tirsdag 23. oktober 2012

Om å ha vore engasjert...




Jah, då er arrangementet overstått.
Frøken Fres er ferdig å vera Frøken Fres og kan bli Frøken Fryd igjen.

Frøken Fryd lurer på kvifor Frøken Fres stressar seg slik opp?
For det gjekk jo bra... sånn i etterpåklokskapens lys.
Men jammen har Frøken Fres svidd av mykje energi.

Frøken Frykt har vore innom også.
Ho slitande berta som er redd for at alle skal vera misfornøyde med opplegget.
Ho som trur at alle kan gjera det betre.
Ho pesimistiske som frykter at alle dei andre foreldra skal påpeika manglande kontroll.
For det føltes ikkje ut som Frøken Frykt hadde kontroll.

Ære være alle lærarar...
Å få samla alle elevane og gi ein beskjed for ei mor som normalt har to å forholda seg til var litt sånn risiko sport. Og å tella ein masse i konstant bevegelse, ikkje lett! Og kven skal vera på gruppe med kvarandre? Kor mange på kvar gruppe? Har alle foreldre ei gruppe å gå med?

Yadda...

Men det skal dei ha, foreldra på trinnet. Sånn totalt sett, så var det fleire foreldre enn born som møtte, trur eg. Så kanskje var Frøken Fres uheldig med den ressursgruppa som var tiltenkt akkurat dette arrangementet? Kanskje hengte Frøken Fres seg for mykje opp i dei som ikkje gadd komma med tilbakemelding, heller enn å fokusera på dei som faktisk stilte opp? Kankje vart det for mykje Frøken Fres og Frøken Frykt i staden for Frøken Fryd?

No er i alle fall Frøken Fryd letta og glad over at arrangementet er vel i havn.
No skal Frøken Fryd lena seg tilbake utan å ha ansvar.
No er Frøken Fryd "ferdig" for i år.
No kan Frøken Fryd berre bidra, supplera, ikkje vera motor.
Elsker det!

Herved erklæres det at det er tid for Frøken Fryd's nye guilty pleasure, nemelig Netflix og "Vampire Diaries". Totalt tanketom aktivitet som ikkje krever det spor engasjement.

Aaaahhhh....



 

søndag 21. oktober 2012

Om å engasjera seg




Frøken Fryd kan til tider vera ei meget engasjert dame.
Ho kan ropa høgt til dommaren på ein handball kamp når ho veit betre enn dommaren.
Klappa høgt og le støyande på feil stad i ulike samanhengar.
Tørka tårer og snørr når ho les ei bok som set følelsane i sving.
Bli forferda over urettferdighet.
Slå neven i bordet i raseri.

Og så engasjerer Frøken Fryd seg i borna sine.
Dette er bakgrunne for dette innlegget.
Frøken Fryd er forbanna! Frøken Fryd er blitt til Frøken Fres!
Fresande forbanna over manglande engasjement i resten av foreldregruppa i klassen til Lillebror Fryd.




Frøken Fres er foreldrekontakt, ho var ein av dei som takla den støyande stillheten når det var spurt etter frivillge på foreldremøtet dårlig... Frøken Fres har alt vore foreldrekontakt for dette trinnet og syntes det var heilt greit å sleppa andre til. Men det var stillhet. Stillhet stillhet stillhet... Så rektes ei hand opp, og det var handa til ei som Frøken Fres med letthet kan samarbeida med. Då var det i grunnen lett å stikka seg fram igjen. Årets opplegg vart spikra og no står arrangementet som Frøken Fres skulle dra i gong for trappene.




Frøken Fres brukte tid på å laga eit fint info skriv til ranselposten.
Frøken Fres brukte tid på å skriva ein positiv og engasjerande epost til ressurspersonane for arrangementet.
Frøken Fres venta forventningsfullt på stormen av tilbakemeldingar frå engasjerte ressursperonsar som gleda seg til å stella i stand ei fin stund for borna sine.
Frøken Fres fekk to kjappe svar frå engasjerte ressurspersonar som gjerne stilte opp.
Og så var det stillhet. Stillhet. Stillhet. Stillhet.
Ironien ville det til at det var desse to engasjerte ressurspersonane Frøken Fres sat i fotballmøte med samme kveld også...
Ja, det er igjen og igjen tydelig at det er dei samme ressurspersonane som stiller opp. Som klarar å rydda plass i sin travle kvardag for å dra lasset i saman.

Så så måtte Frøken Fres bita sine engasjerte kjever i saman og skriva ein purremail.
Det var stillhet. Men så kom nokre svar sigande. Og Frøken Fres vart litt meir positiv.
Men fortsatt var det stor og støyande stillhet frå ein del av ressurspersonane.
Så Frøken Fres sendte ein sms til kvar av dei. Stillhet. Stillhet. Stillhet.
Frøken Fres er IKKJE imponert!




No skal Frøken Fres sy i saman opplegget basert på tilbakeldingane ho har fått i frå dei som stiller opp.
Egentlig hadde Frøken Fres lyst til å avlysa heile opplegget.
Frøken Fres hadde ein tordentale klar til neste foreldremøte.
Men så kom Frøken Fres på at det er jo for borna at me gjer dette.
For at dei skal få komma i saman også utanom skuletida.
For at foreldra skal få snakka litt i lag og bli betre kjent.
Me sender tross alt det mest dyrebare me har heim til nokre av desse.
Så då vert det gjennomført, så sant været tillet det.
Og Frøken Fres kan bruka tid på å sy i saman arrangementet, med tanke på kor mykje Lillebror Fryd gleder seg til dette. For det har han sagt. Og då er det jo lett å avsetta tid til det.

Men likevel altså, så er Frøken Fryd no Frøken Fres.
Engasjert. Irritert. Forbanna. Effektiv.
For det er jo det mest positive oppi det heile.
Når Frøken Fres blir irritert eller engasjert så blir ting gjort.

Sånn... Då er dette sjølvforherligande innlegget ferdig.
Frøken Fres har fått irritasjonen ut av systemet og skal bruka sitt glødande engasjement og sin ekstreme positivitet til å ferdigstilla forberedelsane. Slik at andre kan komma til duk og dekka bord.

Hurra!



fredag 19. oktober 2012

Heldige lillebror Fryd




Lillebror Fryd er ein skikkelig heldiggris!
Om eit par dagar får han nemelig denne fine hette-jakken i posten.
Me har snusa rundt på nettbutikken til Polarn O. Pyret for å fylla på garderoben hans litt.
For sjølv om han er ein lillebror så driv han og veks seg stor, nett slik småbrødre skal.

Perfekt å sitta inne i haustvind og regn og nettshoppa.
Været ute minnar oss om at Halloween er rett rundt hjørnet, og er det noko Lillebror Fryd likar så er det Halloween! Han er blitt litt for stor til å kjøpa skumle Halloween klede, men for dei som har ein Lillebror eller ei Lillesøster som er litt yngre så har altså Polarn O. Pyret ein konkurranse på Facebook der du kan vinna nettopp skumle Halloween klede ;-)




Sidan det er haustsalg på Polarn O. Pyret sin nettbutikk denne veka så vart det ein genser til gitt.
Så no er Lillebror Fryd hoppande glad, og Mamma Fryd er også særs nøgd! Nettshopping er bra genialt...

Vinn vinn!




onsdag 17. oktober 2012

Ein KULL opplevelse!





Jah, godt folk...
No kan dåke tru at me har kosa oss, me Rogabloggerane.
Desse to damene her, Wenche og Keth, sørga for at me hadde ein strålande aften hos KULL.






Me Rogabloggerar har no to nye damer i hjarta våre, tusen takk for ein flott kveld!
Heile denne gjengen under her var heftig begeistra og fulle av forventning.






No har dåke fått sett bileter av ein heil masse flotte damer.
Klarer dåke eit bilde av ei flotte til?
Ja?
Så bra!!
(som om dåke hadde noko valg, liksom...)






Dette er Gry.
Gry som meget mogleg har den kjekkaste jobben i Norge.
Ho er agent for Ferm Living og By Nord, i Norge...
Kva byr du?
Oj... og dette var også ei veldig koselig og skjønne dama.

Men no dåke, no MÅ eg få visa fram litt av alt det flotte som KULL har i butikken sin.
Eit godt, gammaldags bildedryss coming up.







Men utanom ein heil masse lekkert interiør byr KULL også på smykker, vesker og klede.






Eg har knipsa så enormt mykje bileter.
Det er så enormt mykje fint på KULL.
Nyttar ikkje med berre ein runde i butikken veit du.
Ein lyt gå rundt og rundt, rundt og rundt og så kan ein spisa litt sushi frå Sabi Sushi...




... og så kan ein gå rundt og rundt, og rundt og rundt igjen.
Og likevel, likevel så finn du nye skattar heile tida.
Eg vert søren meg ALDRI ferdig når eg er på KULL.
Får ikkje nok.
Vert ikkje mett.


Eg måtte berre avrunda med ein liten kollasj av fleire flotte damer og flotte ting.
Om dåke lurer på kva merker KULL fører så ser dåke dei nevnt under her.
Eller aller helst, ta dåke ein tur og opplev.


 Mexx   Nina Jarebrink   Pols Potten    Riccovero    Sand    Sif Jakobs    Snø   Tom Haga


Takk for i går, fine Rogabloggerar og KULL damer.




Landeveg




Litt fleire bileter frå kjøkkenet til Anita, Landeveg, i dag.
Så varmt og koselig, lyslykter og nydelige ting for auga å kvila på.
Ja, Turid og Ingebjørg, det var sjølvsagt dåke eg tenkte på!







Me fekk servert deilig mat når me var på venninnekveld forrige fredag.
Ein ny pizza-vri som Frøken Fryd aldri har prøvd,
men for å seia det slik - den vert prøvd igjen! Kjempe godt!
Berre sjå så lekkert pizzaen vart servert...







Og oppå den... all slags herligheter!







Eg må rett og slett få tak på oppskrifta til denne typen pizza!
Ja, Anita... dette er eit direkte hint ;-)








Jepp, det var kjøkkenet.
Neste gong - stove glimt!
Eg lovar dåke at det kan dåke gleda dåke til!

Klem Eli





tirsdag 16. oktober 2012

Kull!





Nuh! I dette sekund, er dagen for noko Frøken Fryd har gleda seg til lenge!
Jepp! Det er det nevnte bloggtreffet på Kull!
Har du vore på Kull før?
Det har denne frøkna her...
Og det er like inspiererande. Kvar gong. Alltid!
Det er skjønne Linnea med TreToEn bloggen som har dratt det heile i gong...
Bless you, Linnea!
Really!




Kilde: www.kull.no




Dei har alle dei kjekke merkene...



Kilde: www.kull.no




Dei presenterer alt på ein framifrå måte...



Kilde: www.kull.no




Og ikkje minst...
Dei har den kjekkaste dama som jobber i butikken!
Ho KAN klede!
Ho KAN styling!
Ho ER kjekk!
Ho ER flink!
Ho er ALLTID like fin!



Kilde: www.kull.no




Og folkens.
Legg merke til den kule blusen.
Eg berre seier det...
What's not to like?

Ser eg deg på Kull kl. 19 i dag?
Eller kanskje ein annan dag?




mandag 15. oktober 2012

Til duk og dekka bord




På fredag kom Frøken Fryd til duk og dekka bord.
Eller, det var ikkje duk da, men nydelig dekka bord!
Det var nemelig venninnekveld.
Frøken Fryd elsker venninnekvelder!







Alt når eg kom inn i innkjørselen såg eg at vertinna vår ønska oss velkommen.
Mange lykter med tente lys viste vegen til inngongsdøra.
Skulle gjerne tatt gode bileter som viste stemninga, men eg er ikkje så god på bileter i anna lys enn dagslys...







Eg elsker å bli ønska velkommen på denne måten.
Og veit dåke, alt før eg hadde ringt på døra så åpna den seg,
og ei smilande blid Anita åpna og gav meg den beste klemmen.
Eg elsker å bli ønska velkommen på den måten også!







Som den sniken eg er så tok eg mange bileter!
Dette er nemelig ein av dei vakraste og mest harmoniske heimane eg veit om.
Og eg veit faktisk kva eg snakkar om, eg har bokstavelig tatt vore i Noregs vakraste heim...
Eg tenkte å komma med små drypp utover i veka, alle bileta på ein gang vert rett og slett i meste laget.
Det hadde vorte ein inspirasjonsoverdose for dåke!
Heimen eg har vore i har eigen blogg, den heiter Landeveg, og eg anbefaler varmt ein tur inn dit!







Så foreløpig er dette alt dåke får sjå...
Sorry!

I morgon, då skal Frøken Fryd på bloggtreff på Kull!
Gleder meg ein heile haug.
Det er så mange herlige damer å snakka med, å få seg ein klem frå, å le og dela inspirasjon med.
Good times!




fredag 12. oktober 2012

If I





Blir litt lenge mellom innlegga her...
No reiser Frøken Fryd på venninnehelg til Stord, men her har dåke ein fin song å ta helg til.
"If I" med Machine Birds.

God helg, godt folk!!

søndag 7. oktober 2012

Ei god helg!

Frå butikken "Kvist og Kvast" på Stord.




Fredag ettermiddag gjorde Frøken Fryd og gutane seg klare til helgekos på Stord.
Me køyrde rimelig tidlig, forberedt på mykje haustferie trafikk.
Heldigvis var det svært overkommelig mengde.
Ein idiot kom køyrande bak Frøken Fryd - Frøken Fryd er ingen sinke, for å seia det sånn.
Han klistra seg oppi hekken på bilen og i ein sving gjorde han anstøt for å køyra forbi.
"No you didn't..." kviskra Frøken Fryd (kanskje litt Frøken Frykt der og då).
Yes he did...!
Oste forbi i over 100 km i timen. I ein sving. Premie idiot!

Men, kven andre stilte seg i feil billett kø før ferja...
Moahahahahahahaaaaa!
Frøken Fryd grisekosa seg, og køyrde forbi med flagrande drøvel og høge latterbrøl.
Inni hovudet sitt vifta ho med to store langfingrar også.
Skadefryd er den største fryd - no doubt!










Når me hadde komt ut av ferja gjekk trafikken rimelig greit.
Heilt til me kom bak ein skrekk sjåfør...
Ein slik sjåfør som køyrer i 70 i 80 grensa.
Nei... 80... nei... 70... naaaj la oss køyra litt i 80 og så i 70 og så i 80...
Så kom me til tunellen, og då var det å bremsa heile forbaska vegen ned.
Frøken Fryd blir ganske verbal då... full i spørsmål.
Har du høyrt om å bremsa på giret? Hm? Hæ? What?!?!
Æææææææææææææææææææææhhhh!
Stakkars, STAKKARS bremseklossane til den bilen.
Dei må ha vore rimelig varme rundt øyro når dei vel kom ned til botn av tunellen...
OMG... Det var nydelig å båla forbi den bilen på veg opp tunellen.
Rett og slett forløysande var det. Ah!











Hjå mormor og moffen har me kosa oss stort med familien!
Me har spist deilig mat og me har hatt god vin.
Me har snakka om Kristoffmisbruker Robin og Nazi Nøff.
Og me har ledd og ledd og ledd.
Minst fem år ekstra på baken, minst!
Lillebror Fryd fekk vera med moffen på kunstutstilling.
Det var stor stas, han fekk snakka med kunstaren sjølv og andre malerar.
Lillebror Fryd skal nemelig verta malekunstnar eller fotballspelar når han vert stor.
Så sånn er det.












Frøken Fryd har vore med mammo si på Vikjo.
Me har vore på Kvist og Kvast, fast stopp når me er på Stord.
Og Frøken Fryd fekk lov å knipsa nokre bileter, så alle bileta over her er knipsa der.
Håper dåke kan føla litt på stemninga når dåke ser bileta.
Det er ein nydelig butikk. Så lekkert styla!
Frøken Fryd har blogga om denne herligheten ein gong før, du kan lesa innlegget her.
Og så var Frøken Fryd så heldig at ho fekk helsa på fine Lillian med bloggen Millas Blåbærtua.
Det var veldig kjekt å helsa på deg, Lillian :-)

Frøken Fryd sin mamma og pappa har flytta i nytt hus, og litt av utsikta deira skal du få sjå her.
(har knipsa ut stovevindauga - derav kvaliteten)












Jammen er det fint på Stord!
Men det er nok ikkje noko sommarøy...
Desse bileta knipsa eg på fredag, og takk og lov for det.
For resten av helga har det regna, og regna og regna og regna...

Og jammen tar eg ikkje turen neste helg også.
Då er det venninnehelg.
Det gledes! Det gledes!!



 

torsdag 4. oktober 2012

Veronicas frukostblanding





Eg har ei veldig god venninne som heiter Veronica.
Veronica er flink til mange ting.
Først og fremst så er ho super til å vera venninne!
Ekspert på å laga det fint rundt seg.
Ho er klok.
Ho er flink til å vera mor og kone.
God til å verkelig sjå folk, og få folk til å føla seg sett.
Ekstremt god på å få folk til å føla seg velkommen.
Og så, så er Veronica veldig flink til å laga gode ting.







Eg er veldig flink til å herma.
Og no har eg herma etter Veronica si frukostblanding.
Den inneheld som følger:

favoritt nøtteblandinga di
grovhakka
varma på middelsvarm steikepanne i fem til ti minutt
hell over akasiehonning til alle nøttene har fått seg litt glans
tøm over på bakepair og la kjølne
dryss litt kanel og vaniljesukker over

Den kan spisast "as is" eller med litt kesam og frukt for eksempel.
Og så gjer den seg jo veldig bra på Norges glas da.







Første gong eg skulle laga denne frukostblandinga bomma eg stygt.
Eg hadde linfrø oppi.
Og sterk varme.

Det skulle visa seg å vera ein veldig dårlig kombinasjon!
Linfrøa laga etterkvart popcorn lydar.
Eg tenkte med meg sjølv at dette kan umulig vera bra.
Og det var det ikkje heller...

Så eg heiv driten.
Herr Fryd var svært overraska over at det havna i bosset.
Han hadde nemelig smakt, før det kom i bosset, og syntes at det var rektig så godt.
Jaja, eg takkar for det.

Men no har eg laga ny.
Og den er enno mykje betre!