tirsdag 2. oktober 2012

Litt til... berre litt...?





Fikser dåke litt til?
Enno litt meir bileter og inntrykk frå Bolig og Interiørmessa?
For eg har nokre bileter til som verker etter å få visa seg...







For eksempel eit bilete av ein vinnar...
Kven liker ikkje bileter av vinnarar?
Fine Katrine frå Små og store hverdagsgleder var heldig vinnar av ei Tom Haga pute.
Ikkje visste vel eg at Bo hadde ein bror som er putedesignar...
Like er dei også, spesielt på håret :-D
Du Bodil, du Bodil... Hohohooooo :-D







Ei Tom Haga betong pute til...







Ei meget fornøyd Hildemor vant eit lekkert sett i frå Vipp...
Nok ein vinnar altså.
Det var mange av dei, vinnarane altså.
Me andre stod rundt og smilte, stivare og stivare.
Freste fram med låste kjevar; "EG også vil vinna, EG også vil vinna" medan me applauderte taktfast.







Messegeneral Trude Vaage fekk bilete frå Tove Hertzberg.
Sjå dei herlige fargane på desse herlige damene...
Tenk å gnistra til og med når du har ryggen til!







Med eitt oppdaga Frøken Fryd seg sjølv på storskjerm.
Åo Majj Gådd...
Ho satte Cava'en i halsen då ja!
Og klappa henrykt i nevane medan små hyl peip seg fram mellom hostebyer og Cavabobler.
Snakk om stas!
Frøken Fryd er altså den gnistrande skjønnheten dåke ser til venstre og bittelitt over Emmeline.



 




Ups... eit liten skull som sneik seg med ja.
Surprise - surprise!








Og ein til...
Nei, har du sett?!?

I dag fekk eg ei flott og overraskande helsing på facebook.
Ei meget fin bloggevenninne av meg har laga ny logo til Frøken Fryd bloggen.
Ho fekk ein fiks ide, og no kan altså Frøken Fryd bloggen smykka seg med ein skull i headeren.
Den var SVIN TØFF!!!

Eg blei så glad!

Så no er Frøken Fryd i tenkeboksen.
Skal bloggen skifta logo?
Fornya seg litt?
For det er på tide...



 

9 kommentarer:

  1. Hehheheeheheheh! Nå lo eg veldig! Du er gode! :-)
    Ja, men me kunne jo vore tvillingar! Eg og Tom Haga meiner eg! Nett like, som to dråper vann! :-D
    Synes logoen din er fine eg. Men du kan jo bytta headingar ofte. Scull på fredagar og fine ynsdige blomar på søndagen. Mandag kan du ha da grått, onsdag raudt osv... Kan altså bli veldig travelt for deg! :-)

    SvarSlett
  2. Blir aldri for masse messemoro! Det var jo så kjekt:)
    Ny logo ja, hmm - liker veldig godt den du har, men du kan jo prøve noko nytt også det er jo alltid kjekt:)

    God tirsdagskveld!

    SvarSlett
  3. Knallkjekt med messeinnlegg!!! Fikkikkje hilst på deg eg, tror eg...? Men nye sjangser...??

    SvarSlett
  4. Klart vi klarer mer messe!!
    KULI for oss som ikke fikk vært der vettu:))
    Så heldige vinnere av herlige ting og tang ♥

    Og jepp, hvorfor ikke en scull i headeren, det er jo knalltøft!

    SvarSlett
  5. Du er heilt fantastisk Eli! Fekk ikkje snakka så mykje med deg, men det ska me jaggu ta igjen neste gong me ses! Klem

    SvarSlett
  6. Stemmer for ny header Eli, gøy med forandring!

    Ser dåken har hatt det fint på messa. Eg vurderte lenge å ta ein dagstur, men det måtte prioriteras vekk til fordel for andre ting...blæææ!
    Sparte nå litt penger på det då...trur det hadde vore vanskelig å begrensa seg der i Grieghallen gitt!!

    Eg leeengter til varmare og tørrare strøk!! Me har ingen planar denne vinteren, men om dette veret fortsetter trur eg me må revurdere det ;)

    Ønsker deg ein flott dag i haustregnet ☺

    Klem

    SvarSlett
  7. Alltid kjekt med litt forandring på headeren.
    Det var så kjekt å få snakke med deg i helgen, gleder meg til neste gang det blir et treff :-)
    Skulls er skikkelig in her i huset også, for på søndag hadde 8 åringen i huset gått i selskap med mine skullsøredobber!!
    Sånn er det når far steller hjemme :-)

    Ha en flott dag!
    Klem

    SvarSlett
  8. Hei på deg.
    Digger messe innleggene dine ;))
    ..fikk ikke hilst på deg, dessverre, kanskje neste år ???
    Spennende med ny header da, men må få lov å si at jeg liker veldig godt den du har!
    Ønsker deg en riktig fin ettermiddag.
    Smil og klem fra Monica

    SvarSlett
  9. Halloen !! Takk for at du deler, vil se enda mer :))) Herlig innlegg som vanlig, spennende med ny logo kanskje da:))
    Fineste helgen til deg!
    God klem fra Tone

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!