tirsdag 1. april 2014

Vår

Deilige, sprudlande, håpefulle vår.



Me har fire flotte årstider her i landet, eg liker to av dei betre enn dei andre, og ein av dei best av alle. Det er våren! Våren er gul og rosa. Våren er fargar og spirer. Våren er smil og latter og frekner på nasa, småsko og hinkehopping, paradis og hagelyder. Eg elsker våren! Eg elsker puter også... Når eg var innom Keiserens Nye (nettbutikk) så såg eg biletet over her, og det er så fullt med vår at det kribla i magen. Keiserane har lånt det av Bungalow/Eckmann studio og eg har skamlaust lånt det vidare.

Bloggen fekk seg eit lite opphold i haust/vinter. Det berre vart slik. Eg hadde ikkje meir å melda. Men så hender det seg at ein vert irritert, eller inspirert, og då er det nydelig å ha ein kanal ut. Når eg såg desse putene så berre måtte eg skriva eit bittelite innlegg om våren. 

Ute er ungane i full leik. Syklane er tatt ut. Altandøra er åpen, gardinene flagrar, det er kaldt og det stinker bæsj i frå bøndene som krydrer jorda si. Eg elsker det også. I går grilla me pølser til middag. Ute. På terrassen. I kulegrillen. I helga som var feira eg min førtiårsdag for tredje gong (!!!), denne gongen med storfamilien og me var på naustet. 


Slik er utsikta på naustet. 

Me hadde VM i dårlig humor og lo ein heil kveld av eit tema som eg berre ikkje kan gjenta, me melka det tomt kan du sei, og det var vel helst slik "you had to be there" type humor... Uansett, eg lo så mykje at no har eg fått sixpack og blitt trettifem igjen. Sweet! Været var betre enn eg kunne bestilt, seriøst, og me var ute og kosa oss i sola. Grilling av pølser og marsmellows, kake og muffinsspising, til og med ein liten tur kava med oss til. Etterpå vart det meir kaving, i form av Cava, type sprudlevatn. Eg viste at eg overhodet ikkje kan å åpna slike sprudlevatnflasker, det var verken elegant eller avslappa, og korken måtte eg fysisk hiva for å få fart i den. Me lo av det også, sånn for sikkerhets skuld.

Eg pynta langbordet med papptallerker og ei gammal båtluke, ikkje mykje glam... Men eg var sjølv særs nøgd med egen innsats. Maten var kortreist og bestilt på Marinaden på Bremnes. Tapas. God Damn det var så godt... Det var like før me vart heilt stille og gløymde ut å ha dårlig humor. Men berre nesten sjølvsagt, me er tross alt proffe på dårlig humor. 



Jaja, men då fekk eg vridd utav meg litt om vår, om førtisfeiring og bæsjelukt. Det seier eg meg nøgd med. Håper sola skin like fint på deg som på meg, det føles nemelig så godt!

Tuddeluuu!