mandag 17. juni 2013

Oppvask...




Fins det noko som er kjedligare enn å vaska opp?
Jada, i bøtter og lass...
Men seriøst, det å vaska opp er faktisk noko av det kjedligaste eg kan gjera innan kategorien "monkey work".
Når Herr Fryd og Frøken Fryd var unge yngre så hadde dei ikkje oppvaskmaskin.
Tradisjonen tro så voks haugen på oppvaskbenken jamnt og trutt, og begge to var like lite proaktive når det gjaldt denne utfordringa... Ei løysing på å bestemma kven som skulle ta oppvasken var å spela om det. Og spelet, ja det var tetris. Kven trur dåke vant? Igjen og igjen?







Joda, det var sjølvsagt Herr Fryd. Kvar einaste gong...! Og kven beit på, igjen og igjen? 
Joda, det var sjølvsagt Frøken Fryd. Kvar einaste gong...! Ho prøvde til og med å redda seg inn att med "best av tre..." osv. Tja - det hadde jo null og niks å seia for utfallet. Og Herr Fryd sitt egle-glis gjekk mest rundt, men han måtte passa seg vel for å visa det til Frøken Fryd. Sjå for deg scenen der Herr Fryd har ein strak arm med handa plassert i panna på Frøken Fryd. Frøken Fryd freser og er olmande sint, og prøver med akkurat litt for korte armar å få tak i Herr Fryd. Eg trur kanskje det var der uttrykket "på ein armlengdes avstand" vart ein klisjè...







Vel, no har Herr Fryd og Frøken Fryd heldigvis oppvaskmaskin. Så kampen om oppvasken - eller spelet om oppvasken - er ikkje så hissig lengre...

For ytterligare å gjera det lettare så har Frøken Fryd vore så heldig å motta denne lekre oppvaskkosten i frå Ib Laursen. Fin vaskefille og kjøkkenhandkle fekk me også. Dette var ein del av goodiebagen me fekk på Haugakos bloggtreffet arrangert av Fabelaktige Maia og MittSitt Karianne. Eg har mykje att å visa dåke, men tar det litt etter litt. Så får me spredd desse goodiebag innlegga ;-) Det vert jo fort mykje det samme som går att etter eit slikt treff.

Men no veit dåke bittelitt meir om korleis me løyser oppvaskproblematikken her heime hjå oss ;-)
Og når det skal seiast, eg likar mykje betre å ha denne oppvaskkosten framme enn den vanlige "plastic fantastic" kosten som me har hatt før. Og den vaskar MINST like bra. Tommel opp!!

For dei som lurer, JEPP, dette er eit sponsa innlegg!







mandag 10. juni 2013

Om å fjerne ting & tang...

Som dei fleste andre kriminelle beheld Frøken Fryd minner om sine ugjerningar,
desse nydelige syrinene har Frøken Fryd stjåle heilt sjølv.
Heng dei utanfor gjerdet er det lov. Ja?



Frøken Fryd har ikkje fjerna ting... ho har fjerna hår...
(blei berre litt voldsomt å ha det i overskrifta)
Jepp! Sånn der uønska hårvekst, du veit.
Det var tilbud på å fjerne hår frå armhuler og bikinilinje med laser.
Alle veit at tilbud betyr å spare pengar. Og sparer du pengar så tener du pengar. Alltid. Så då MÅ ein jo berre bestilla time. Alltid.
(Ikkje noko å seia på logikken her ...)

Som sagt så gjort. Frøken Fryd fekk time.
Ho søkte forsiktig informasjon av venner og kjente i forkant.
Fjerning av hår med laser... Gjer det vondt liksom?
Kor vondt KAN det gjera da?
Frøken Fryd har tross alt født barn. Heile to stykker.
Frøken Fryd har fjerna hår med voks. Fleire gonger.
Frøken Fryd har til og med tatovert seg. Fleire gonger.
(Me snakkar ikkje flammer på halsen eller sleeves her altså...)
Kor vondt kan det vera å fjerna nokre usle hårtuster med laser då?

Frøken Fryd stilte med åpent sinn og nyvaska kropp.
(Ny skrubba. Skrubba! Skrubba! Skrubba! Underlivsundersøkelse skrubba...)
Skreiv inn personalia og blei tatt i mot med åpne armar og fine smil.
Så langt, alt vel!
Dama som skulle avhåre Frøken Fryd var mild og snill og hadde kjent dialekt.
Praten gjekk uanstrengt og fint om ufarlige ting, eventuelt tang.
Frøken Fryd la seg på benken, løfta armen og behandlinga starta.

Åfyyyfaenihelvete!!! Det var faktisk ganske vondt...
Og for å seia det mildt - det vart ikkje betre når me kom dit sola aldri skin.
(Og me snakkar kun bikinilinje her altså, men Frøken Fryd har så store lår at sola skin aldri på den heller)
Til mine litt sartare lesarar så siterer eg ein av Storebror Fryd sine høflige kamerater;
"Eg beklager språkbruken min!"
(Han såg ikkje at Frøken Fryd stod bak ei bokhylle og sneik... Frøken Fryd lærte ikkje nett nye gloser så det var helst finslig banning ja...)

Men, kven hadde trudd at Frøken Fryd var ei sånn ei store pysa?
Ikkje Frøken Fryd sjølv i alle fall...
Singleten var heilt fuktig på ryggen etterpå, og den benken kjem aldri til å bli heilt seg sjølv igjen.
Den har nok eit permanent Frøken Fryd avtrykk i skumgummien etter at Frøken Fryd prøvde på ein inn-i-seg-sjølv-opplevelse medan hårfjerninga pågjekk på dei mest sarte punktene. Samtidig så prøvde Frøken Fryd å halda samtalen i gong, muligens ein smule hektisk ja...
Det å pusta er ein fin ting, og ein heller nødvendig ting sånn reint generelt sett, men også jysla praktisk når ein prøver å føra ein uanstrengt samtale. Ein forutsetning vil eg rett og slett påstå.

Sånn alt-i-alt så er Frøken Fryd fornøyd altså!
Me tåler ein liten trøkk, eller nokre svidde hårsekker.
Alt for å sleppa å bruka høvelen.
Permanent hårfjerning står fortsatt på lista for "ja takk" hjå Frøken Fryd.
Så det blir ny time i august, då litt meir forberedt med pusteteknikk & di...

Har du fjerna noko med laser?
Ein arm, eller ein fot? Eller kanskje litt hår?

Frøken Fryd tok forresten å fjerna nokre syrinblomar som hang over eit gjerde.
(Ikkje med laser riktignok. Men det hadde jo vore skikkelig stilig da, litt sånn Star Wars. Og med den bikinilinja så stiller Frøken Fryd med letthet opp i Prinsesse Leia sin gullbikini...)
Vel, eigerane er nok skikkelig takknemmelige for at Frøken Fryd ordner opp når dei sjølv er så dødslate at dei lar syrinene henga over gjerdet.






tirsdag 4. juni 2013

Når hjarte renn over

Teppet er laga av Mella og Malla



Men ein ting veit eg klart og greit,
at du e' den finaste eg veit.
(Hellbillies)



Teppet er laga av Mella og Malla




Javel... då har vetet tatt kvelden!
Det er komt eit bittelite, nydelig, perfekt og yndig lite menneske til verda.
Frøken Fryd har den store æra å vera tante til denne vesle alven.
Frøken Fryd sitt hjarte renn over.
Hjarte er så mjukt så mjukt.
Tåre perse...
Fjolle smil...
Vetet har tatt kvelden...

Omverda vert bombadert av bilete og filmsnuttar av vidunderet.
Frøken Fryd lurer på om tanter også får to veker med permisjon?
Er ikkje det heilt naturlig? Nei?
Har tanter eigerskap til små nurk? Nei?
Kan tanter ta med seg små nurk heim? Nei?
Det er kanskje det som er så perfekt med å vera tante...
At ein kan komma og snusa og vera totalt fjollete og kosa med slikehår, og så når det kjem slike høge skrik så kan ein levera frå seg snuskelusken til foreldra? 

Dei er så fasinerande å sjå på, desse perfekte miniatyr menneska.
Dei bergtar ein totalt.
Så reine. Så nye.
Ligg og blinker med nye auger.
Utan egentlig å sjå.
Åpner og lukker bittesmå nevar, med bittesmå fingrar som har bittebittesmå miniatyr negler.
Dei dufter aldeles fantastisk.
Dei har silkehår.
Dei har hud som er så mjuk at det går mest ikkje an...
Dei lagar lydar som får hjarte ditt til å bevra bitte litt.

Når dei krøller seg saman som ei lita cashewnøtt på bringa di.
Når dei søv så tungt så tungt med dei korte armane rett opp, og likevel når ikkje nevane lengre enn til øyro.
Når dei bittesmå lippene trur at dei får mat og snurper seg i saman.
Når dei får varme på kinnet og trur det er tid for middag.
 
Det er eit mirakel.
Det er ein rikdom.
Det er totalt fantastisk.
Ubetinga kjærleik!





Teppet er laga av Mella og Malla
 

søndag 2. juni 2013

Wow!

Så enkelt, så vakkert, så til dei grader å få klump i halsen av... (heime hjå Karianne)



Eg veit seriøst ikkje kvar eg skal begynna...
Men eg har altså vore på Bloggtreff i helga, på Haugalandet, hjå Karianne.

I lag med Maia har ho sidan januar i år planlagt dette bloggtreffet for 48 andre bloggerar.
Laurdag 1. juni var dagen då det braka laus, då alle forberedelsane enda opp i eit heidundrande treff.
Så mykje energi var det samla i Viksemarka at me utløyste ein nordavind av ei annan verd.

Og for eit syn som møtte oss i Viksemarka...
Naturen!
Beliggenheten!
Huset!
Bassenget!
Pynten!
Borda, ballongane, blomane, gåvene, champagnen...






Vidunderlige Heidi orienterer seg



Martha er klar!

 

Med god hjelp i frå Anett og Lotta hadde Karianne og Maia dekka nydelige bord, pakka 50 (!) goodiebager, rydda, stæsja, organisert, koordinert, bert, sjaua - ja - eg veit ikkje kva dei ikkje har gjort før me kom. For alt var gjennomtenkt, på plass og me berre tok i mot, tok i mot og tok i mot...



Fine Netta sjenker champagne, rosa bobler såklart!









Vakker som ei hulder tar Karianne ordet og ønsker oss velkommen med ein herlig, humoristisk tale.
For ei dama! Ho har ein heilt magisk personlighet, ho har den evnen, som ikkje så mange har, til å få dei rundt seg til å føla seg heilt spesielle og ekstra levande.



Karianne ønsker velkommen



Og så gjekk det slag i slag med fantastisk mat frå Widvey's Catering, det var berre enormt godt!

Sponsorane hadde foredrag, og Kristine Vikse var førstekvinne ut.
For ei absolutt heilskjønn dama!
Knakande kjekt å høyra om korleis ho har kome dit ho er i dag, ho hadde med seg den nyaste kolleksjonen. Dei nye fotoprint sjala er berre heilt nydelige med motiv i frå norsk natur, blandt anna Kvitsøy.



Kristine Vikse


Litt av den nye kolleksjonen til Kristine Vikse

Eg elsker dei nye fotoprint sjala til Kristine Vikse, og eg elsker yndige Kjersti som held sjalet!


Så var det nette, fine Hedda frå Crush Concept sin tur.
Eg elsker tanken bak Crush Concept, med skikkelig ting, skattar som du kjøper fordi du verkelig og inderlig ønsker deg dei, og som du aller-aller helst har livet ut og gjerne gir vidare til neste generasjon. Også etikken til Crush Concept varmer, fokus på bærekraftig handel er noko me alle støtter! Hedda var herlig engasjert i dette, og det smittar.



Hedda - Crush Concept


Så vart det romantikk i lufta når Cathrine kom for å fortelja om Bryllupsbyrået og arrangementene ho tryller fram der. Eg trur kanskje at ho har verdas kjekkste jobb? Det er ikkje berre bryllup, men jenteturer, dåper, konfirmasjoner, inspirasjonsturer... Også ho gløder av engasjement og satte nok griller i hovudet på 50 bloggerar, blandt anna arrangerer ho ein tur til Italia til hausten som mange fablar om no.



Cathrine (foto lånt av Maia)


Innimellom foredraga snusa me rundt i den fantastiske heimen til Karianne.
Eg drøymer enno om den. Alt var berre aldeles gjennomført, perfekt balansert, personlig, lekent, lekkert. Det var "Wow!" faktor i alle romma. Eg elsker det! Men sidan dette innlegget verkelig ser ut til å verta meir enn langt nok deler eg mine utvalgte glimt til seinare. Burda knipsa mykje meir, men med så store auger så hadde eg nok med å ta inn alle inntrykka... Du finn sjølvsagt mykje her på Karianne sin blogg, MittSitt.

Til slutt kom ein spesiell spesial, nemelig ekteparet Eva Mariann og Trond Amundsen frå Amundsen Spesial. Dei var heilt herlige! Jada, eg veit at adjektiva mine går i skjønne, herlige, nydelige, yndige osv osv i dette innlegget. Men det er heilt sant! Trond og Eva Mariann kom rett i frå eit anna oppdrag, men dei var så fraishe og fine, oppmerksomme og engasjerte. Trond fortalde om historien til Amundsen Spesial, han er tredje generasjon (om eg ikkje huskar feil) og han ønsker å vidareføre verdiane til sine forgjengerar. Ein av idèane til Amundsen Spesial er at så mange som mulig av sansane skal pirrast; syn, smak, duft... Dette fekk me absolutt med oss då me besøkte butikken i Haugesund, så fin å sjå på frå utsida, så lekkert presentert på innsida, den deilig dufta som møtte oss då me kom inn, designet på varene... Ja, og så dei spesielle Amundsen Spesial'ane då. Heldigvis for alle oss som ikkje held til i Haugesund så åpnar dei nettbutikk i desse dagar, det kan me lika!!



Eva Mariann og Trond frå Amundsen Spesial

Frå Amundsen Spesial sin stand på Bloggtreffet


Frå Amundsen Spesial sin stand på Bloggtreffet








Men no set eg strek for i dag.
Dette innlegget er allereie for langt, men det er vanskelig å begrensa seg når ein er så full av inntrykk og vert så engasjert av desse gründerane som er lidenskapelig opptatt av det dei har skapt og driv med.

Eit foreløpig rungande TUSEN TAKK til alle som var med i går, det var ein kveld eg kjem til å minnast.

Det kjem sjølvsagt fleire innlegg frå dette treffet :)