søndag 6. oktober 2013

Øyeblikk




Du veit når sola skin, når du har kjøpt jordbær, sit ute og ser "det perfekte bæret" i korga.
Du plukker det opp, andektig.
Held det i stilken, vender det sakte rundt og beundrar det medan smakslaukane dine forbereder seg.
Kanskje snusar du inn den friske dufta.
Så later du att augo, åpnar munnen og tar eit bet...
Tennene lagar perfekte spor, safta breier seg i munnen og ein er nødt for å komma med eit lite {mmmh!}
Neste gong du ser det perfekte jordbær så veit kropp og sansar kva dei har i vente, det kan vera nok berre å tenka på eit jordbær for å få samme lykkefølelsen.

Slik burde me gjera med dei gode øyeblikka våre.
Studera dei.
Memorera dei.
Smaka på dei.
Nyta dei.
Kjenna på dei.
Huska dei.
Ta dei fram att...

Dette har eg blitt ekstra var for denne helga.

Ei glødande sterk, klok og viljesterk dame har imponert meg.
Ho sa: "det handlar om å leva!"
Audmjuk, engasjert og imponert sit eg att med inntrykk, avtrykt i hjertet.
Me har så mykje å læra, sjølv om det heile egentlig er så enkelt.
Det er no! Lev! Elsk! Kjenn! Nyt! Føl!
Øyeblikk... ta det!!


4 kommentarer:

  1. Ja! Det er nett sånn eg ynskjer å leve! og sånn eg nett no prøver å leve...berre ta inn augeblinka, berre vere i "nuet", saman med dei eg set høgast, heime, på jobb, åleine....(for eg må faktisk ha fokus på det, det kjem ikkje av seg sjølv i desse travle tider;)
    eg likar orda dine! dei gjer godt!:)
    takk!
    klem nina

    SvarSlett
  2. Så fint du skriver Eli og eg må mange ganger ta meg i kor viktig dei små øyeblikka er,ein blir så opptatt heile tida men det å bare kjenne på nuet,det som er her og nå...
    Eg kjenner ofte på at eg blir så lei av jaget etter ting og tang,det skal være så perfekt alt.
    Det eg synest er herlige øyeblikk er når eg og Milla går tur,ho legger merke til alt❤️
    Ny fin veke til deg Eli
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Du skriver fantastisk! Nøt hvert sekund av teksten din, og det du sier er så sant! Dette er noe vi virkelig må huske på i hverdagen!

    God klem til deg skjønne!

    SvarSlett
  4. ååå kor fint du skriv Eli :) sanne og kloke ord.
    Klem
    Henriette

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!