torsdag 17. januar 2013

Du er kommet til...

...en Frøken Fryd som ikke er i bruk. Tydeligvis.



 
Bilde via Pinterest





 
Hei hei, og godt nytt år folkens!
Her blei det visst litt taust ein månads tid.
 
Me har feira ei deilig jul med mykje familietid.
Me har feira eit deilig nyttår som me vaksne i familien avrunda med omgangssjuka.
Me har begynt på jobb att etter ei long julehøgtid.
Me er i gong med kvardagen med sine logistikk utfordringar, og nyt at ungane er blitt så store at me ikkje treng overlapping for å få kabalen til å gå opp.
Me feirar lillebror sin 10 årsdag i dag, kva i alle dagar...
Minstemann... 10 år... OMG!
Frøken Fryd sin offisielle alder må nok justerast opp i frå 25 år, søren altså!
 
Lillebror Fryd har begynt på Streetkids på Steps dansestudio i lag med bestekompisen sin.
Første gong var Lillebror Fryd "aleine", og faktisk einaste gut!
Mammo var litt små-bekymra, men Lillebror gjekk inn til timen med eit litt flaut flir, og kom ut frå timen hoppande og dansande med raude kinn og var kjempe inspirert! I bilen på veg til timen i dag var dei to kompisane enige om at det slett ikkje var så værst å ha så mange "damer" for seg sjølv :-)
Herlig å høyra på dei.
 
Området rundt dansestudioet er under ombygging, noko som fører til det totale kaos fordi ingen av foreldra, Frøken Fryd inkludert, tar hensyn til dette og køyrer så nær inngangen som mulig. Men det skal eg lova, det er det siste gong Frøken Fryd gjer. Absolutt ingen av sjåførane tok hjernen med. Og foreldre som hadde med seg ein flokk ungar, totalt ute av kontroll, blei til ei suppe av frustrasjon og stress og vrimlande born og bilar som rygga, ikkje rygga, stod i ro der dei ikkje bør stå i ro, kjørte for fort der det for-all-del ikkje skal køyrast fort! Ikkje bra. Ikkje bra... Frøken Fryd blei ståande aldeles fast, med småtroll vrimlande rundt bilen, og så ville bilen foran rygga forbi Frøken Fryd sjølv om det ikkje var plass, fordi han ikkje forstod at me rygger ikkje når småtroll vrimlar rundt bilen, og idiotar står parkert bak med skylappar på. For enkelte mennesker er nemelig veldig mykje viktigare enn andre. Dei få komma forbi, det skulle jo berre mangla. Dette kunne ikkje aksepterast. Heldigvis slapp Frøken Fryd å dra opp handbrekken og gå ut av bilen for å formidla dette til rygge-bilen, men det var like før. Det var med meget stram maske at Frøken Fryd fekk rygga, når småtrolla hadde vrimla frå seg. Og med ryggebilen så nære at me nesten snakkar "der sola aldri skin" kom Frøken Fryd seg til nøytralt område. Høg puls. Sint på seg sjølv for ha kjørt inn i det vepsebolet, og med høgtidlege lovnadar om at aldri, aldri, skal det gjentas! Ja, ja... Så lærte ein litt av det.
 
Vel, fredag i morgon, ikkje feil det...
Frøken Fryd tar turen til Stord for å tilbringa kvalitetstid i lag med familie og gode venner.
Kva skal du finna på?
 
 
 
 
 
 
 

6 kommentarer:

  1. Du skriver utrolig morsomt!!! Ser det levende for meg :)
    Kos deg på helgetur! Her blir det hjemmehelg med mer flytte-relatert rydding. Kanskje gardiner? Kanskje et tomt rom? Vi får se!
    Ingrid

    SvarSlett
  2. Gode, gode BRUKELIGE og absolutt savnede venn :) Der var du jo igjen, herlig :) og når du først er her igjen, ja, så slår du jo til med ord, slik som du pleier - slik at jeg blir sittende og humre og glise for meg selv, mens jeg ser for meg både dansende gutter, masse småtasser rundt bilen din og ja, en stressende mamma ;) hehe...festlig du.
    Gratla med 10åringen forresten :)

    Og Stord? er det der du er fra? kunne tenkt meg deg på måten du skriver. Hadde en kjærste derfra en gang jeg.... ;) (ikke nevn det på bloggen min er du snill...det bare får folk til å tenke "aha, så det er HENNE, ja" ;)) hehe...fine minner det.
    Du - god tur hjem da - nyt og kos deg.
    Mange klemmer din vei :) ps. GODT å "se" deg igjen og få litt rapport!

    SvarSlett
  3. Kjekt du kom innattom bloggeland. Dans og rygging, vanskeleg begge deler :D

    Klem!

    SvarSlett
  4. Juhuuu, så hyggelig med innlegg:)
    Godt nytt år!!

    Ha en kos helg, her blir det foootball - iiiigjen:)

    SvarSlett
  5. Så godt å ha deg tilbake, endelig! Du Skriver så godt, sitter her og ler - selv om det har vært en laaang (eller kort!) natt!

    SvarSlett
  6. Godt nytt år!
    For en fin start på morningen:)
    frøken fryd er tilbake, og det med en historie som får smilebåndet på gli,
    til tross for omgangssyke og lite søvn....!
    Kos dere i helga:) vi hadde planer om svømmehallen, men med tanke på nattens forløp utsettes det nok...;)
    klem nina

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!