lørdag 19. januar 2013

Mmmmm - sushi!

Frøken Fryd og lillebror er på helgatur til Stord, og koser seg hos mormor og morfar! I dag har Frøken Fryd satt seg fast i to jakker (!) og nesten fått total panikk og klaus... Heldigvis kom onkel Henrik til unnsetning og fekk Frøken Fryd ut av "who killed Kenny" posituren før det gjekk heilt gale. Dåke som er kjent med South Park veit kor godt jakken var lukka då ;-)

Ellers så har Frøken Fryd gått på sushi kurs hjå kjære-kjære svigerinne Kjersti og er no diplomsushikokk! Sweet! Onkel Ole imponerte stort med å spisa 395 sushi bitar, minst... Frøken Fryd ønska ho hadde kapasitet til det, men naut i alle fall kvar einaste bit! Som dåke ser vart dei lekre!







fredag 18. januar 2013

Sentimental.no

Via


Me hadde som nevnt i forrige innlegg ein jubilant i går. Heile 10 år altså... To siffra. Not bad!
Men likevel, tross heile to siffer i alderen, er lillebror mamma sin absolutte kosegut, og det er Frøken Fryd veldig glad for. I natt var det mareritt og sjølv om ein er blitt 10 år så er det grådig trygt og godt å få komma inn til mamma og pappa om natta.

På 10 års jubileumet sitt vart lillebror vekt, i tråd med tradisjonen, med gåve, kake og "song". Me hadde norsk flagg og pappa og storebror var sjølvsagt også med. Det var Frøken Fryd som skulle "synga", og ho begynte med friskt mot på "hurra for deg som fyller ditt år, ja deg vil vi gratulere!" ... Og lengre kom ikkje Frøken Fryd, for det blei så trangt i halsen. Der låg 10 års jubilanten i senga si, med sovehår, sovevarm og litt groggy, men med stjerner i augene og så forventningsfull i startgropa av den dagen som er kun hans! Og då har ikkje den sentimentale Frøken Fryd sjans til å synga meir, det blir for mykje kjærleik. Så då måtte det ropast litt "gratulerer med dagen, wohoooo!" for å dekka over.



 
Via
 
 

Via


Ja, ja... Sentimental er vel ikkje det verste ein kan vera? Frøken Fryd kan ikkje sjå på Gray's Anatomy utan total hulking og tårer i strie straumar, det samme med Private Pratice. Musikk for eksempel... kjempe effektivt for å få Frøken Fryd rørt, eller ei god bok. Eller eit skjønt bilde eller ei fin handling. Som du ser, det er ganske lett å få blanke auger på Frøken Fryd.

Er du sentimental?


 

torsdag 17. januar 2013

Du er kommet til...

...en Frøken Fryd som ikke er i bruk. Tydeligvis.



 
Bilde via Pinterest





 
Hei hei, og godt nytt år folkens!
Her blei det visst litt taust ein månads tid.
 
Me har feira ei deilig jul med mykje familietid.
Me har feira eit deilig nyttår som me vaksne i familien avrunda med omgangssjuka.
Me har begynt på jobb att etter ei long julehøgtid.
Me er i gong med kvardagen med sine logistikk utfordringar, og nyt at ungane er blitt så store at me ikkje treng overlapping for å få kabalen til å gå opp.
Me feirar lillebror sin 10 årsdag i dag, kva i alle dagar...
Minstemann... 10 år... OMG!
Frøken Fryd sin offisielle alder må nok justerast opp i frå 25 år, søren altså!
 
Lillebror Fryd har begynt på Streetkids på Steps dansestudio i lag med bestekompisen sin.
Første gong var Lillebror Fryd "aleine", og faktisk einaste gut!
Mammo var litt små-bekymra, men Lillebror gjekk inn til timen med eit litt flaut flir, og kom ut frå timen hoppande og dansande med raude kinn og var kjempe inspirert! I bilen på veg til timen i dag var dei to kompisane enige om at det slett ikkje var så værst å ha så mange "damer" for seg sjølv :-)
Herlig å høyra på dei.
 
Området rundt dansestudioet er under ombygging, noko som fører til det totale kaos fordi ingen av foreldra, Frøken Fryd inkludert, tar hensyn til dette og køyrer så nær inngangen som mulig. Men det skal eg lova, det er det siste gong Frøken Fryd gjer. Absolutt ingen av sjåførane tok hjernen med. Og foreldre som hadde med seg ein flokk ungar, totalt ute av kontroll, blei til ei suppe av frustrasjon og stress og vrimlande born og bilar som rygga, ikkje rygga, stod i ro der dei ikkje bør stå i ro, kjørte for fort der det for-all-del ikkje skal køyrast fort! Ikkje bra. Ikkje bra... Frøken Fryd blei ståande aldeles fast, med småtroll vrimlande rundt bilen, og så ville bilen foran rygga forbi Frøken Fryd sjølv om det ikkje var plass, fordi han ikkje forstod at me rygger ikkje når småtroll vrimlar rundt bilen, og idiotar står parkert bak med skylappar på. For enkelte mennesker er nemelig veldig mykje viktigare enn andre. Dei få komma forbi, det skulle jo berre mangla. Dette kunne ikkje aksepterast. Heldigvis slapp Frøken Fryd å dra opp handbrekken og gå ut av bilen for å formidla dette til rygge-bilen, men det var like før. Det var med meget stram maske at Frøken Fryd fekk rygga, når småtrolla hadde vrimla frå seg. Og med ryggebilen så nære at me nesten snakkar "der sola aldri skin" kom Frøken Fryd seg til nøytralt område. Høg puls. Sint på seg sjølv for ha kjørt inn i det vepsebolet, og med høgtidlege lovnadar om at aldri, aldri, skal det gjentas! Ja, ja... Så lærte ein litt av det.
 
Vel, fredag i morgon, ikkje feil det...
Frøken Fryd tar turen til Stord for å tilbringa kvalitetstid i lag med familie og gode venner.
Kva skal du finna på?