lørdag 31. august 2013

Gnistrande grønt!




På kjøkkenet vårt har me ei gardin av gnistrande grønne planter, eg elsker den gardina!
Ja, der står visst nokre kokebøker også. Dei vert ikkje brukt så ofte, eg likar ikkje å laga mat.
Hadde helst sett at den vart levert på døra, eller som på Galtvort at den berre kom på bordet på magisk vis når me har satt oss ved spisebordet. For å spisa mat, DET liker eg...




Likar du å laga mat?

Har du tips til ein blogg med lette oppskrifter som ikkje krever at ein må springa rundt for å finna mystiske ingredienser? Eller har du sjølv tips til gode oppskrifter som ikkje krever den store kokkekunskapen, og som aller helst ikkje tar så lang tid? Det er middagstips eg søker. Lim gjerne inn lenke til egen blogg dersom du har innlegg med kjekke middagstips :-)

Pretty please, with sugar on top!



torsdag 29. august 2013

Eli vil ha New Dehli




Eg sat lykkelig og uvitande og surfa litt på den store verdsveven, eller internettet om du vil.
Og plutselig, plutselig så ville Eli ha New Dehli!
Det er sjølvsagt slikt som kan skje når ein utset auge-epla for herligheter.
Eli hadde snubla over Kremmerhuset bloggen, og der stod den... New Dehli benken...!






Enkel og fin, rein og rolig, fristande fristande fristande...!
Perfekt med nokre spreke puter til.
 
Og eg som nettopp har kjøpt benk til gangen.
Har ingen stad å plassera Eli sin New Dehli.
Så mest sannsynlig vert det ingen øyeblikk på New Dehli for Eli.

Dersom du likar den, så kan du springa i rasande fart til næraste Kremmerhuset butikk, eventuelt så kan du faktisk bestilla den på Kremmerhuset sin nettbutikk... Tenk det...! Klikk, klikk så er den din ;-)

(dette er IKKJE eit sponsa innlegg, berre eit inspirert eit...)


tirsdag 27. august 2013

VM i idiotkøyring!




Eg undrast over kvifor ein har valgt å arrangera VM i idiotkøyring på motorvegen her i Stavanger.
I tillegg så undrast eg over kvifor ein har dette arrangementet kvar dag...
For det første så er det jo ein særs ueigna stad å putla på med slik galskap.
For det andre så vert det særs upraktisk for oss andre sjåførar å forholda oss til.

I dag for eksempel, når eg køyrde heim frå jobb, så var det to av deltakerane i VM i idiotkøyring som tok sats i fartsaukefeltet og kappast om å vera førstemann forbi høgrefeltet og over i fartsfeltet. Begge to kom seg til fartsfeltet da, men berre den eine kom først. Ein annan deltakar, som låg i høgre feltet, trudde at eg var ekstremt intuitiv. Han hadde tenkt seg over i fartsfeltet, der eg låg,  og rekna med at eg visste dette. Difor var det heilt unødvendig av han å signalisera med blinklys, sjekka at eg hadde oppfatta situasjonen, eller om det var praktisk mulig for han å svinga veldig kjapt til venstre og legga seg foran meg. Heldigvis så har eg instinkt, eg har ein hjerne som sendte eit signal via ymse nervebaner og ned i min venstre fot slik at eg kunne bremsa farten og hindra at bilane våre vart klistra i saman. Det er så upraktisk i slik høg fart, i tillegg så vert det veldig dyrt og ikkje minst lang kø for dei andre bilistane som vil heim til middag når me sprer bilane utover i begge felta på motorvegen.

Ein annan interessant ting på motorvegen er eigerskapen sjåførane har til feltet dei ligg i. Eg har alltid trudd at dette skiltet betyr fletting:







Men no tok jo eg sertifikatet på Stord, og det har antageligvis ei anna betydning her i Stavanger. Eg trur kanskje at her i Stavanger så betyr det skiltet at du må komma deg inn på motorvegen så fort som f*en, ikkje bruk fartsaukefeltet, køyrer du til enden av fartsaukefeltet så er du fu*ked, då får du ikkje komma innpå motorvegen og rykker tilbake til start utan å få utbetalt 1 million...

Avstand til bilen foran er også noko som gjer køyringa ekstra spennande, av og til så tenker eg at kanskje bilen bak ikkje har egen GPS og treng å bruka min og at det er difor dei kjem så nær. Eller også er det det at dei likar meg ekstra ekstra godt og berre vil vera så nær meg som overhodet mulig - det er nok den mest sannsynlige forklaringa sidan vår GPS er relativt liten og plassert nede i venstre hjørne av frontruta. Ja, forutan at eg er usedvanlig likandes då, såklart...

Medan eg er inne på dette med køyring i Stavanger så kan eg jo bevega meg ut av motorveien og inn i ei rundkøyring. I Stavanger er det om å gjera å ha høg fart inn i rundkøyringa slik at du vert førstemann, då har dei andre sjåførane vikeplikt for deg. Alle blinkar seg inn i rundkøyringa, og så fortset dei å signalisera at dei skal til venstre-venstre-venstre-veeenstreeee medan dei køyrer ut av rundkøyringa til høgre. Dette forstår eg berre ikkje, og har egentlig ikkje noko anna forklaring enn at dei er nokre herlige tøysekoppar som likar å finta ut sine medtraffikantar med å signalisera som om dei skal køyra rundt og rundt og rundt og rundt inn i evigheten for så plutselig å skyta ut av rundkøyringa medan du står der som ein idiot.

Som eit forebyggande tiltak har eg begynt å ha yoga musikk i bilen no, slik at eg skal halda pulsen på eit normalt nivå, eg er så lite sjarmerande når langfingrane skiller lag med resten av fingrane, og r'ane mine rullar rundt i ord som i Donald vert oversatt til støvskyer, lyn og hodeskallar. Nei, det er ikkje berre blåbær å køyra rundt her i oljebyen... (difor biletet av blåbær ja...).

For døme på yogamusikk, trykk her og ja, du må høyra heilt songen. Kos deg!






søndag 25. august 2013

Oh shit!



Sidan eg er så heldig at eg vart invitert på forening/klubb til ein bukett usedvanlig flotte damer på sommarøya Stord fredagkveld, spant eg avgårde rett etter jobb. Mamma og pappa var på naustet, og sidan eg sov i huset deira så ordna mamma det slik at eg var invitert til frukost hjå min kjære bror og svigerinne laurdag morgon. Ho kunne jo ikkje risikere at eg falt omkull foran brødboksen i Åsringen, Gud forby, eg er jo berre 39 år, det kunne gått aldeles gale...! (Ja, eg har verdas skjønnaste mamma, utan tvil, garantert, bombesikkert, for sure, absolutt & di). 

Hjå min kjære bror og svigerinne bur også mi vesle niese, Vilde. Ho er snart tre månader og søt som sukker, så dåke veit, eg gleda meg veldig til dette.

Det var veldig kjekt i forening, og det vart seint. Når eg kom heim så måtte eg ta ein bloggrunde, det vart enno seinare, men til slutt fekk eg slept meg i seng. Eg vakna halv åtte. Normalt våkner min ekstremt rutineprega kropp kl. 05:30 for litt morgensildring. Meget fornøyd med at eg hadde hoppa over morgonsildringa, på det vanlige og ekstremt irriterande tidspunktet, la eg meg til å sova att, sånn ca. ein time til vart eg og kroppen min enige om. 

Yeah right. 

Eg vakna igjen. Strekte meg fornøyd. Såg at sola skinte. Trykte på mobilen for å sjekka klokka. 
10:37...!
WTF?????
10:37????
Jepp, 10:37...
Og min kjære bror hadde sendt melding kl. 9.
Eg var hjertelig velkommen til frukost kl. 09:30.
Kl. 09:40 hadde han ringt.
Kl. 10:05 sendte han bilde av ferdig dekka frukostbord (med skrikande tarmar kan eg tenka meg, for det var lekkert!!!).
Og når var det gjesten vakna?
Kl. 10:37.
Skam!
Skam! Skam! Skam!
Det var med veldig flaue fingrar eg trykte på knappen for ubesvarte anrop.
Det var med skamfull røyst at eg beklaga min uhøflighet.
Det var med lynets hastighet at eg jamrande hoppa utav senga og inn i dusjen.
Det var med skrikande dekk at eg køyrde til frukost... nei... lunsj...!
Det var med skamroser i kinna at eg ringte på døra.

Ikkje mitt stoltaste øyeblikk...
Skam!

#denfølelsen





lørdag 24. august 2013

Ro

Ja, så sit eg her da. På naustet. På brygga. I sola... Det er varmt, godt, fredelig og deilig. Vatnet klukkar under brygga, båtane tøffer forbi. Pappa les avisa. Eg og mamma småpratar. 

Heilt greit. Eg har det heilt greit! 



fredag 23. august 2013

Egentid

Fredag. 
Ferdig på jobb.
Sol (!)
I bilen.
Aleine. Altså har eg på MIN musikk, så høgt som EG vil. Har tatt favorittsangen på repeat på spelelista (4 ggr på rad med "kagjørdunodåeh" med Fjorden) berre fordi eg kan...
Skal på venninnekveld i kveld. To timers biltur inkludert ferjetur. Så her sit eg då, med iskald brus, Ineriørmagasinet på fanget, tortillachips og Walters mandler i setet vedsidan av. Konge!

#denfølelsen




torsdag 22. august 2013

Venn


I går var eg på ONS Norway med jobben min. Mykje folk. Ingen umiddelbart kjente utanom dei eg kom med. Mange inntrykk, om å gjera å vera "på", føler meg litt fortapt. Då såg eg ho... Tutto! Barndomsvenninna! Som ein oase, blond og fager, mild og fin, trygg og kjent, stod ho der midt i blant alle desse andre. Og eg måtte berre stå og sjå litt før eg brøyta meg vei. Ho lyser opp og åpnar armane i ein god klem. Og dei finaste ord kjem ut og når øyrene mine, sprer seg i kroppen, får munnen til å smila før dei krøller seg saman rundt hjerterota. Tutto. Ho skulle jo ikkje vera her. Ho bur ikkje i Stavanger. Det var berre så rett at ho var akkurat der, akkurat då. Venn!



Foto © Eli Nernes

onsdag 21. august 2013

Blanke ark og første øyeblikk




Første blogginnlegg på ei stund, og det vert med blanke ark...

Nytt namn.

Ny header.

Nytt fokus.

Fortsatt Eli.

Frøken Fryd har skifta namn til Øyeblikk, og det er fordi eg, Eli, ønsker å legga fokus på dei rike stundene i kvardagen. Det er så mange av dei, men det er ikkje alltid eg ser dei - og det er søren meg alt for gale!

Eg kjem nok til å fortsetta i "Frøken Fryd stil", men hovedfokus er på øyeblikk i kvardagen. Om du har øyeblikk som du vil dela med meg og dei som er innom kommentarfeltet her på Øyeblikk, ja då vert eg oppriktig glad! Eg trur at du fortsatt skal kunne finna meg om du har lagt meg inn i bloggrollen din - om du vil bytta namnet frå Frøken Fryd til Øyeblikk er det topp - om du fortsatt vil følgja meg vert eg lukkeleg!

Og her kjem første øyeblikk;

1. Naustet
Eg har fått to bonusferiedagar av sjefen og er på naustet hjå foreldra mine. Mamma og pappa har laga frukost til meg. Det er mektig vær ute!  På radioen høyrer me "Svante's lykkelige dag" (om litt er kaffen klar) og eg får klump i halsen for den songen er berre heilt spesiell altså... Eg veit ikkje kvifor, den berre er det! Me har god tid og looong frukost. Eg spis "dessert-skjeva" med nydelig Brie og plommesyltetøy på, kun fordi eg har lyst. Eg kjenner lykke og ro bre seg frå isse til fotsåle. Balsam! Balsam for sjelen.