fredag 22. mars 2013

Ansvar i heimen

Bildet fant eg hjå Designspirit trur det er Kähler sitt design



I dei fleste småbarnsfamiliar kan morgonstund ha andre ting i munn enn gull...
Hjå Familien Fryd har Storebror og Lillebror Fryd ansvar.
Dei har ansvar for eigen frukost og niste!
Yep! Det er heilt sant...
Og nettopp difor har morgonstund gull i munn!
I mange år har Mamma Fryd dirigert morgonskuta, prøvd og feila, hissa seg opp, vore diplomat, rosa og risa, tilrettelagt, gitt ein og ein beskjed om gongen i håp om at i alle fall det gjekk inn. Det var ampert, ukoselig og ein dårlig start for alle. Så vart ansvaret gitt over til Storebror og Lillebror Fryd.

Det går kjempe bra. Faktisk!
Dei vert vekt og klappa og kost med, det vert visuelt bekrefta at dei står opp, det vert sendt gode ønsker om ein fin skuledag og så... så går Frøken Fryd på jobb. Og Storebror og Lillebror Fryd har overtatt ansvaret. Storebror Fryd er ingen frukost gut. Ingen niste gut heller. No ligg i alle fall ikkje nista og mygler i sekken... for den vert ikkje smurt. Ja, eg veit. Det er ikkje bra! Han kan kjøpa lunsj på Bydelshuset, og ein del av lommepengane vert nok lagt att der. Det manglar ikkje på alternativ og utvalg i heimen. Me har  prøvd det meste. Lillebror Fryd er frukost gut. Og niste gut! Han gomler i seg kneip med flykrasj, Storebror Fryd synest det stinker. Lillebror Fryd nyter og kattane snuser og snuser.

Så ein morgon fekk Frøken Fryd ein krass melding i frå Lillebror Fryd. Det var observert at nabogutten såg på barnetv før skulen. Og Frøken Fryd vart stilt til veggs med spørsmålet; "og vett du ka' morå hans gjør mens han ser på barnetv?!? Hæ?!? Hu SMØRRE NISTÅ hans!!!"

In my face...

No treng hverken Lillebror eller Storebror Fryd å bekymra seg over smøring av niste, for no har me tatt påskeferie heile gjengen. I 10 deilige dagar skal Familien Fryd vera i lag, ha fri og berre kosa oss i saman.

Kva skal du finna på i påsken?

Uansett kva planar du har, gooooooood påske!!


 

søndag 17. mars 2013

Venner...





... er den familien som me velger sjølv. Det har ei veldig klok dame sagt til meg ein gong.
Så denne helga har Lillebror Fryd vore på overnattingsbesøk hjå den andre familien sin.
Han nyter når han får vera der, og det var tydelig å sjå når eg henta han i dag at han hadde hatt det heilt tipp topp. Slik som alltid når han er der.







Mamma'en i denne familien er ei veldig god venninne av Frøken Fryd og er ei av dei tapraste tapre, og sterkaste sterke! Ja, ho er nok ei av dei klokaste kloke også, og finaste fine. Ho er liksom litt reservemamma for Lillebror Fryd, som kjærlig pakkar dyna rundt han når han skal sova, og lytter til alt han vil fortelja, som flirer litt inni seg når Lillebror Fryd utbryter at "åh, så herlig det er å få komma å vera her hjå dykk igjen!". Men som også kan setta grenser når det er nødvendig.

Så heldige me er, som har så gode venner rundt oss. Alle så spesielle og fine på sin måte. Når eg klemmer Lillebror Fryd no, så dufter han av reservemamma sitt hus, og då kjenner Frøken Fryd at ho blir rolig og harmonisk inni seg. Og så seier Frøken Fryd til Lillebror at han dufter av reservemamma, han snuser på seg sjølv og seier at han synest at det dufter av bestekompisen. Då måtte Frøken Fryd smila litt. Samme duft, ulike referanser. Nett som det skal vera.

Nokon mennesker er som klipper for dei rundt seg, slik er reservemamma. Ho verker til å ha ei utømmelig kjelde av kjærleik og omsorg for dei rundt seg, ein vilje av stål og eit hjerte som har plass til uendelig mange. Heldig er den som vert favna av hennar omsorg. Det er ikkje alltid ein klarar å setta ord på den kjærleiken ein føler for andre, den følelsen av trygghet og ro som ein får av å vera omslutta av deira energi. Men om reservemamma les dette innlegget så er dette eit forsøk på å setta ord på kor enormt betydningsfull ho er for Frøken Fryd. At det å få vera venn med reservemamma gir enormt mykje, så mykje at ein ikkje klarer heilt å setta ord på det - berre veit at det føles godt og trygt. At Frøken Fryd blir stolt av å blir rekna med, inkludert i denne rausheten. Ja, no skal eg stoppa før dette vert uspiselig.







No skal Familien Fryd pakka på seg ull og bli med Storebror Fryd på fotballkamp. Det er fint ute, men bles stikker og strå. Blir nok herlig friskt!

Bileta i dag er frå Ølen Møbel, bileter som Frøken Fryd knipsa på eit bloggtreff i april i fjor.

Ha ein fin søndag ettermiddag då, folkens!



torsdag 14. mars 2013

Ein ting om gongen!

Gidd ikkje å ta bileter sjølv ein gong... Dette er det Boligpluss som har tatt.




Noko som er viktig, men veldig-veldig vanskelig, er å berre ha eit prosjekt om gongen...
Og noko som er vanskelig, veldig-veldig vanskelig, er å berre ha plass til dette eine prosjektet i hovudet. Muligens fordi det er så mykje lekker inspirasjon rundt omkring, slik at ein til stadighet får tankar som: "oj, ja det skulle me gjort".

Eller... me? Eg burde nok heller sagt: "oj, ja det skulle du gjort, Herr Fryd" eller: "oj, ja det skulle du gjort svigerfar". For eg er nemelig ikkje ei slik bloggedame som har drillen i strømpeholderen, og verktøybelte under skjørtet. Eg er lat, klønete og utålmodig! Eg ville helst at mine idèer vart utført umiddelbart og helst kanskje før eg tenkte tanken. Og det er vel overflødig å legga til at eg ikkje er med i bildet når det gjeld utførelsen, kun den begeistra klappinga etterpå - med små gledes kvin og henførte sukk over kor lur eg er som kom på dette heilt av meg sjølv... Jepp. Sånn er eg. Fins det fleire slike som meg der ute i bloggeland? Ja?

Med tanke på bildet øverst i innlegget, som eg ikkje har tatt sjølv, så kunne eg altså tenkt meg å pussa opp soverommet vårt. Men "me" må berre først bli ferdige med gangen. Og så var det badet i kjellaren som det hadde vore så kjekt å ha, dei to bodene som me skulle slått saman til ein stor bod. Kjellerstova som eg syntes burde vore malt heilt kvit og fått eit kjekkare golv. Rommet til lillebror Fryd som godt kunne vore friska opp. Ja, eitt prosjekt i hovudet my ass...



tirsdag 12. mars 2013

Godt nok




Frøken Frykt er i trening.
Frøken Frykt skal læra seg at godt nok er godt nok.
Frøken Frykt treng ikkje å levera gull og grønne skogar for at det skal vera godt nok.
Frøken Frykt treng ikkje vera i verdens klasse for å vera god nok.
Frøken Frykt treng ikkje tilbakemeldingar om topp prestasjonar for å vera fornøyd med seg sjølv.
Frøken Frykt skal slutta å vera så forbaska needy og usikker og pessimistisk til egne prestasjonar.
Frøken Frykt skal ikkje definera seg sjølv utifrå andre sine tilbakemeldingar.
Frøken Frykt skal dempa sine egne forventningar til andre sine forventningar til Frøken Frykt...øh... ja... trur det var det eg ville sei...

Er du klar over kor mykje energi som går med til slikt?
Kor kvalm ein kan bli av å aldri føla seg god nok?
Kor mykje angst ein kan få av å til stadighet kjenna på at
"nei-dette-blir-dei-ikkje-fornøyd-med"
"dette-kan-eg-sikkert-ikkje"
"alle-ser-at-eg-er-kjempe-evneveik"
"alle-dei-andre-er-mykje-betre-enn-meg"
"alle-dei-andre-snakkar-om-kor-lite-Frøken-Frykt-kan"
"alle-dei-andre-forventer-større-raskare-betre-framgang-enn-Frøken-Frykt-kan-visa-til".

Å vakna tidlig-tidlig om morgonen, kjenna angsten slita i brystet slik at det blir vanskelig å pusta.
Uroen i kroppen klør. Må finna på noko for å avleda dei følelsane. Desperat tenka på andre ting. Men dei vonde tankane, dei er så utspekulerte. Dei tvinner seg inn i dei andre tankane. Og plutselig, når du trur du har kontroll, så kjenner du det søkket i magen igjen. Akkurat som å detta sjølv om du står i ro.

Dette er totalt destruktive tankar.
Overhodet ikkje konstruktivt.
Har ingen rot i verklegheita, berre tankespinn frå ei usikker sjel.

Nei, no lyt det vera nok.
No lyt godt nok vera godt nok.
No skal ikkje Frøken Frykt la dei usikre dritt tankane ta overhånd.

Frøken Fryd er god nok.
Frøken Fryd kan mykje.
Frøken Fryd leverer.
Frøken Fryd kan!

Gå vekk angst og usikkerhet, du er sterkt uønska her!

Takk, N!

lørdag 2. mars 2013

Mars e' min!

Happy Lights frå Keiserens nye trær



Om nokon var i tvil så er altså mars min månad.
Sikkert ikkje berre min, men eg fyller året denne månaden og difor elsker eg mars!
I anledning at me, myself and I vert enno yngre og enno vakrara nett denne månaden spanderar eg på meg eit innlegg til meg sjølv. Og temaet er alt eg ønsker meg, eller i alle fall ein utvalgt del av det eg ønsker meg. Så får dei som vil ta snowballen {host - Herr Fryd - host}... Sidan mi kjære Happy Lights har slutta å lyse etter å ha vore på i ca. 1,5 år i strekk så ønsker eg meg ei ny. Dei fine Keiserane har eit godt utvalg, eg ønsker meg dei kvite som heiter snowball.



Puter frå Day Home sin nettbutikk



Dette kjem nok som eit sjokk på dei fleste av dåke, men puter til sofaen hadde vore stas. Det er så lite frå før. Desse finingane frå Day Home sin nettbutikk hadde nok funne seg til rette hjå oss tenker eg.

Som den ekstremt spreke dama eg er så spring eg på trening både i tide og utide (...), og ein fin bag i den anledning hadde vore kjekt, ja. Slik som denne eller liknande, gjerne i "skinn".









For å matcha den nye bagen kunne eg trengt eit godt headset, frå Dr. Dre for eksempel? Eg har forstått på storebror at dette er bra saker. Kvite kunne gjort seg.


Beats by Dr. Dre


Utover det så må eg jo seia at eg er meget fornøyd med at me skal på Robbie Williams konsert her i Stavanger i august, og at me heile to gongar skal reisa mot sol og sommar i år. Herr Fryd kan det han!

Slike små metall gjenstandar som skin og blinker er jo alltid ein sikker vinnar, tar du turen innom Kull på Tvedt senteret så finn du sjal og vesker og mykje andre godsaker som Frøken Fryd elskar! Eit Beck Søndergaard sjal i korall eller noko hadde vore snadder.

Gleder meg til onsdag!
Wohooo!




fredag 1. mars 2013

Jaaaaaaaa!





Det er fredag!
Det er fint vær!
Eg speler favoritt musikken høgt i stova.
Eg har kjøpt knirkande friske tulipanar som ligg og verker etter å komma i vasen sin for å pynta opp i stova til Frøken Fryd.

Eg ser på solnedgangen som lagar nydelig fargar og kjenner at livet det er jammen godt!

Det var i grunnen alt eg har å melda i dag, men eg synest ikkje at det var så værst i grunn.
No skal eg kosa meg med tortilla chips, sjokolade is og nyta alle seriane som eg har gått glipp av i løpet av veka.

O nytelse!