torsdag 30. mai 2013

Døm, dømmare, dømmast...





Av og til, når eg merker meg at mine medmennesker tar andre valg enn meg, gjer ting litt annleis enn meg, så vert eg fordømmande.
Kanskje dei har noko som eg kunne tenkt meg, eller kanskje dei får til noko som eg ikkje får til.
Og så tenker eg; "du trur kanskje du er betre enn meg du, hmmm?"
Altså, eg tillegger dei tankar, som dei sansynligvis ikkje har, fordi eg dømmer meg sjølv, sånn egentlig...
Ikkje mitt mest sjarmerande trekk. Antagelsane vert til oppi mitt hovud, og har svært sjeldan noko med verklegheita å gjera.

Kvifor samanliknar me oss slik med andre?

Kvifor er det så viktig å vera best?

Når eg samanliknar meg med andre så siktar eg høgt... Kanskje er dei veldig smarte, veldig snille eller veldig kloke. Eller kanskje er dei veldig fine, og har veldig lange, tynne bein som kler alt, du veit... Eller kanskje dei har langt hår, gnistrande auger, eller fine piano fingrar, eller lange augevipper, eller eller eller... Og så gremmer eg meg, og dømmer meg sjølv nord og ned.

Kvifor?

Er det nødvendig å vera finast da? Eller å springa fortast? Eller å ha den finaste veska? Å ha heila vetet? Gjer det meg til eit betre menneske?
Nei, Eli, det gjer deg ikkje til eit betre menneske...
Å akseptera seg sjølv, slik som ein er, er vanskelig. I alle fall synest eg det, det er så mange andre menneske rundt meg. Mennesker som har kvaliteter som eg set pris på, og som eg også vil ha. Og så ser eg ikkje mine egne kvaliteter. For sjølv om det er ein hekkans klisjè; kjære vene så kjedelig det hadde vore om alle var like. Takk og lov for alle variasjonane av arten menneske!

Kvaliteter som eg set høgt hjå andre, er ikkje nødvendigvis kvalitetar som alle set høgt. Ergo er ikkje dei som eg synest er best, best, sånn i den store samanhengen. Så egentlig, egentlig vil eg sikta på å vera den beste utgåva av meg sjølv, i forhold til mine verdiar. Og så kanskje rett og slett slappa av litt, ikkje vera så fordømt fordømmande. Døm, dømmare, dømmast. Døll, døllare, døllast... Muligens skal eg jobba litt med porsjonshemminga mi? Jepp, eg har lært eit nytt ord. Porsjonshemming! Dersom du antar at når Eli er porsjonshemma så slit ho litt med å begrensa porsjonane på det ho likar ekstra godt? Ja, då har du heilt rett gitt!

Så då tar eg meg ein snickersis til eg.

Og så kan eg heller jobba litt meir med å vera best i å ikkje spisa snickersis i morgon.




Via






lørdag 25. mai 2013

Om å gå på by'n å sånn...





Frøken Fryd har vore på byen. Etter gammalt... På lønningspils!
Oj... det var lenge sidan!
Det var øl, berusende ord - det var sommer - det var sol...
Og så var det champagne, rødvin, gin tonic...
Yep - you name it - she drank it... And she saw it!






Har dåke sett litt på dei rundt dåke når dåke er på byen?
Ikkje nødvendigvis dei du kom på byen med, men alle dei rundt?
Han med håret som er veldig mykje mørkare enn rynkene i fjeset tilseier?
Barbie dokka som dansar med berre handledda... medan ho veksler på å sjå mystiske ut og å himla med augene over oldisane på sida.
Han med side-cut'n som "dansar" medan han lagar sveis.
Ja, eg meiner at "dansen" var å stryka handa gjennom håret.
Soooo cooool, man... Og dei såg på oss og lo medlidande?!?
Me lo av dåke også - moahahahahahaaaa!!!
Og så var det alle dei andre.

Ja, og så var det musikken då.
Alle dei gamle slagerane...
Han Bryan veit dåke, han Bryan Adams,  han som spelte til fingrane blødde.
Vel, det var ikkje fingrane til Frøken Fryd som blødde - det var øyrene for søren!
Jeeeezesss så høgt dei speler då!?!
Kan det vera nødvendig, eller?
Kjem til å ha tinitus i dagevis vettu'...

Anyways; Frøken Fryd er i faresonen for å måtte "tikka av i feil boks",
den boksen som er for dei rundt 40 & de...
Jada... kven hadde vel trudd det når dei møtte Frøken Fryd? (kniiiis - heilt utenkelig sjølvsagt - det å mistenka Frøken Fryd for å vera ein dag over 39!).
Saken er at når Frøken Fryd skulle laga fjes før ho for på byen, ja, då vart ho introdusert for to fletta nye rynker. Snakk om å ikkje kjenna si besøkelses tid... Noko så lusent!
Men Frøken Fryd var ikkje var den aller eldste som var ute altså...
Det var fleire som nikka gjenkjennelig til "Splitter Pine", "Insane in the brain" og "Smells like teen spirit".
Litt sånn forsiktig headbanging, you know, trampa takten litt, og når det tok heilt av så kom den lille knekken i hofta toppa med litt knipsing... Yadda - I'm down with the kids & di!

Så kjekt var det å vera ute at Frøken Fryd & co ikkje gjekk heim før dei blinka med lysa på Backstage.
Jammen er det lenge sidan denne frøkna har trippa heim medan det lysna og fuglane slapp sin første fjert.








torsdag 23. mai 2013

Sommerkose-mose-overdose på Haugalandet




Gjett kva eg skal laurdag 1. juni?
Eg skal på bloggtreff på Haugalandet.

Gleder eg meg? JAAA!
Blir det kjekt? JAAA!
Får eg treffa mange kjekke folk? JAAA!
Blir eg kjent med nye kjekke folk? JAAA!
Blir eg inspirert? JAAA!
Blir eg glad? JAAA!
(Skal eg bu på hotell? JAAA! Er det kjekt da? JAAA!)

Det er eit radarpar som står bak dette treffet, nemlig Maia og Karianne med bloggane Fabelaktig og Mitt Sitt. Dei har stått på og jobba og laga til. Kvifor? Jo, for at me andre skal få ha det kjekt. Kva har me bidratt til? Tja... Godt humør? Tomlar i været?  (for me tvinner ikkje tomlane!) Men me er klare for å treffast, nokon for første gong, andre for n'te gong, alle med åpent sinn og store smil. For dette blir bra! Ikkje nok med at me stiller til duk og dekka bord, me får gåver også. Og gåvene er det desse som bidrar med, hanka inn av Maia og Karianne såklart.






Så då gjenstår det berre å gleda seg, og å pakka litt. Det er så mange eg ser fram til å møta igjen, og så mange eg ser fram til å bli betre kjent med. For det skal seiast, nokon føler ein at ein allerede kjenner gjennom kommentarar ein får på sine egne innlegg, sånn heilt utan at ein har møtt kvarandre i levande live. Spennande!

Skal du?



 

torsdag 16. mai 2013

Tøffaste puta i soffen!





På bloggtreff i fjor før jul så var det heilt umulig for Frøken Fryd å la denne fremste puta være att på Den Franske Landstil. I år, når eg var på husmorferie på Sunmøre, og var innom den deilige butikken Herlighet, så såg møttes me igjen. Eg nikka fornøyd med meg sjølv og sa "mhmm, den hadde eg valgt igjen". I bloggeland har eg vore sterkt forbunde med skulls ;-) og det har ikkje heilt gitt seg, men det er faktisk kun denne puta her som har skull på seg i interiøret vårt. Fortsatt går eg litt på autopilot mot skulls, og armband og smykker med skull har eg jo, og det må innrømmast at ein litt utsmykka hovudskalle hadde vore digg å ha. Ein bling skalle. Eller kanskje eit gevir med bling? Såg ein skalle inne hjå Signe Pling for ei tid tilbake, ein slik med horn, type okse eller noko slikt, kanskje? Den var det blondeutskjæringar på, og den kontrasten var berre heilt villt rå. Det var dessverre prisen også.






Det er nok litt "elsk eller hat" med desse hodeskallane.
Min skjønne vesle nevø likar dei på flagg med svart bakgrunn, men dei veiver me ikkje med på fredag.
Då vert det rødt, kvitt og blått. Hurra!




tirsdag 14. mai 2013

Bildevegg





Når Familien Fryd flytta inn i sin noverande heim for ganske nøyaktig fem år sidan, så fekk me begynna litt "på nytt" på ein måte. Me hadde begrensa budsjett, men ny sofa og nye stolar kosta me på oss, og Herr Fryd sparkla og mala heile stova, tak og vegger. Frøken Fryd sparkla og mala barneromma. I areal myyyyykje mindre enn stova. Men mengden bannskap, "akk, oj og stønn" var påtagelig mykje større... Frøken Fryd har aldri vore særlig tålmodig. Og å mala, det er virkelig ikkje noko Frøken Fryd likar.

Det er rart med det, alle dei små feil og mangler som ein ikkje heilt får med seg på visning... Slik var det i alle fall for oss. Den dagen me fek nøkkelen så var me så gira og spente, det var nesten som eit lite antiklimaks å oppdaga at gongen hadde tre forskjellige dører, to forskjellige golv og tak og at alt generelt var mykje meir slitt og gammalt enn me såg på visning.






Men alt i alt så var me sjølvsagt veldig fornøyd, beliggenhet og andre kvalitetar var absolutt på plass. Kjekkare plassering i forhold til skule, kompisar, butikk og ikkje minst utsikt.
Stor hage, for å vera i Stavanger vel å merke... Større boltreplass inne, kjellerstove til gutane og meir lys.
Og me koser oss her!

Noko som var ei utfordring var å få det koselig... personlig... Det såg liksom så oppstilt og utstilt ut alt.
Litt sånn "katalog". Og Frøken Fryd gremma seg og klødde seg i treskallen så flisene føyk (ja, eg har breie negler). Men sånn litt etter litt så blei det meir "oss". Og når bildeveggen kom på plass, då var Frøken Fryd fornøyd. Det var då eg oppdaga at eg er gift med Spiderman. Herr Fryd viste kvaliteter som han til då hadde holdt godt skjult, og halveis hang/klatra/føyk/sveva/klamra seg fast i gelender og vegg medan bilde etter bilde møysommelig kom på plass i puslespelet. Denne bildeveggen er nemelig over trappa, så det er ikkje berre-berre å få hengt dei opp.







Herr Fryd sine velforma tær viste usedvanlig god gripeevne i denne operasjonen, heldigvis, sidan Frøken Fryd i sin store klønethet skubba sofaen på plass og dermed skubba Herr Fryd sine tær skrekkelig longt ut på kanten ved gelenderet. Frøken Fryd treng symmetri, og ein sofa på "ville veier" (det vil sei sånn ca. 5 cm feilplassert) det skjærer i augo til frøkna og då går det på refleksar, ikkje gjennomtenkte handlingar. Men det gjekk heldigvis godt, Herr Fryd klarte å klora seg fast tross sofaen som kom i stor fart og prøvde å skubba han over kanten, og Frøken Fryd skamma seg over sine handlingar.

Litt etter litt har me tatt rom etter rom og litt etter litt vert huset meir vårt og oss. Men det tar tid å bu seg til, ein må ta seg tid til å kjenna etter korleis ein vil ha det. Og sjølvsagt så er det viktige ting som speler inn, som økonomi, tid og energi. Ting har stått halvveis her lenge, som hjå mange andre vil eg tru, og evnen til å sjå alt som gjenstår heller enn alt som er blitt gjort er ein dårlig egenskap.

No gleder eg meg over alt me har gjort, over den herlige årstida me er inne i, lyse dagar og kveldar og den longhelga som ligg foran oss med besøk av kjekke folk, nasjonaldag, barnedåp og sosial kvalitetstid med storfamilien.

Good times!




søndag 12. mai 2013

Kontorfingranes skrekk!




I dag har Familien Fryd hatt opprydding i deler av hagen og på terrassen.
Både Herr Fryd og Frøken Fryd er kontorrotter.
Og i dag, i dag har det vore kontorfingranes skrekk...!

Det var litt sol, litt overskya og litt regn.
Dei mjuke, jomfruaktige kontorfingrane hylte av skrekk når Frøken Fryd hylte av fryd og grafsa i jorda.
Løvetenner flagra rundt øyrene, gamle blad og anna rask røyk i bioen.
Nye plantar er planta i balkongkassar og krukker.

Herr Fryd har vaska på syklar og rydda i garasjen.
Nokre fæle rosebusker (sånne villskudd som berre søren ikkje tar hintet men veks opp att og opp att og opp att...) har fått kjørt seg. Plenen er klipt og kosten har fått kosta litt (det gjenstår ein del...).

Frøken Fryd har med skrekkblanda fryd blitt skitten på kontornevane sine, fått mold under neglene og dei manikyrerte fingrane er blitt litt såre på tuppane og er veldig veldig veldig forskrekka og utfordra. Heldigvis for dei så skal dei få profesjonell hjelp i morgon. Det er viktig med oppfølging veit dåke ;-)

Men, me er i gong og klare for ein herlig sesong!

Velkommen kjære vår, me er SÅ glade for å sjå deg :-)







søndag 5. mai 2013

Pillow fight!





Dei som googler "pillow fight" og håper på å få sjå to lettkledde berter i vill putekamp kjem nok ikkje til å bli glade for å få treff på dette innlegget. Eg berre tenker; moahahahahahaaaaaaaa, suckers!!! Det er nemelig ein annan putekamp eg har i tankane, og det er den som skjer internt mellom putene i sofaen i Fryd Heimen. Me har nemelig fått oss ei ny puta. Yes!







Den nye puta har Frøken Fryd kjøpt brukt hjå ein av favoritt bloggerskene, nemelig Cathrine med Trettien. Ho kjøpte den siste dei hadde, den luringen, men no er den min pga ymse ringvirkningar i nummer 31. Heldigvis har dei gamle putene vore imøtekommande og greie med nykommeren. Nett no støtter den Herr Fryd sitt kloke hode der han ligg henslengt på sofaen og ser Manchester United grisebanke Chelsea... {kremt} det er det resultate me ønsker i alle fall.







For første gong på evigheter er Frøken Fryd med på ei NIB utfordring, denne utfordringa liker eg! Og dersom du vil vera med på å gi mai eit grønt fokus så sjå her; for kvar person som blir med på bruktduellen eller som deler innhold på Twitter og Instagram under hashtagen #bruktduellen, gir FINN ein donasjon til regnskogfondet. For kvar krone dei får bevares 200 kvm regnskog i eitt år. Og det godt folk, det er verdt eit innlegg. Bli med då vel!!

Her ser du fleire innlegg.




lørdag 4. mai 2013

Rosablogging





Oh yes, i dag byr eg på ekte rosablogging! Sjå desse herlige rosa blomane eg har fått. Laglig plassert i ein rosa vase... Eg har nemelig besøk, det er jentehelg i Fryd heimen. Dersom du er kjent med Familien Fryd og Frøken Fryd bloggen så veit du at Frøken Fryd er einaste frøkna i husstanden. Herr Fryd, Lillebror og Storebror Fryd er mannemannar. Og Fryd Pusane, jada, dei er mannemannar dei også... Det vil sei, er ein mannemann om ein er kastrert?!? (for all del... me snakkar om Fryd pusane i den forbindelse!)Vel, av og til må det altså tilførast litt rosa inspirasjon i Fryd heimen.

Men tilbake til jentehelga; me har snadra oss til med smågodt, risbrød, chips og anna digg. Me har sett Twilight. Me har sove lenge og spist frukost på Ostehuset. Me har oppretta Instagram profilar, såpass me kan dokumentera all denne kosinga. Me har snadra oss til med Twilight igjen, meir smågodt, risbrød, chips og anna digg, igjen. Og toppa det heile med litt nachos middag.







Har du tilført heimen din litt rosa inspirasjon i dag?