mandag 26. november 2012

Om å late som om...

Pinterest via



Me er heldige...
Me som bur her i Norge.
Me som har så mykje at me ikkje eingong veit kva me ønsker oss til jul.


No sit eg og Herr Fryd i kvar sin stol og later som om me begge har gløymt at me skulle laga liste over julegåvene som lyt kjøpast inn før fredag. Til helga reiser me nemelig til svigerfamilien for litt førjulskos og gåve utveksling. Julekorta ligg klare i konvoluttane sine, men dei må få namn på seg... Og magen min, den er grådig klar for pinnakjøtt à la Åshild og ei lattermild helg med mykje godt humør. Det pleier ikkje mangla på gode kommentarar og latterbrøl når denne gjengen samlast. Good times!



Pinterest via


Over til den gåvelista igjen, let's face it... mykje kjekkare å sitta og surfa etter julebilder på Pinterest.
Men me har hatt det ganske kjekt med å sjekka kva me ikkje visste at me trengte på enklere liv.
Sjå berre her for eksempel... perfekt for dei som vil begynna å trena i det små ;-)

No skal Frøken Fryd ta stilling til adventskalenderen.
To be or not to be...
I siste liten? Eg? Aldri...



Pinterest via



Har du adventskalender til dine born?
Fins det ei øvre aldersgrense?
Er det dårlig "parenting" å ha snope kalender?
Vår blir nok ein kombinasjon av aktivitetskalender, snop og "nødvendighetsartiklar".
Må på ein måte berre begynna.
Første desember, det er på laurdag det... {kremt}.




søndag 25. november 2012

Om å vera fornøyd med seg sjølv!




Eg er fornøyd med meg sjølv!
Skikkelig, ordentlig, solid fornøyd med meg sjølv!!
I dag har eg nemelig vore effektiv og føler sjølv at eg har sanka masse husmorpoeng :-)





Det begynte med at eg stupte inn i noko eg har grua meg lenge for.
Eg har rydda i skapet mitt.
Og me snakkar brutal rydding altså...
Mange posar til Fretex, og eg køyrde ut med dei med ein gong!






Deretter baka eg runde to med julamenn (kvite kakemenn).
Runde ein med julamenn var ferdig fortært etter fem dagar.
Det må eg seia er bra jobba av Fryd Brødrene!
Men, må berre ikkje tru at dei ville hjelpa til...
Lillebror Fryd blei fryktelig sliten når mammo spurte om han ville være med.
In my face... Eg som trudde at det var kjempestas å baka med meg.






No trur dåke sikkert at Frøken Fryd lente seg fornøyd tilbake i god stolen og gumla julamenn.
Men NEIDA! Denne frøkna her starta umiddelbart på å laga kjøttkaker.
Heimelaga kjøttkaker i frå bunnen av.
Dæmann eg er flink altså!
Eg er SÅ fornøyd med meg sjølv.
Faktisk så har me fått julekortene i posten, dei som eg bestilte søndag for ei veka sidan.
Jepp, me er i rute.
Føles godt!







Veldig kjekt å sjå at det kjem til nye følgjerar!
Eit sprudlande "hei!" og "velkommen!!" til dåke.
Og ikkje minst dei fine kommentarane dåke legg att.
Det er så innmari stas!
Blir ekstra kjekt å blogga når ein får slike flotte tilbakemeldingar.
For det er klart at det vert ein ekstra motivator til å laga nye innlegg.

Men no, NO skal eg kosa meg med julamenn.
Lillebror Fryd har sagt at dei var veldig gode.
Gleder meg!



torsdag 22. november 2012

Om å ta sorgene på forskudd...




Av og til, berre for å vera heilt heilt sikker, kan det vera lurt å ta sorgene på forskudd.
Sånn for sikkerhets skyld liksom...
For tenk så innmari slitande og trøttande og irriterande det må vera å ikkje få engsta, angsta, kvi og grue seg til noko som har potensiale til å gå skikkelig og grundig galt? Eller i alle fall bittelitt galt.
Rett og slett å bli snytt for det, fordi du liksom skal tenka positivt, vera glad og ubekymra og, antagelig, litt sånn ufordragelig optimistisk...?


Kom igjen, spring frå alt som er skummelt og ukjent...


Bleurgh!

Nei, takke meg til ei skikkelig forskudds sorg.
Slik som Frøken Frykt hadde på mandag og tirsdag for noko som ho skulle på onsdag.
For virkelig å velta seg i det så grua ho seg allerede FØR mandag også. Jadda!
På onsdag skulle Frøken Frykt nemelig ut på kundemøte. Aleine.
Å hekkan så skummelt!!
Frøken Frykt forberedte seg så grundig som ho kunne (altså utover å på forhånd grua seg for å bli satt fast for noko, eit eller anna, kva som helst, som kunden muligens, kanskje, kunne komme til å utfordra ho på). Frøken Frykt satte seg godt inn i temaet, sjekka, dobbelsjekka og dagen etterpå så sjekka og dobbelsjekka ho igjen. Og noterte seg litt stikkord. Og grua seg sjølvsagt. Og kjente på angsten. Skikkelig flink pike!



Frøken Frykt i egen redde person.


Når Frøken Frykt kom til kunden så var dei to stykker som skulle sitta "på andre sida av bordet", så i tillegg til å ha forhåndsangst så var ho overmanna. Oh Lord...
Men, trur du ikkje at det gjekk bra da?
Rett og slett skikkelig bra!
Så bra at kunden gav ho ros og sa: "godt observert!"
Men du veit, då kom det berre eit lite nikk med eit høflig smil frå Frøken Frykt.
Utanpå...

Inni derimot. Inni hovudet til Frøken Frykt så kom det støtvise, høge gledeshyl!
Fryken Frykt som no fasa over til Frøken Fryd ulte som ei ulvetispe inni hovudet sitt.
Armane var strekte mot vilden sky, og smilet gjekk rundt-og-rundt-og-rundt-og-rundt...
Inni hovudet sitt hadde Frøken Fryd moonwalk oppå møtebordet, knipsa takten med fingrane og var direkte høg på seg sjølv.

Jammen var det godt når møtet var over, og Frøken Fryd kunne hiva seg i bilen, guffa opp kjekkaste musikken og i ekte Jerry Maguire stil ta fatt på turen tilbake til kontoret...







Trur dåke at Frøken Fryd kjørte rett på kontoret?
Nope!
Frøken Fryd stoppa og kjøpte seg ein ny kjole.
I rein lykkerus.
I rein "God Damn I am THAT good" lykkerus...

Tjohooo!
Takk og lov for all den energien som vart svidd av på å grua seg.
Det var skikkelig konstruktivt og usedvanlig god bruk av tid.

Eller ikkje.

Pleier du å ta sorgene på forskudd??



tirsdag 20. november 2012

Sonny

Bilde lånt hos Rogaland Teater


I dag skal Frøken Fryd vera kulturell.
Eg skal på Sonny altså, og gleder meg!

Denne forestillinga var så godt likt at den rett og slett er blitt krevd satt opp igjen av publikum.
Sonny er ein barokk, burlesk, maksimalistisk og storslått historie om dei store spørsmåla rundt svik, vennskap, kjærlighet og død i samspel med Kaizers musikalske univers.

Kan vel ikkje bli feil det?

I midten av desember tar eg med Lillebror Fryd for å sjå Aladdin.
Teater er GØY!

Likar du å gå på teater?



 

søndag 18. november 2012

Happy go lucky!



Jepp.
No har me knipsa 115 bilder på Hellestøstranden.
Jammen har me flott natur her på Jæren!
Me bør finna eit par som passar til julekort... eller?
Trur Herr Fryd må få vera med i år.
Står ikkje på innsatsen i alle fall...




Kjekt å bla gjennom når slike øyeblikk er blitt foreviga.
Spretten type han der Herr Fryd!

No skal ho mor på kino og sjå Breaking Dawn og spisa snop.
Eg er så heldig!
Etterpå skal eg laga julekort.
Kjekt!

Kva skal du gjera på i dag?




lørdag 17. november 2012

Should have, could have, would have...




I dag hadde eg tenkt å gjera ein del ting.
Når eg står foran spegelen og steller meg om morgonen går eg tydeligvis gjennom kva eg vil ha utført i løpet av dagen.
Ikkje alltid ein god ting, for eg blir stressa. Av meg sjølv.






Det eine eg hadde tenkt å gjera var å kjøpa ny nattkjole.
Lillebror Fryd og Storebror Fryd er for store til at mamma kan gå rundt og slenga i berre trusa.
Det er i alle fall mi meining.
Eg hadde også tenkt å kjøpa ny øyenskygge. Berre fordi eg har lyst på ein. Så det så!
Utover det så ville eg kjøpa (jada, kjøpa-kjøpa-kjøpa) ein sånn dings som du lagar hol i egg med.




Ellers så hadde eg ein del ting innomhus som eg ville få unna.
Kva har eg så gjort i dag?
Eg har spist frukost, god frukost, i lag med Lillebror.
Eg har hatt ein deilig long dusj.
Har tatt på meg fjes.
Så har eg surfa på nettet.
Sett på opptak frå Privat Praksis.
Surfa på nettet.
Sett på Two and a half men.
Surfa på nettet...
Eg har ikkje vore ute av døra. Faktisk!
Ikkje ein damn shit av det eg hadde tenkt å gjera har eg gjort.
Og det gjer meg absolutt ingenting!




Vel, eg har tatt bilder da.
Det blei aldri skikkelig lyst ute i dag.
Så eg har kjørt ein testrunde for å sjå om det går an å ta bilder.
Det går an. Men dei blir kornete. Veldig.
For eg bruker ikkje blitz. Visstnok.

Kva har du gjort i dag?
Handla ferdig alle julegåvene?
Eg har ikkje begynt ein gong...



fredag 16. november 2012

... aaaaand action!




Jada, då er me i gong.
I gong med jule galskapen...

I dag har lillebror Fryd og eg bakt julemenn (kakemenn).
Me har spionert på Lego'en hos Extra Leker for å finna ut kva Lego lillebror ønsker seg til jul.
I år igjen! Lego altså..
Ikea har også fått besøk, der tok me ansvar for innkjøp av papir til julegåvene og lys.
Ja, og så pepperkakedeig såklart.
Ingenting slår Ikea sin pepperkakedeig. Ingenting!
Og Herr Fryd har komt med forslag til kva lillebror og storebror Fryd skal få til jul.

No har eg stor bollemage, full av julemenn.
Oppskrifta har eg fått hos mi kjære svigermor.
Det er den beste oppskrifta, like ever!
I fjor var det ikkje like harmonisk då eg og lillebror skulle baka julemenn (kan lesast her).
Men i år gjekk det altså som smurt!
Well done, us!

Om du vil baka kjempe kjempe kjempe gode julemenn så får du oppskrifta her.

Åshilds supergode julemenn:

Lunk 2 dl med melk
Smelt 100 gram margarin og 250 gram sukker oppi melka, rør i sammen.
Sikt 600 gram kveitemjøl, inkludert 4 ts hornsalt, oppi veska og elt til ein jamn deig.

OBS! Når eg skriv veska så meiner eg altså blandingen av melk, sukker og smør, IKKJE sikt 600 gram kveitemjøl oppi handveska di! Please... Om du skulle være så uheldig å gjera det, send bilde! Seriøst!

Me satte deigen i kjøleskapet i nokre timer før me baka dei ut.
Steikte dei på 200 grader i ca. 8 minutt.

Kor langt er du komt i juleforberedelsane?



onsdag 14. november 2012

Super mamma!



Dei tre øverste linjene er sjølvsagt reint sprøyt!
For eg er SUPER MAMMA!!
Eg gjer jo ikkje feil, haha (!!) for ein tanke...
Eg kan alt.
Eg er kul.
Eg ser bra ut.
Eg har dei rette kleda.
Eg veit om alle dei kule tinga.
Eg rett og slett berre veit kva ungdommen likar.
Henger lett med på språket, lol lizzom.
Tenåringen synest det er stein kjekt å henga med mamma.

I morgon er det klassefest på bydelshuset.
Super mamma skal vera med og hjelpa til.
Dette er kjempe populært hos tenåringen!
Han skrangla jublande bortover golvet med dei litt for lange armane og dei litt for lange beina når han fekk høyra at mamma skulle vera med.
Tenåringar er berre koordinerte!
Det varmar eit mammahjerte å vera så velkommen.

Eg tenkte at me skulle ta følge opp.
Så får eg alt med meg liksom.
På veien tenkte eg at me kunne snakka litt om kven han likar spesielt godt om dagen.
Han forteller jo så gjerne alt til mamma.
Egentlig skal eg jo hjelpa til med å servera pizza og slikt.
Men ærlig talt, då får eg jo ikkje med meg noko, så det lyt eg berre droppa.
Eg er sikker på at tenåringen held av ein plass til meg ved bordet.
Ei liste over kven han kan og ikkje kan dansa med er alt klar.
Hallo, eg stiller forberedt. Alltid!
Når festen er slutt så kan han halda paraplyen når me går heim.
Då er eg sikkert litt sliten etter all håndhelsinga og klappelekane med potensielle svigerdøtre.

Ane Liane, Ane merci bom-bom-bom,
Ane merci my darling, Ane merci my darling
Clap for me!
Clap for you!
Ane Liane, sisi, bom-bom!

Yadda!
Blir konge kveld dette.




tirsdag 13. november 2012

Om høge dørstokkar...

Bildet er frimodig lånt av Ikea og har overhodet ingenting med teksten å gjera, det er berre fint...


Heime hjå oss har me høge dørstokkar.
Særs høge dørstokkar...
Så når Frøken Fryd er komt heim, då er Frøken Fryd komt heim.
Det er heilt pøkk umulig å gå igjen.
Og det går i alle fall IKKJE an å gå på trening!

Eller for å seia det slik, det er mykje som vert viktigare enn å gå på trening.

Slik går det altså til at Frøken Fryd begynner å trena igjen, og igjen, og igjen, og igjen...
Og då kjem Frøken Fryd liksom aldri heilt i gong, og aldri heilt i form.
Det mest effektive er å gå rett frå jobb.
No føler Frøken Fryd at ho er i gong. Igjen.
Frøken Fryd har funne nokre knakande kjekke spinning timar.
Og dei knakande kjekke spinning timane har ein knakande kjekk instruktør, Tine!
Tine spelar knakande kjekk musikk.
Det rykker i "rockefoten" til Frøken Fryd.
Det blir kjekt å trena.
Treninga vert prioritert.
YES!

No er målet å gå på to små spinning timar i veka.
Alt ekstra vert bonus.
Dette for at Frøken Fryd kan lura Frøken Fryd.
Slik har ikkje Frøken Fryd tapt før ho har begynt.
Sånn reint erfaringsmessig har ikkje Frøken Fryd vilje nok til å trena tre gongar i veka.
Med eit mål om tre treningar i veka tapar Frøken Fryd kvar einaste veke.
Trening vert negativt.
Har Frøken Fryd utgangspunkt i to treningar i veka, så er det gjennomførbart.
Trening vert positivt når Frøken Fryd føler mestring.
Men... og her kjem det geniale {kremt}... om Frøken Fryd klarar tre treningar på ei veke, ja då er det bonus på gang.
Frøken Fryd føler seg som ein vinnar.
Og med utgangspunkt i to treningar i veka så vinn Frøken Fryd kvar einaste veka.

Det stoppar ikkje her.
Frøken Fryd er ei kompleks dama, tydeligvis.
For det må vera kjekke treningar altså.
Frøken Fryd har overhodet ikkje vilje til å motivera seg til å gå på kjedelig trening.
Som kettlebells for eksempel.
Totalt ugjennomførbart. Totalt!
Berre sjekk dette innlegget...

Zumba har blitt prøvd, og det var i grunn ganske kjekt.
Men nei, det er og blir spinning ser det ut for.
Så får det vera bra nok da.

Likar du å trena?
Har du høge dørstokkar?
Kva gjer du for å holda deg i form?









mandag 12. november 2012

Juleflyet

Deilige julekuler og hus av kaneltre, shoppa hos Keiserens Nye 


Har du høyrt om juleflyet?
Eg hadde ikkje høyrt om det før Herr Fryd nevnte det for meg i fjor.
Ein tidligare kollega av han er med på dette flyet før jul kvart år.
Dei siste ni åra har flyet landa i Tallinn, så også i år.
Aksjonen har svært lave kostandar; drivstoff vert sponsa av oljeselskap, flyplassavgifter fell vekk og handling på flyplassane vert gjort utan kostnadar. I tillegg stiller alt mannskap opp ubetalt på si frtitid. Dette omfattar crew, teknisk personell og stuere.

Kva er flyet lasta med?
Det er lasta med matvarer, hygieniske artiklar, leiker, skulemateriale, klede, sko og diverse andre nødvendige artiklar som til dømes stearinlys.

Du kan også støtta økonomisk. Om du sender ein mail til sas@juleflyet.com eller tek kontakt på mobil 900 45 039 får du anledning til å selgja kort til 200,- pr stk. Inntekta går uavkorta til familiepakkar, ein pakke per solgte kort. Heile 250 familiar skal motta slike pakkar som vert delt ut på ein juletilstelning for fattige familiar, der får dei ei oppleving for livet med underhaldning av lokale artistar og kanskje norske også.

Kven mottar artiklane som vert samla inn og sendt med juleflyet?
Det er ein barneheim i Tallinn som heiter Bethels Centre of Pastoral Care.
Barneheimen er heilt utan statlig og offentlig støtte og difor totalt avhengig av støtte og hjelp frå private.
Mati Sinissar driv barneheimen, han er eit av desse heilt unike menneska som fortjener respekt,  respekt og respekt! Mati var ein suksessfull foretningsmann som stoppa opp i livet, og funderte over om han egentlig gjorde noko nyttig for andre menneske. No har han ei ny karriere, nemlig å hjelpe dei svake i samfunnet. Barneheimen er for gateborn, og foreldrelause born. Det bur opp til 30 stykker her, men daglig er det åpnent for alle born slik at dei kan komme inn og få vaska seg, få ein matbit, og gjerne nokre klesplagg.

Eg vert så ekstremt audmjuk når eg les om slike menneske. Dei som brukar livet sitt til å hjelpa andre. Og så har me dei som er minst like viktige, nemlig dei som legg til rette og koordinerer det slik at det vert lett for oss "vanlige" å hjelpa til også. Då tenker eg ikkje berre på juleflyet, men på Plan, Unicef, SOS Barnebyer, Frelsesarmèen og mange mange fleire. Slike kvardagsenglar er det så godt å sjå, å veta at dei fins blant oss. Bidraga frå oss "vanlige" er viktige! Ikkje alle har det i seg å gjera som Mati Sinissar, men me kan alle dela av vår overflod. Det kostar oss lite - men betyr veldig mykje.

Oppfordringa mi er vel rimelig lett å fatta.
Rekk ut ei hand, det gjer godt for andre og også for deg sjølv.
Vær ein kvardagsengel!







torsdag 8. november 2012

Strålande personlighet

Kilde: google.com

Mine kjære medbloggerar og andre medmennesker.
Eit lite hjartesukk frå Frøken Fryd...
Eg er fullt klar over at dåke alle har strålande personlighetar.
At dåke er varme og fine mennesker.
Fulle av velvilje og godhet sprer dåke glitter rundt dåke i kvardagen.

Men det er ein ting eg ønsker å gjera dåke oppmerksomme på.
Dåke lyser IKKJE i mørket.
Og folkens, no er det mørkt ute altså.
Ikkje nok med at det er mørkt, det regnar ein del.
Me damer er også flinke til å ha svarte kåper, mørke bukser og svarte støveletter.
Det vil seia at me glir veldig godt inn i omgivelsane etter mørkets frembrudd.
Ikkje bra! Ikkje bra!

Så ei lita oppfordring frå meg til deg;

Bruk refleks!
Vær synlig!
Husk at det er mange som er glad i deg!

Varm klem frå Frøken Fryd, småfrustrert bilist...




 

tirsdag 6. november 2012

YesYesYes!



Nokon heimar er berre fylt med ro og harmoni.
Alt er rett, du berre kjenner det og den gode energien.
Eg har vist bileter frå denne heimen før (dei kan du sjå her og her), og lova å komma med fleire.
No held eg det eg lovar, og viser bileter frå Anita sin vakre heim.
Om du vil inn på bloggen til Anita, så heiter den Landeveg, direkte link om du klikkar på namnet.




Alt i gongen ser ein at ein har komt inn i ein nydelig heim.
Allereie før du kjem inn på tomta faktisk, men lurer på om eg ikkje alt har nemt det her.




Deilige lyse fargar, favoritt designer Tine K, bloggeblom og det lille ekstra.






Gjennomført og fint, som dåke ser.
Og gjennomført fin er Anita også.
Klok, humoristisk, tydelig og varm, og heilt klart ein ekspert på å skapa ein heim.


Takk igjen for ein koselig kveld, Anita!
Og takk for at eg får dela bileter av heimen din, eg er sikker på at det er mange som lar seg inspirera!


søndag 4. november 2012

Den Franske Landstil



Me har vore på nasjonalt bloggtreff hos Den Franske Landstil på Moi.
Og som dåke ser på biletet over, ein stad der ei Frøken Fryd kan finna ting etter sin smak.




Heile 47 interiørglade damer satte seg på bussen der Maia underholdt oss med kåring av den mest interiørbloggete interiørbloggeren, Hildemor, det var quiz og utlodding av gåver frå blandt anna Designspirit. Dei hadde pakka inn den herligaste sjokoladeboka og det kom frydefulle kvin i frå Marianne og Martha då dei bladde gjennom boka med sultne auger. Og ellers var det mykje latter og glede. Ein fantastisk kjekk gjeng å ta på tur med!




Me vart møtt med nydelig song inne i dei julepynta lokalene til Den Franske Landstil. Frøken Fryd fekk tårer i augene sine og som dåke ser så er fine, kjekke, snille og blide Annfrid godt fornøyd i bakgrunnen.




Shopping og champange vart tatt på alvor, her spurdler Hilde, Lisette og Martha før start, og så var det berre å fyra laus og rasa rundt i butikken. 47 damer. Risikosport. Seriøst... Høge på champagne og sjokolade.




Her ser dåke eit godt bilde på stemninga i grunn... Fabelaktige Maia! Ho er berre blid og glad og sprudlande. Det er eit sant eventyr å få vera i glitteret rundt denne dama. Men ho står altså ikkje i ro, så det er ikkje lett å fanga ho på film. Og så hadde ho med seg Lotta, som eg ikkje har bilde av, noko som irriterar meg grenselaust. Med det lange, fine håret, den rå genseren og den fine personligheten. Lotta var det virkelig kjekt å få helsa på!




Og så må eg jo berre visa litt av alt det fine eg såg på Den Franske Landstil. Nokon av bileta blei diverre veldig dårlige, så dette må klara seg.








Det var moteshow også, veldig greit egentlig, så får me sjå ordentlig på kleda. Ikkje alltid så lett å danna seg eit bilde av ein topp på ein kleshenger i blandt 300 andre toppa på ein kleshenger...





Heldige Camilla vant eit valgfritt antrekk og Analiza vant eit industriskap. Dei er ikkje snaue damene på Landstil ser du... Og så fekk me goodie bags. Eg falt heilt for eit sjal som me fekk i frå Burin som eg berre måtte ha på meg seinare på kvelden. Ellers hadde Barfota lagt oppi eit sjal, og Bloomingville ei koselig julehelsing. Me fekk deilige duftelys i frå 2 i spann og frå Chic Antique så no skal det duftes og lyses i vintermørket. Me kan også ta på oss deilige hanskar i frå Rosenvinge som til og med har fingertupper som kan hanskas (hoho, bra humor Frøken Fryd...) med smart telefon utan at hansken må av. Like it! Utover det så fekk Frøken Fryd med seg den aller aller tøffaste puta frå Senze of Joy, og eit sjal i frå Barfota som er det mjukaste mjuke.




Måtte berre avslutta med dette stemningsfulle bildet av Silje og Kristi, for i interiørblogger bransjen tar me rekruttering på alvor og ein skal tidlig krøkast som god interiørbloggar skal bli, eller kva seier du, Torbjørg?

Om dåke har lagt merke til det tøffe navneskiltet til Silje er så det Ella som har laga dette. Ho er ikkje snau altså, det tar tid å laga 47 navneskilt...

Takk for ein super dag, med skikkelig kjekke damer! No skal eg nyta søndagen til det fulle...



torsdag 1. november 2012

Good times!



Here we go again!
Bloggtreff.
Good times!
Flotte folk samlast til ein herlig dag.
Og primus motor?
Det er Maia det... den fabelaktige!
Ho ordner ut, koordinerer og tilrettelegger i ein stil som berre Maia kan.
Me andre, me berre dukker opp, og får alt servert på sølvfat.
Det er nesten ufint kor heldige me er.
Men berre nesten :-)
For Ella, ho fikser navnelapper.
Mari Ann fikser lodd.
Linnea fikser posar frå Kull som me kan samla gåver i.
Tonje har organisert med bestilling av resteurant når me har returnert til Stavanger.

Frøken Fabelaktig har hanka inn sponsorar til bloggtreffet.





Og kven er det som kjem på bloggtreffet då, undrar du?
Jo, det er fine folk det :-)
Nokon har eg møtt før, og gleder meg til å møta igjen.
Andre skal eg møta for første gong, og det er jo alltid spennande.
Her har du ei liste med link til alle som er så heldige å få vera med.



Bråtan | Renate
ElleMell | Hanne
Tretoen | Linnea
Frøken Fryd | Eli
Fabelaktig | Maia
Pink Lady | Tina
Lizas verden|Liza

Byfrua | Veronica
Fargebarn | Eline
Mellaogmalla
 | Linda
Bondekåna| Linda
Hildemora | Hilde
Vinkelveien | Lene
Siljes blogg | Silje
Grip Dagen | Marit
Min glede | Annfrid
Camillaeli | Camilla
Prinsesse Elin | Elin
Vakre dager | Tone
Rom for alt | Penny
House of Bo | Bente
Mrs Hardy | Manuela
Fruehuset | Marianne
Feien og Fjong | Hilde
Lizas Verden | Analiza
Lisettes Perler
 | Lisette
Snødronningen| Hege
Ella og litt til | Elisabeth
LillPastill | Lill Charlotte
Dagdrømmeren | Tonje
Snuskebassa | Liv Astrid
Meaning Moon | Cynthia
Et Levende hjem | Vibeke
Top of the Moon | Kristina
A little bit of me | Michelle
Elisabeths Idyll | Elisabeth
I vinduskarmen | Veronika 
Petrus&Petrine | Nann Karin
Jentene i Svingen | Karoline
Torbjørg i Stavanger | Torbjørg


Det er ikkje småtteri når Maia ordner ut som dåke ser.
Men altså, det eg ser absolutt 100% mest fram til, det er bussturen!
Eller kanskje forventningen som flagrar i magen fram mot treffet.
Det å gleda seg til å vera i lag med så mange positive, sprudlande, kreative, inkluderande og elskverdige damer.
Å få møta bloggerar som eg kun har kommunisert med online til no.

Ein heil gjeng møtes for å ta buss i frå Stavanger via Sandnes til Moi. Og på denne bussturen blir det underholdning, utlodning av gåver, latter, humor, skravling, kakling, hyling, fnising og samhold. Målet på Moi er Den Franske Landstil, og dei damene der, dei er ikkje snaue altså. Me har vore på bloggtreff hos dei før, og fekk hakeslepp heile gjengen. Moteshow, muligheten for å vinna ein "bli-ny-dag", shopping og champagne. Det er så eit bloggehjerte fryder seg. For dei som ikkje har anledning til å stilla på bloggtreff for shopping så har Den Franske Landstil nettbutikk, start julehandelen her!



Når me snakkar om nettbutikk... eg blei så glad då eg åpna mailen min i dag tidlig, og fekk melding i frå designspirit at dei ville sponsa bloggtreffet med ei gåve til utlodning. Designspirit åpna fysisk butikk i Hillevågsveien 101 i Stavanger i mai, eit skikkelig smykkeskrin av ein butikk. Og den har eg vis-à-vis arbeidsplassen min. Det krever viljestyrke å ikkje berre setta seg i ein fatboy inne hos Anette i staden for å gå på jobb, og berre sitta og beundra alle dei fine tinga. Konseptet til Designspirit er nemlig å tilby kjente merker av høg kvalitet og god design, så det er mykje lekkert å kvila augo på...

Kameraet blir med på bloggtreffet, så det skal sjølvsagt dokumenterast på bloggen etterpå. Og underveis så blir det nok oppdatering på Instagram.

No blir det ein runde til med Spartacus, Frøken Fryd er fortsatt hekta på Netflix... Ikkje bra.