dåke det? Dåke som likar å håndheva janteloven?
(Heldigvis ingen slike som les Frøken Fryd bloggen, hehe!)

Eg-Blei-Inspirert-Av-Meg-Sjølv!!!

Det var så enkelt som når eg tok på meg sokkar før spinning timen.
Sokkane fekk eg sist når eg gav blod.
Under dei står det www.giblod.no
Og då flira eg litt og tenkte: "note to self; blood - sweat and tears"
- det må jo berre bli topp innsats på trening!
Sjølvsagt måtte eg umiddelbart dela dette på Instagram.
Eg tok bilete av sokken og tagga bildet.





Taggen blei litt feil da... #Blood_Swear_Tears
Men eg tenkte som så at eg banner rett som det er, jepp beklager, men det gjer eg altså...
Så då kunne den berre få stå.

Som vanlig så vandra tankane litt vidare, eg fekk med meg ein reportasje her ein dag, om at i Europa så er det kun Estland som gir mindre blod enn innbyggerane i Norge... Det kan me då verkelig ikkje vera nøgde med folkens, eller kva? Me manglar 30.000 blodgiverar på landsbasis! Eg veit at eg har skrive om dette før. Men eg synest at dette er ein viktig sak altså.

Etter 22. juli så var det mange som stilte opp og gav blod, men så gjekk visst engasjementet litt over. Dei aller-aller fleste av oss kan gi blod. Det tar ca. 30 minutt frå du kjem og til du går (dei fleste arbeidsgiverar støtter dette slik at du slepp å avspasere frå jobb for å gi blod), det gjer ikkje vondt, og det som er aller mest stilig av alt er at kroppen din dannar nytt blod - så du taper ingenting :-) Du får drikke hos Blodbanken og når du går får du ta med deg ein liten dings, eg har for eksempel 12 flotte raudvinglas no (for all del - eitt glas per gong... det må uthevast...). Må innrømma at det føles litt rart å drikka rødvin frå dei då dette liknar mistenkelig mykje på blod... Men det aller beste er jo at du gir frå deg ei uvurderlig gåve.



Bilde lånt her



For dei som no datt ut på grunn av bildet av THE TOTAL HUUUUUUNK ovanfor så minner eg berre om at å gi blod er ei uvurderlig gåve! Sjølv om serien True Blood påstår at blod kan framstillast syntetisk så er det faktisk ikkje tilfelle. Me må tappa det.

Vel, kven treng blod då? Trafikkulykker krever mykje blod, operasjonar, kreftsjukdommar, blodsjukdommar, brannskader og i forbindelse med fødslar kan det vera behov for mykje blod. Kanskje har ein av dåke på eit tidspunkt faktisk fått ei blodoverføring?

Så eg utfordrar herved leserane av Frøken Fryd om å melda seg hos næraste blodbank og bretta opp armen, høgre eller venstre, er ikkje så nøye kva for ein, berre du har ei god åra :-)



Bilde lånt her


Og så ein liten innrømmelse sånn litt på tampen...
Eg ELSKER Twilight serien.
Ja, eg er flau over det...
Snart førtis og greier!

{rødme - rødme - rødme}

Men eg er så fasinert av kjærlighetshistorien, flotte mennesker (sjølvsagt sånn heilt overfladisk), Cullen huset er drit tøft innreda, og eg ser seriøst filmane om att og om att... Stor koser meg, type krøller-tær-koser-meg altså.

Er der andre der ute, som er litt for gamle i forhold til målgruppa, som også elsker Twilight sagaen? Eller er eg heilt aleine?

Ja, berre sånn frå det eine til det andre liksom...



lørdag 7. juli 2012

Uhu!




Det er laurdag!
Eg har spist ostepop til frukost med Pepsi Max til.
Kjenner at kiloane renn av og kroppen gjer seg klar til bikini været som aldri kjem.
Kødda!
Klart det blir fint vær i sommar...

Denne ugle fanten kjøpte eg hos Thelma og Molli når me var på bloggtreff hos KROnPRINSESSENE.
Eg er litt forelska i denne ugle fanten.
Fatet er forresten også handla inn hos Thelma og Molli.

I dag skal Lillebror Fryd, Herr Fryd og eg på Istid 4.
Me gleder oss til det!
Storebror Fryd er på hyttetur med ein kompis.
I morgon skal me senda både Store- og Lillebror Fryd på miniferie til mormor og morfar på naustet.
Der skal dei vera heile veka.
Blir tøft...
For mor og far vel å merke...

Kva skal DU finna på i dag?

torsdag 5. juli 2012

Friminutt




I dag har eg vore på besøk.
Hos ei fine ei.
Og jammen kom dei ei fine ei på besøk utanom meg også.

Ho fine som eg besøkte hadde gjort i stand... som berre ho kan...

Og eg, eg fekk meg eit herlig friminutt i gode venners lag.
Påfyll!
Snakk om påfyll - no vart det jo påfyll både mentalt og fysisk da sidan det stod mange godsaker framme. Og når ein har ein impulskontroll som min så går det som det må...






Me har hatt så godt vær i dag, at ho hadde dekka på ute.
Det var berre heilt nytas altså... Sommar vær, om sommaren...
I dag måtte eg klippa ned mange av mine kjære Pelargoniar fordi dei mygla på grunn av alt regnet.
Det seier vel sitt om sommar været me har vore "velsigna med" så longt ;-)
Men i dag altså... Og muligens i morgon også... Sommar vær! Ekte, varmt, solrikt sommarvær.






Her er dei. Finingane! Og tenk, dei er like fine inni som utanpå.
Det er ikkje verst... Då skjønner dåke kor kjekke dei er og kor glad ein kan bli i slike finingar.
Takk for ein super koselig kveld, jenter!

Eg fekk lov å knipsa litt inne også. Heldige dåke, for no får dåke også sjå, det er SÅ fint!



Jada, eg gløymde fotoveska...









Eg elskar denne lampen!!








No sit eg her med begge terrasse dørane på vidt gap, klokka er i skrivande stund 22:30 torsdag kveld og det er varmt og herlig. Sola er på veg ned, gloraud i det lette skydekket. Det er fredag i morgon. FREDAG! Og det er kun to små veker att å jobba før det er sommar ferie. Livet er sannelig godt.

Ja, og for å toppa det heile så høyrer eg på min absolutte favorittsong for tida, "Princess of China" med Coldplay og Rihanna. Nyyyyytas!







Og no, no skal eg ut i hagen og henga opp klede. Medan eg nyt varmen og høyrer på svalene som gir meg herlige minner frå barndomen i "strando".

Ønsker deg og dine ei fantastisk helg! Måtte det gode været vare og vare og vare og vare...

Med dette innlegget er eg med på månadens utfordring hos NIB.
Andre bidrag kan du sjå ved å klikka deg inn her.

Klem Eli

mandag 2. juli 2012

Sommartid




Det er sommartid!
For Storebror Fryd betyr det sommarfri...
Og då kan dette møta Frøken Fryd når ho kjem heim frå jobb.
Jenter i kjellaren!!! Iiiiik...
Utvilsomt jenter med god smak, slike sko har Frøken Fryd også lyst på.
Tenåringsjenter kjem utan mute knapp og med veldig mykje lyd.
Når eg var tenåring var eg berre stille og snill og gjorde alltid alt som eg fekk beskjed om.
Aldri noko knising og kviskring... (Yeah right...).




Brrr, må ha ullsjal på jobb...

Brrr nr. to... hadde på tøysko (fint rim!!)



For vår del er det nesten tre veker til med jobbing før me tar ferie. Men med det totale fråvær av sommarvær så er det gjerne like greit... 13 grader og regn... topp!

Godt er det då at ein har hatt ei herlig helg med verdas beste folk som attpåtil er familie.
Me har hatt søskenbarntreff på naustet til foreldra mine.
Knall kjekt! Og veldig tøft for ein kropp på 38 år å ta ein todagers... OMG! Seriøst OMG...!
Men samtidig så er det jo påfyll for sjel og humør, og då får ein tåla litt tidlige kveldar dagane som følger.



Blomsterbil som låg foran meg på veien, for ordens skyld så er det Herr Fryd som har tatt bilde med min iPhone... Eg hadde begge hendene på rattet. Og det er HEILT sant, onkel politi!



Sommartid er det visst på Frøken Fryd bloggen også.
Men eg kjem sterkt tilbake.
Eg er på Instagram så å seia daglig, så om du vil følga meg der så kan du søka på elinernes og vips så finn du samtlige av bileta over her.
Eg har nevnt Instagram før, og eg er fortsatt hekta!
Blir så fasinert av at ein kan vera med i kvardagen til dei du vil følgja (så sant dei har åpen konto såklart), og sjå bilder tatt der-og-då av din favoritt kjendis eller blogger eller venn.

Om du lurer på kva Instagram er og korleis du kan bruka det så har fine Elisabeth innerst i veien laga eit innlegg for dummies :-)







Det hender at eg pynter meg litt også ser du, her med sjølvlaga armband. Og med Instagram må alt dokumenterast. Om eg ikkje såg teit ut før, når eg krøyp rundt med speilrefleks kamera og tok bilete av blomekvastar og vasar og pannekaker før dei var spist, så ser eg enno teitare ut no. Tar bilde av armen min, eller skoa mine, eller meg sjølv inne på do på jobb (eg satt ikkje på nr. to...).

Ungane slepp ikkje unna dei heller... Men det er ikkje alltid at dei er oppmerksomme på mamma si irriterande knipsing såklart ;-)




Eg eeeeeelsker nakkar, blir heilt mo i knea av dei. Og sjølvsagt er eg ekstra svak for nakkane til mine søste små...

Kosestund for Lillebror Fryd og Frøken Fryd :-)



Ja, ja... Og slik går nu dagan. Plutselig er det ferie for oss også ;-)
I år går ferden til Danmark, me følger Storebror Fryd på fotballturnering i Vilbjerg. Etterpå går turen til Legoland, Tivoli, Liseberg og så heim etterpå. Me gleder oss til tre veker med familietid, forhåpentligvis med sol og deilig vær.

Har du begynt på ferien, eller? Har du planar?

Klem Eli